Denne veka reiser over 170 NIH-studentar til Beitostølen.
Gjennom ei heil veke får dei ansvar for ein person med syns- eller bevegelseshemming, og skal guide dei gjennom både langrennsløyper, slalåmbakke og kvardagsliv.
Viktige eigenskapar for ein leiar
– Når du skal vere ledsagar for eit menneske du ikkje kjenner, da handlar det ikkje berre om å få tillit. Du må gje tillit og det går begge vegar, både for den som sit i rullestol og for studentane.

Martin Sletten er øvste sjef for det som skjer på Beitostølen under Ridderuka. Han kom frå jobb som leiarutviklar og jobba med å tilsette folk i leiarstillingar i næringslivet.
Nå ser han at Ridderuka er ein perfekt arena for å utdanne framtidas leiarar.
– Vi startar med å sjå kvarandre, og da bryt du ned fordommar og barrierer. Det handlar om kommunikasjon, og om å tørre å gje frå seg noko. Å vere bevisst på eigne styrkar og andre sine styrker. Det handlar rett og slett om ganske mange eigenskapar som eg ser på som viktige for leiarar, fortel Sletten i NIH-poddens episode om Ridderuka.
Sletten, som sjølv har leiarutdanning frå BI, meiner det er dette ein prøvar å få til i næringslivet.
På Beitostølen har han dei siste åra observert at det er noko som NIH, Ridderrennet, Forsvaret og alle andre aktørar som er med skapar saman.
Stor glede av å gje andre meistring
Ridderuka er ei veke med tettpakka program.
Langrenn, skiskyting, slalåm, snowboard, hundeslede, trugetur eller orientering. Sjølve Ridderrennet er høgdepunktet for mange av dei rundt 300 deltakarane som kjem til Beitostølen kvart år.
Svein Brynhildsvoll er ergoterapeut ved Beitostølen helsesportsenter og har eit årsstudium i friluftsliv frå NIH.
I fleire år har han vore arenaleiar i slalåmbakken og ser kor mykje studentane veks på oppgåvene gjennom veka.

– Det eine er det faglege og alt som inneber det å vere ledsagar. Kommunikasjon er teknisk krevjande når du for eksempel skal rettleie ein blind person ned ein bratt slalåmbakke, seier Brynhildsvoll som har vore tilretteleggar for dei to sesongane med Team Pølsa i NRK TV.
– Og så har du den medmenneskelege dimensjonen. Det å få den lærdomen at det ikkje er gitt at alle har dei same moglegheitene til å vere i aktivitet, og sjå kva det betyr for deltakarane. Eg trur dei sit igjen med stor glede av å gje den meistringa vidare på Beitostølen.
Spesielt viktig lærdom for generasjon Z
På NIH har veka på Ridderuka blitt eit eige obligatorisk emne for dei fleste fyrsteårsstudentane.
Sletten trur det kan ha stor betydning for samfunnet studentane skal ut i.
– Den er nok større enn me tillèt å skryte av sjølv. Her på Beitostølen har generasjonar på generasjonar av studentar blitt eksponert for ein blind person eller ein i rullestol. Dei har samarbeida og blitt vener. Det trur eg får studentane til å tenkje på det å vere annleis på ein annan måte når dei kjem ut i arbeidslivet og i lokalsamfunna sine.
Kanskje er det spesielt viktig for generasjon Z som er vaksen opp med skjerm.
– Her blir dei tvungne til å løfte blikket opp frå skjermen. Det er noko med å sjå menneske som står framfor seg, og sjå mennesket som dei er. Eg trur denne erfaringa av ei mjuk makt som studentane verkeleg får kjent på som ledsagar, vil vere enormt viktig for dei seinare. Både i private relasjonar og i leiarskap.

Ein feil som ofte går igjen
Brynhildsvoll har spesielt eitt viktig råd til alle som jobbar med grupper der enkeltpersonar har funksjonsvariasjonar.
– Det er eitt ord som går igjen veldig ofte, og det er "bjørneteneste". Det er så fort gjort at ein har lyst til å hjelpe, og så hjelper ein altfor mykje. Ein gjer oppgåver for dei og tek seg ikkje tida til å la dei prøve, fordi ein kanskje synest det går litt saktare enn dei ein er vant til sjølv.
Han ser at tidsklemma i skulen og i fritidsaktivitetar gjer at me vel å gjere jobben for dei. Mange av ungdomane han møter på Beitostølen Helsesportsenter er vant til at vaksenpersonar gjer jobben for dei.
– Det er ei skummel felle. Det gjer noko med identiteten deira viss dei ikkje får prøve sjølv.
Høyr NIH-podden: Ridderuka: Noregs mest undervurderte leiarutdanning – og det faglege bak Team Pølsa
Nytt nettstudie fra høst 2026
Inkluderende kroppsøving - mestring og deltakelse for elever med funksjonshindringer