Går frå å vere skeptiske til å bli det beste minnet frå NIH – Det er så utruleg givande

Kvart år er rundt 150 fyrsteårsstudentar frå NIH ledsagarar under Ridderuka. I etterkant seier mange at veka på Beitostølen er det beste og viktigaste minnet frå studietida. 

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Blind mann saman med ledsagar og student framfor målseglet til Ridderrennet etter målgang

Oskar Ohlsson er Sport Management-student og har verkeleg blitt inspirert til å jobbe meir med fysisk aktivitet og personar med funksjonsvariasjonar etter å ha opplevd Ridderuka på Beitostølen for fyrste gong. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. 

– Det var veldig skummelt i starten. Plutseleg forstod at eg hadde måtte vere ansvarleg for ein blind person og alt som kjem til skaderisiko og det som skjer i løypa. Men alt frå fyrste dag tok Rainer meg i mot med opne armar.

Oskar Ohlsson gir blinde Rainer Henriksen dei siste instruksjonane før start på skiskytterrennet under Ridderuka. 

Startar på skiskyttarrenn
Studentane går med mikrofon under renn for å gje tydelege og gode instruksjonar til deltakarane undervegs i konkurransen.

Verdas største vintersportsveke

Sport Management-studenten er sjølv satsande skiskyttar, men å følgje og guide ein som ikkje ser noko i det heile tatt på ski, hadde han null erfaring med før han kom til Beitostølen. 

Men Rainer har delteke på Ridderrennet sidan 2010 og lærer villig bort. På dag tre har dei to fått eit godt samarbeid og løyser både alpinbakke og dei bratte verdscupløypene på Beitostølen utan problem.

– Det er utruleg inspirerande å vere til stades her og sjå at dei klarer så mykje meir enn  du trur. Uansett kva som hemmar dei, om det er medfødd, ein skade eller synshemming, så er det 100 prosent glede og lyst til å gjere seg sjølv og andre gode.

– Det er så utruleg givande, seier Ohlsson. 

Ledsager med ung mann på kjelke
NIH-student Theodor Haaland Gustavsen jobbar til vanleg med personar med funksjonsvariasjonar og visste litt meir av kva han gjekk til enn medstudentane. Han synest det er fantastisk å vere med på å tilrettelegge for at dei kan ha aktivitetar dei meistrar. 

 

Ridderuka er verdas største årlege vintersportsveke for syns- og bevegelseshemma. I år var 240 deltakarar i alle aldrar på plass og fekk prøve seg på alpint, skiskyting, hundekøyring og langrenn i det avsluttande Ridderrennet. 

Dei 158 fyrsteårsstudentane frå NIH bidreg som ledsagarar både under konkurranse, trening og på fritida i fjellbygda.

Jente som ler når ho filmar ei anna jente
Ingrid Tungen og Marte Nesby meiner Ridderuka er det beste minnet dei har frå NIH. Nå er dei andreårsstudentar og har praksis under Ridderuka og jobbar med innholdsproduksjon. 

Vil jobbe meir med feltet

Studentane kjem frå studieprogramma Trenarrollen og idrettspsykologi, Trening, helse og prestasjon, Friluftsliv og Sport Management. 

I tillegg har tre andreårsstudentar på Sport Management praksis under Ridderuka, og får ta turen opp for andre år på rad.

– Ofte når vi snakkar om kva folk hugsar best frå NIH, er det Ridderuka mange drar opp. Du reiser opp med spenning og så innser du at det berre er gøy og at du møter så mykje fine menneske, seier Ingrid Tungen, som jobbar med sosiale medium for Ridderrennet i år. 

På skistadion treff me også Mie Baklund som fylgjer blinde Nina ut av stadion etter fullført skiskyttarrenn. 

Ho har blitt inspirert til å jobbe meir med fysisk aktivitet for personar med funksjonsnedsettingar. 

– Dette er noko eg kjem til å hugse for resten av livet. Du lærer så mykje om å legge til rette i forskjellige idrettar og korleis ein best tar omsyn, seier Baklund. 

Jente og dame etter skirenn
Mie Baklund og Beate Omstedhar funne tonen og var godt fornøgd med gjennomføringa av skiskyttarrennet. 

Har lært mest om seg sjølv

I alpinbakken ein drøy kilometer frå skistadion fortel friluftslivsstudent Marius Mint at han har lært aller mest om seg sjølv. 

– Det har vore ei positiv overrasking på alle punkt. Eg hadde aldri vore på Ridderrennet før og visste ikkje kva eg skulle forvente. Eg har lært mykje om korleis eg fungerer i ein situasjon som ledsager, det å samarbeide og få til den gode kommunikasjonen som er nødvendig for å kome seg ned bakken, seier han før han og deltakar Anneline Gretland gjer seg klar for ein ny tur opp heisen.

I alpinbakken med blind deltakar
Det er mange ting å tenkje på når ein skal fylgje ein blind skiløpar ned ein bratt alpinløype. 

Men det kan absolutt vere utfordrande å vere ledsager ei heil veke for ein heilt ny person som har utfordringar det er vanskeleg å kjenne seg igjen i.

– Vi er jo mykje saman, og berre det å fungere saman på fritida kan vere utfordrande, seier friluftslivsstudenten.

Han trur ikkje han kjem til å jobbe innanfor feltet, men er sikker på at han kjem til å få nytte av erfaringa frå veka på Beitostølen.

– Livsmessig er dette ein veldig verdifull erfaring. Ein møter jo alltid på folk i litt meir vanskelege situasjonar enn dei fleste, og da er det fint å ha denne erfaringa her. 

Syver med student ledsager i alpinbakken
Victor var ledsagar for Syver frå Team Pølsa: – Og få skape idrettsglede for ein som Syver, eller alle andre som sliter med synshemming eller funksjonsnedsettingar er veldig stort. Du kjenner at det vi gjer er viktig, seier Victor Nordve, Sport Management-student. 

Studentane utviklar seg gjennom veka

Karoline Steinbekken har vore prosjektleiar på Ridderuka i ti år. Ho kjenner godt igjen opplevingane årets studentar fortel om.

Mange er skeptiske og usikre før dei sett seg på bussen til Valdres, og kjenner på det store ansvaret som ledsager.

– Kvart år ser eg studentane vakse gjennom veka. Dei fleste har aldri tidlegare hatt ansvar for eit menneske med funksjonsvariasjon. Allereie i det fyrste møte med utøvaren skjer det noko. Fokuset deira blir flytta frå eigne prestasjonar og usikkerheit, til å vere til stades og ta ansvar. Det skjer ein overgang frå å vere student til å bli eit medmenneske, og det skjer overraskande fort, fortel Steinbekken. 

Karoline smiler og snakkar med to kollegaer på Beitostølen.
Studentane utviklar seg og tar store steg både som ledsagarar og medmenneske i løpet av veka på Beitostølen, meiner prosjektleiar Karoline Steinbekken. 

Etter ei lang veke med koordinering på Beitostølen har ho sett seg ned med studentane sine refleksjonsoppgåver som dei leverer inn etter veka. 

Dei rører ho enormt. 

– Dette er læring som ikkje lar seg lese i bøkar. Det handlar om empati i praksis, om ekte inkludering, om det å forstå at bevegelse og aktivitet er noko djupt menneskeleg - og at me alle treng å bli sett, utfordra og løfta, på ulike måtar. 

Ridderuka har stor betydning for heile NIH, meiner prorektor Elin Kolle. 

–  Å vere ledsagar handlar om å skape tryggleik, bygge relasjonar og bidra til meistring og idrettsglede. Dette gir studentane verdifull og praksisnær læring, meiner Kolle. 

Les meir om Ridderuka

 

Emneord: Student, Jobbmuligheter
Publisert 10. apr. 2025 12:57 - Sist endra 29. apr. 2025 10:06