Prestere på ditt beste når det gjeld som mest? Dette kan du lære av OL-stjernene

Dei mentale teknikkane som får ein skiskyttar til å prestere på standplass, kan også hjelpe deg når du skal levere før ein viktig frist. Anders Meland har jobba med dei beste utøvarane på Olympiatoppen og gir deg sine beste tips. 

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Jublande skiskyttar i mål framfor publikum

Skiskyttar Johan Olav Botn presterte verkeleg når det galdt som mest. Han tok OL-gull i sin aller fyrste OL-start på normaldistansen i Anterselva. Foto: Jiang Han/NTB

Du har truleg ikkje like stort press på deg som Johan Olav Botn eller Heidi Weng på starstreken i OL i Italia, når du skal halde ein krevjande presentasjon eller levere før ein frist på jobb. 

Men også for den vanlege arbeidstakar handlar det ofte om å prestere på sitt beste når det gjeld som mest. 

Evna til å halde fokus

– For å kunne prestere fryktlaus, må du venne deg til å vere saman med frykta, seier prestasjonsforskar Anders Meland. 

Han har jobba lenge med mental trening.

50-åringen har jobba med topputøvarar ved Olympiatoppen, forska på jagerflypilotar og mindfullnes-trening og er nå mental trenar i Oljefondet og for Rosenborg. 

Han meiner at metodane frå toppidretten også er høgst relevante for vanlege folk i arbeidslivet.

OL 2026: sett fra forskere ved NIH

Under de olympiske vinterlekene i Milano–Cortina 2026 publiserer forskere ved Norges idrettshøgskole forskningsbaserte analyser og faglige kommentarer om prestasjon, toppidrett og konkurransegjennomføring. Innholdet publiseres på nih.no og i NIH sine sosiale medier.

Eit av dei viktigaste kjenneteikna på dei som presterer best, er evna til å halde fokus på dei faktorane dei faktisk har kontroll over. 

Meland brukar skihopparar som eksempel:

– Dei kan ikkje kontrollere lengda på hoppet direkte, da spelar vind og utstyr inn, og mange tilfeldigheitar som er utanfor kontrollen deira. Da handlar det om å analysere kva kunne eg ha gjort betre? For du kan jo ikkje gjere noko betre som du ikkje har kontroll på, forklarar han.

Portrett Anders Meland
Anders Meland gav på nyåret ut boka "Fryktløs" om metodar for mental trening for å prestere optimalt. 

Dei beste eksponerer seg

Meland er klar på kva som kjenneteiknar dei som presterer best både i OL og i arbeidslivet. 

Eksponering. 

– Dei eksponerer seg og prøvar å bli litt betre heile tida. Uansett kva slags ferdigheiter eller parameter dei ynskjer å forbetre så må dei heile utsette seg for litt høgare belastning enn det nåverande nivået. 

Og akkurat dette kan du overføre direkte til arbeidsdagen din. 

I staden for å bruke energi på frykt for resultatet eller korleis ein blir oppfatta utanfrå, bør ein gi seg sjølv tydelege instruksjonar. 

– Korleis skal eg komme godt i gang? Kva for setning skal eg begynne med? Når presset verkeleg kjem, handlar det om å hente seg inn igjen. Alle vil miste fokus, men dei beste er gode til å hente seg inn igjen og refokusere, seier Meland i NIH-podden. 

Desse teknikkane skriv om han i boka "Fryktløs - Hvordan prestere optimalt – med indre ro og ytre kraft" som kom ut på nyåret. 

Konsentrasjon er fundamentet

I dagens moderne samfunn er det fullt av distraksjonar rundt oss heile tida. Evna til å konsentrere seg er under press.

Meland meiner at det å ha kontroll på merksemda og klare å konsentrere seg er fundamentet for alt som handlar om å prestere. 

– I idrettspsykologien har vi skjønt at viss vi får kontroll på merksemda og fokuset, er mykje gjort. Viss du ikkje har konsentrasjonen på plass, er det vanskeleg å få til visualisering, sjølvsnakk og spenningsregulering som er andre viktige mentale verktøy for å kunne prestere optimalt. 

Tips til teknikk for å trene på konsentrasjon

Å la hjernen få pausar med å skrolle på mobilen, er ingen god løysing ifølgje eksperten. 

– Måten vi brukar merksemda vår på, er også slik hjernen utviklar seg. Så viss du sit distrahert med mobilen kvar dag, da er det du vil bli god på også. Da blir du ein ganske bortreist og distrahert person, seier Meland. 

Person som scrollar på mobil
Plukkar du opp mobilen når du skal ha pauser i arbeidsdagen? Det gir ikkje hjernen din pausen du faktisk kan trenge for å oppretthalde god konsentrasjon, meiner mental trenar Anders Meland. Foto: Colourbox. 

Ein enkel teknikk for å trene på dette er å kople seg på pusten. 

Sidan kroppen alltid er i "nuet", vil fokus på pusten tvinge deg til å vere til stades her og nå. 

Meland oppmodar til å vere 100 prosent til stades i kvardagslege situasjonar, som når ein ventar på bussen, køyrer bil eller leikar med barna, for å trene opp denne "muskelen".

– Det er jo den mest energieffektive måten å leve på. Så jo fleire situasjonar du er her og nå, så vil du bli litt betre på det. 

"Ein-prosent-regelen" og verdien av kvile

For å bli betre treng ein ikkje alltid gjere store endringar. 

I arbeidet sitt i Oljefondet jobbar dei etter ein filosofi kalla "ein-prosent-regelen", der målet er små, overkommelege forbetringar som over tid gir stor effekt.

Dette kan vere så enkelt som:

  • Betre søvnhygiene: Legge seg fem minutt før.
  • Planlegging: Bruke sjølvinnsikt til å legge dei mest krevjande oppgåvene til den tida på dagen du presterer best.
  • Strategiske pausar: I Oljefondet anbefalte Meland, Nicolai Tangen, korte sovepausar på opptil 20 minutt for å meistre stress og lade batteria i ein hektisk kvardag.

Ein unik norsk modell

Mange trur at målet med mental trening er å fjerne nervøsitet, men Meland meiner strategien heller bør vere å lære seg å leve med han. 

Ved å jobbe systematisk med basisteknikkar som avspenning og målsetting, kan ein utvikle ein tryggleik som gjer at ein ikkje lenger treng å frykte frykten.

Meland meiner at måten ein jobbar med desse teknikkane, er noko av det unike med korleis ein har jobba med mental trening hos norske topputøvarar. 

I dei store nasjonane der dei har mange å ta av, blir utøvarane som alt er gode på dette, satsa på. Medan vi som liten nasjon har større tradisjon for å utvikle desse ferdigheitene hos utøvarane, meiner han. 

– Du skal ikkje fjerne frykta, men du skal få tryggleiken til å blomstre. Det har vi gjort mellom anna med å jobbe med drivarane for god konsentrasjon og spenningsregulering. Det unike er kanskje at vi har gjort det betre enn andre. 

Henrik Kristoffersen i slalåmløypa i WC
I slalåmløypa er det ofte også svært små marginar og stort press om du leiar etter fyrste omgang. Da er det viktig å mentale teknikkar for å handtere presset for Henrik Kristoffersen og dei andre slalåmkøyrarane. Foto: Shutterstock. 

Kor mykje har det mentale å seie?

I OL er det få marginer som skil dei beste. I langrennssporet har mange trent like mykje dei fire siste åra. Kor mykje har det mentale å seie for kven som tek gullmedaljen til slutt? 

– Eg trur det har mykje å seie. Det handlar om eksponering her også. Det er det som er signalet for vekst. Eg trur det handlar mest om dei som klarer å ha fokus på drivarane for prestasjon. 

Høyr meir i NIH-podden om korleis du kan jobbe mentalt for å prestere betre. 

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, OL 2026
Publisert 12. feb. 2026 12:43 - Sist endra 31. aug. 2026 14:30