Anders forska på jagerflypilotar på NIH – nå jobbar han i oljefondet

Anders Meland er mental trenar for finansfolka som skal sørgje for at oljepengane våre veks. Han meiner det å tenkje som ein forskar hjelper han kvar dag.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Mann med mac i henda går i ein gang.

Anders Meland er ein av hovudpersonane du møter i NRK-serien "Oljefondet". Foto: NRK

Kva får Nicolai Tangen, den kjende oljefondsjefen til å tilsette ein idrettspsykolog som sin fyrste tilsetjing?

Da Tangen tok til i oljefondet i 2020 ville han gjere store endringar. Oljefondet blei skildra som ein kraftig silo, som han ville bryte ned og få til meir samarbeid på tvers.

Da kom Melands eigenskapar med doktorgrad i idrettspsykologi og forsking på jagerflypilotar perfekt inn. 

Nå ser du han i NRK-serien "Oljefondet" som mellom anna fylgjer Meland i kvardagen.

Ville få inn ein prestasjonskultur

– Mange tenker jo at mentaltrening og psykologi er noko du gjer når du slit. Men det er eigentleg heilt motsett.

Meland hadde jobba mange år med våre aller beste idrettsutøvarar på Olympiatoppen på det tidspunktet.

Han hadde gjennomført ein doktorgrad der han mellom fann ut at mindfullnes-trening gav mindre stress både for jagerflypilotar, orienteringsløparar og fotballspelarar.

Tangen ved kontorpult

Før han tok til på doktorgraden var han tilsett i forsvaret etter utdanning som jagerflypilot.

Likevel var det delte meiningar om at Tangen satsa på han i Statens pensjonsfond utland, populært kalla oljefondet. Kva slags eigenskapar kunne han ta med seg frå å skrive doktorgrad om idrettsutøvarar og jagerflypilotar?

Meland meiner det er mange likskapstrekk mellom dei beste utøvarane våre som jobbar mot OL-gull, og analytikarane som skal prestere på børsen.

– Målsetninga var å få inn ein prestasjonskultur, slår Meland fast.

Dette var doktorgraden til Meland

107 personar med høgt prestasjonsnivå innanfor forsvaret og idretten har vore med i Melands forskingsprosjekt. Det var mellom anna jagerflygarar, orienteringsløparar og fotballspelarar på elitenivå.

Mange av dei hadde gode erfaringar med mindfulness.

Dei rapporterte at dei styrte merksemda si betre. Dei var betre på å regulere kjensler og opplevde mindre kroppsleg angst i samband med prestasjon.

Effekta er god sjølv for dei som alt er godt kjent med ulike formar for mental trening, ifølgje Meland.

Studia hans kom i gang etter at forsvaret, Olympiatoppen og NIH fann ut alle kunne dra nytte av å forske på moglege effektar av mindfulness.

Forskinga til Meland viste at mindfulness gav  positiv effekt i samband med stress og restituering under og etter stressbelastning. Mindfulness førte til eit mer bevisst forhold til verkelegheita, noko som kan vere tungt for ein som ikkje er trena i andre formar for mental teknikk og stressmeistring.

Må handtere feil og tap heile tida

Alt han hadde opparbeida seg av kunnskap om treningslære og idrettpsykologi kunne kome til nytte.

Organisasjonen skulle få lære om idrettpsykologiske prinsipp, slik at dei kunne utvikle seg både som individ og i team.

– Akkurat som idrettsutøvarar ynskjer dei heile tida å bli betre. Dei blir også utsett for høg konkurranse. Det er jo tusenvis av smarte folk som prøvar å slå marknaden, seier Meland.

Den kanskje største skilnaden er at analytikarane i Oljefondet må handtere enda fleire feil og tap enn ein utøvar.

– Hos sjølv dei aller beste er halvparten av avgjerdene deira faktisk feil. Dei må vere utruleg gode på å handtere feil og tap og vere audmjuke. Enda meir enn idrettsutøvarane, forklarer Meland.

Da er det lett å forstå at det kan vere godt å ha ein av landets beste ekspertar på nettopp mental trening på huset.

Bygd opp prestasjonsprogram

Meland har vore med på å bygge opp ulike program som skal ruste medarbeidarane til å takle dei store utfordringane dei står i.

Dei går gjennom «Human performance, «Team-performance og eit eige program for leiarar.

– Desse går heile tida og berre nokre få er med kvar gong. Slik får organisasjonen stadig påfyll av nokon som har vore gjennom programma. Målet var å få eit felles språk rundt dei viktige menneskelege sidene av jobben, fortel han om starten.

Etter å ha vore med på programmet kjem deltakarane innom Meland til samtalar der ein tar opp tråden igjen nokre gonger i halvåret.

Tips til andre som vurderer doktorgrad

Meland var ferdig med sin doktorgrad i 2016 og har tatt med seg mange av eigenskapane frå forskingstida på NIH , der han framleis har ein 20 prosent stilling som overingeniør på idrettspsykologi-laben.

– Det å tenkje som ein forskar har hjelpt meg. Frå utsida kan ein tenkje at det blir snevert å forske på eitt tema, men det å ta ein doktorgrad i seg sjølv gjer noko med ferdigheitene i metode, seier Meland og meiner at denne kunnskapen også er viktig i jobben hans nå.

– All metodeundervisning og det å vere nøyaktig i gjennomføring og ha målemetodar som kan avdekke om hypotesen er riktig eller ikkje, har han tatt med seg.

Kva vil han råde andre som vurderer eit doktorgradsløp eller er midt inne i det?

– Rett og slett at ein må vere litt på og sjå etter moglegheiter. Ver nysgjerrig. Snakk med folk som du synest gjer spennande ting. Ver stader der du får utvikla ferdigheitene dine, ein doktorgrad er jo berre starten, startar Meland.

Vil anbefale å vere i arbeidslivet fyrst

Han starta på stipendiatperioden etter å ha vore i arbeidslivet i fleire år, og jobba også ved sidan av forskinga. Noko han vil anbefale andre stipendiatar om dei har moglegheit.

Meland er eit bevis på at idrettskompetanse kan bli brukt på mange forskjellige felt og bransjar.

Idrettspsykologien har blitt godt tatt i mot i finansbransjen.

– Eg opplever at kompetansen min har blitt veldig godt mottatt. Tilnærming mi er å formidle kunnskap som kan passe til konteksten dei står i, slik at dei sjølv kan ta gode val. Eg kjem aldri med ein oppskrift som dei skal fylgje og så blir alt bra.

Tenkjer annleis etter å ha tatt doktorgrad

Han legg ikkje skjul på at han er ein «outsider» når det kjem til finans. Det er ikkje det han snakkar med analytikarane om.

Hos han er det dei menneskelege ferdigheitene som står i sentrum. Konsentrasjon, motivasjon og handtere periodar med høg belastning.

– Det blir akkurat som med jagerflyprosjektet i doktorgraden min. Me vil ta vare på dei tilsette slik at folk skal vare i jobben til dei er 50-60 år.

Han er sikker på at han ikkje fått jobben i Oljefondet med berre doktorgraden å vise til. Nicolai Tangen såg på erfaringa hans frå forsvaret og toppidretten som gull verdt og ein prestasjonskultur han ville lære av.

– Det er også mange som ser etter faglegheita i det feltet eg opererer i. At du ikkje berre er mentaltrener, men at du har ein fagleg tyngde bak deg. Eg trur ein tenkjer litt annleis etter ein doktorgrad. Ein tenkjer meir som ein vitskapsperson og har med deg grundigheit og treffsikkerheit i alt ein gjer.

Anders Meland såg ikkje på Oljefondet som ein drøymearbeidsplass. Han hadde aldri sett for seg at det var akkurat der han skulle ende opp.

 Og han er heller ikkje typen som legg slike planer.

– Eg er liksom fullt og heilt inne i det eg gjer, og kanskje er det også viktig. Ein prøvar å gjere ein god jobb der ein er, og nokre gonger dukkar moglegheiter opp . Ein skal ikkje hoppe på alle, men denne valde eg å hoppe på.

Les meir om doktorgradsløpet på NIH.

Publisert 11. juni 2025 09:12 - Sist endra 11. nov. 2025 12:55