Høgdetrening: Får du effekt av ferie og trening over 2000 meter?

Mange av våre beste utøvarar er fleire månadar i høgda kvart år. Kva må til for at mosjonistar skal få effekt av høgdetrening?

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Mann springer på fjellet i solnedgang

Mange mosjonistar prøvar seg kanskje på løpeturar i Alpane om sommaren eller på ski om vinteren. Da kan det vere lurt å vere obs på at kroppen reagerer annleis. Foto: Colourbox.

Debatten om kor nødvendig høgdetrening er for dei beste kondisjonsutøvarane har gått dei siste åra.

Må langrennsløparar som Klæbo, Johaug og Skistad ha fleire månader i høgda for å kunne ta gull i Trondheim?

Og kva med mosjonistar, kan dei få effekt av ei veke med økter over 2000 meter på alpeferie?

 

Høyr også om masterprosjektet som testar deltakarar på 1300 meter og 300, og ser på utnyttingsgraden av det maksimale oksygenopptaket i episoden.

Kan auke kapasiteten med to-tre prosent

Thomas Losnegard er professor i idrettsfysiologi og langrennsforskar på NIH og veit mykje om kva som ligg bak vala til dei beste langrennsløparane våre. 

– Vi kjem til å sjå utøvarar som har vore i høgda vinne medaljar i Trondheim, og vi kjem til å sjå utøvarar som ikkje har vore i høgda, også vil kome til å vinne medaljar, seier Losnegard.

Bildet kan inneholde: sportsutstyr, snø, utfor skibinding, utfor skisko, hodeplagg.
Langrennslandslaget droppa høgdetrening før OL i 2018 i Sør-Korea som ikkje gjekk i høgda. Det gav mellom anna gull på stafetten og på 30 kilometer til Simen Hegstad Krüger. Foto: Shutterstock.

Det maksimale oksygenoopptaket blir redusert med 4-7 prosent per 1000 høgdemeter, fortel Losnegard.

Derfor blir farta stort sett lågare når ein trenar og konkurrerer i høgda.

Det er også godt dokumentert at høgdeopphald over tid påverkar hemoglobinmassen.

Om du trenar i høgda over tid vil du kunne produsere fleire raude blodceller, som igjen vil frakte meir oksygen og potensielt auke det maksimale oksygenopptaket. 

– Så er det mange faktorar som påverkar om høgdetreninga blir ein suksess. Det kan vere sjukdom, treningsøktene du legg ned, kva du har trena før og søvn, seier Losnegard.

Auka i hemoglobinmassen kan vere på rundt 30-40 gram ved opphald på to-fire veker ved 1800-2500 meter over havet.

Om ein oversett det til maksimalt oksygenopptak, som er eit godt mål på kondisjonen din, kan det vere snakk om ei auke på to-tre prosent. 

Les meir: Seks tips til deg som vil få betre langrennsteknikk

Merkar liten forskjell på norsk «hyttehøgde»

I NIH-podden gir han eit innblikk i høgdetrening og svarar på spørsmål frå lyttarane. 
Ein lyttar spør om det har noko effekt å trene i norsk «hyttehøgde» (1000 m.o.h +) og om det påverkar kroppen annleis?

– I teorien bør du helst over 1800 meter, og gjerne mellom 2000 og 2500 meter. På typisk norsk hyttehøgde merkar du nok liten forskjell, men viss lufttrykket endrar seg som følgje av eit lågtrykk, kan du kanskje oppleve at nokre økter kan kjennes tunge. Men nokon høgdeeffekt får du nok ikkje av den høgda. 

Portrett Thomas
Thomas Losnegard forskar og underviser i langrenn på Norges idrettshøgskole. 

Ei ferieveke over 2000 meter i dei italienske Dolomittane vil heller ikkje gje noko særleg høgdeeffekt.

– Skal du få høgdeeffekt og påverke hemoglobinmassen, må du vere der i minimum to veker, men helst tre-fire veker samanhengande, seier Losnegard. 

Om du ser bort frå høgdeeffekten vil mosjonistar kunne få andre effektar av høgdetreninga. 

Skiløparar i høgda
Turrenn på ski i Mellom-Europa går ofte i høgda, som her i italienske Livigno på 1800 meters høgda. Da kan det vere lurt å vere obs på at kroppen reagerer annleis og for eksempel treng meir væske. 

– At det er eit fint treningsmiljø, god utsikt, temperatur og heile den pakka, kan igjen kanskje føre til at ein trivst betre, trenar betre og får større motivasjon.

Også eliteutøvarar kan få slike sekundære effektar av høgdeopphald. 

– Dei har ikkje like mykje mas rundt seg og prioriterer kanskje hardare fordi ein veit at ein er nøydd til å ha eit meir system når ein er i høgda enn det ein har heime. 

Les meir: Aukland: – Mange mosjonistar trenar for likt kvar veke

Råd for trening i høgda

Sjølv om mosjonistar ikkje kan rekne med den store ekstraeffekten av å trene i høgda, er det verdt å vite at kroppen kan reagere annleis enn i låglandet.

– Den akutte effekten når du reiser opp i høgda er at du aukar ventliasjonen din. Du pustar litt meir, som igjen kan føre til at du blir fortare dehydrert. Væskeinntak er viktig uansett om du er på treningsleir eller berre trenar der ein dag, seier Losnegard. 

Han nemner også at enkelte kan slite med søvnen i høgda, og at det gjeld å finne gode rutinar rundt det. 

– For mosjonistar generelt ville eg tenkt at det ikkje er så nøye, så lenge ein ikkje er der så lenge og ikkje har stor treningsbelastning. 

Usikkert om høgde før Trondheim-VM har effekt

Tilbake til toppløparane som skal kjempe om gull i Granåsen i mars. Mange av utøvarane vil reise til høgda i forkant av VM, sjølv om dei skal konkurrere på 200 meter. 

Andre har hatt god erfaring med å trene mest mogleg her til lands i normal høgde før eit meisterskap i låglandet, som i OL i 2018. Losnegard meiner det er vanskeleg å svare klart på om det vil gje ein klar effekt. 

– Her er det vanskeleg å seie ja eller nei, for vi ser ut frå praksis at det sprikar litt. Og det er usikkerheit både i praksis og i forskinga om det har ein effekt eller ikkje, seier Losnegard. 

Situasjonen blir ein heilt annan når konkurransane går over 1300 meter og oppover. 

– Da har praksis vist at du kanskje bør vere der ei veke før for å akklimatisere deg. Og gjerne eit par veker om konkurransane går enda høgare, seier Losnegard og siktar til Beijing-OL i 2022 på 1800 meter. 

– Da ville utøvarane ha tre veker for å vere sikker på at ein er godt akklimatisert og får begynt å trene bra på høgda dei skulle konkurrere på. 

Dette er godt dokumentert og her er forskarane i stor grad einige. Både om akklimatisering rett før og at trening i høgda i oppkøyringa året gjennom, vil gje ein effekt når konkurransen er i høgda. 

Så vil tida vise om det er utøvarane som har prioritert høgde i utlandet eller dei som har blitt heime som lykkast best i Trondheim i mars. 

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne, Langrenn
Publisert 13. jan. 2025 12:29 - Sist endra 3. aug. 2026 13:06