Styrketrening kan hjelpe kreftpasientar under behandling mot utmatting

Kva skjer når ein gjennomfører tung styrketrening under cellegiftbehandling? Ny forsking viser gode nyheiter – men god oppfylging er heilt essensielt.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Tor Helge i styrkerommet

Tor Helge Wiestad er helse- og treningsfysiolog ved Pusterommet på Haukeland universitetssjukehus. Han har også forska på kva som skjer med kreftpasientar når dei trenar både styrke- og kondisjon under cellegiftbehandling. Foto: Haukeland universitetssjukehus. 

Ny forsking viser at styrketrening under cellegiftbehandling faktisk kan beskytte dei energiproduserende prosessane i muskelen, som gjer at ein føler seg mindre utmatta i kvardagen.

Kanskje kan det også hjelpe kreftpasientar til å stå i behandlinga.

Det er eitt av dei interessante funna forskarar ved NIH, Haukeland universitetssjukehus og Uppsala universitet har gjort i ein ny studie på pasientar med brystkreft.

Ville finne ut om trening motverkar seinskadar

Cellegift er livsviktig i kampen mot kreft, men behandlinga er også beintøff for kroppen.

Behandlinga fører til redusert muskelstyrke og kondisjon, har negative effektar på muskelcellene og mange opplever lammande utmatting.

Kvinne som løfter vekter
Forskarar både i Noreg og Sverige har sett på korleis pasientar responderer på både tung styrketrening og kondisjonstrening under cellegiftbehandling. Resultata er oppløftande, men viser også kor utfordrande det kan vere å trene under tøff behandling.  Foto: Colourbox.

I denne studien var målet å finne ut om strukturert trening kunne motverke noko av dette.

Dette var forskinga

Forskinga var gjort som to delstudiar i Bergen og i Uppsala:

  • I Uppsala blei effekten av tung styrketrening samanlikna mot ei kontrollgruppe som fekk vanleg behandling utan spesifikt treningsopplegg.
  • Treningsgruppa bestod av 21 personar, medan kontrollgruppa hadde 13 personar.
  • Deltakarane fylgde eit klassisk styrkeprogram for heile kroppen med seks øvingar.

Delstudie Bergen:

  • Her samanlikna ein trening med høg intensitet mot trening med låg til moderat intensitet. Begge gruppene trente både styrke og kondisjon.
  • Det var totalt 65 deltakarar, fordelt på 29 i høgintensitetsgruppa og 36 i gruppa for låg/moderat intensitet
  • Begge hadde det same styrkeprogrammet som i Uppsala, med ulik belastning. Høgintensitetsgruppa trente med tunge vekter, nesten til utmatting. Medan den andre gruppe trente med lettare vekter og fleire repetisjonar. Styrketrening var fylgd opp og styrt av fagfolk.
  • Høgintensitetgruppa skulle gjennomføre intervalløkter med to-minuttsdrag med intensitet på 80-90 prosent av makspuls Låg/moderat-gruppa skulle gjennomføre samanhengande trening i minst 150 minutt per veke med intensitet på 40-50 prosent av makspuls. Kondisjonstreninga blei gjennomført på eigehand.

Målingar: I begge studiane undersøkte forskarane variablar som muskelstyrke, muskelmasse, fysisk utmatting (fatigue) og livskvalitet. Ein gjekk også djupt ned i muskelbiologiske faktorar som mengda kapillærar, mitokondriar, satelittceller og cellekjerner i muskulaturen. Som vil seie faktorar som er viktige for muskelen sin blodforsyning,energiproduksjon og potensial for muskelvekst.

– Det viktigaste kliniske funnet vårt er at styrketrening under cellegiftbehandling kan motverke fatigue og redusert livskvalitet, fortel forskar Olav Vikmoen ved Institutt for fysisk prestasjonsevne ved NIH.

Styrketrening motverka negative effektar i musklane

Han forklarar det slik: Dei som trente styrke, klarte betre å halde på kondisjonen. 

Kontrollgruppa som ikkje trente styrke hadde ein reduksjon i både mengda aerobe enzym og kapillærer i muskulaturen, som er viktige for muskelen sin blodforsyning og energiproduksjon.

Dette var uendra i styrkegruppa.

Olav Vikmoen portrett
Olav Vikmoen er forskar ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH. 

Det vil seie at styrketreninga kunne motverke desse negative effektane av cellegift i musklane. 

– I tillegg såg vi at styrketreninga også motverka fatigue. I gruppa som ikkje trente såg vi utmattinga auka og dette var knytt til reduserte mengda aerobe enzym, forklarer Vikmoen.

Forhindrar at kroppen stivnar til

Tor Helge Wiestad har hjelpt kreftpasientar med trening i over 15 år på Pusterommet på Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Han har mange eksempel på pasientar som har hatt stor effekt av trening.

– Ein tidlegare pasient fortalte at ho kom inn til treningssenteret med store smerter og ubehag i beina. Ho gjekk inn på krykker, sette seg på ein sykkel og sykla. Etterpå kunne ho gå ut av treningssenteret med krykkene under armen, fortel Wiestad.

Han er helse- og treningsfysiolog og er også forskar i same forskingsprosjekt.

– Det å få brukt muskulaturen forhindrar at ein stivnar til og forvitrar i musklane. Sjølv om det kan vere tungt å gjennomføre, og du kan føle at du er svakare og ikkje har kraft, så ser ein likevel at det gir god treningseffekt, seier Wiestad.

Studien viste også at tung styrketrening under behandling var mogeleg å gjennomføre og gav betre effekt på muskelstyrke enn trening med låg til moderat intensitet.

Resultata stadfesta det ein også har sett på friske deltakarar: tung styrketrening gir best effekt på muskelstyrke.

Likevel er muskelvekst utfordrande under cellegift. Cellegifta kan hemme delinga av satellittceller (stamceller i musklane) noko som kan bremse muskelveksten etter trening.

Treninga bør leggast opp individuelt og følgjast opp av fagfolk

Ei utfordring for studien var at det var svært få av deltakarane i gruppa som skulle gjennomføre kondisjonstrening på eigehand, som klarte å gjennomføre (27 prosent).

Det viser også kor viktig det er med oppfylging.

– Eit viktig funn vi tar med oss, er at det å berre gi kreftpasientar beskjed om at dei skal heim og trene, ikkje er tilstrekkeleg. Dei må følgast opp slik at dei klarer både å trene jamnleg og med kvalitet, seier forskar Olav Vikmoen.

Personleg trenar fylgjer opp på løpetrening på mølle
Persontilpassa trening med oppfylging frå fagfolk er heilt essiensielt for at kreftpasientar skal kunne gjennomføre både styrke- og kondisjonstrening, meiner forskarane. Sara Hassing Johansen har fylgd mange tidlegare kreftpasientar på trening i sitt forskingsprosjekt om trening etter kreftbehandling. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. 

Derfor peikar forskarane på viktigheita av å få trening inn som ein del av kreftbehandlinga, der pasientane blir fylgd opp av fagfolk med kompetanse på trening for kreftpasientar.

– Det å motivere seg, presse seg til å trene og for eksempel løpe intervallar når kroppen verkar, eller du er utslått og føler deg dårleg. Det er ikkje lett. Du må kanskje ha nokon som pushar deg litt og som tryggar deg, seier helse- og treningsfysiolog Tor Helge Wiestad.

– Men er det faktisk gjennomførbart å trene såpass hardt når ein får cellegift som er så tøff for kroppen?

– Ja, for ein del pasientar er det det. Vi ser jo det både på Pusterommet og frå tidlegare studier, at ein får langt betre effekt om ein får rettleiing på trening. Dei har mellom anna vist kor stor forskjell det er å få gode råd om å gjere det rette, kontra det å faktisk ha nokon som fylgjer deg, seier Wiestad.

All aktivitet er betre enn ingenting

Forskarane presiserer at forskingsfeltet framleis er ungt, og at det er tidleg å fastslå årsaker og løysingar. 

Dei ser at det er mogleg å gjennomføre trening og at det gir effekt, men at dei fleste vil trenge rettleiing.

– Det ser ut til at du kan ha større nytte av å trene med høg intensitet, dersom du klarer å gjennomføre det. Men det er langt betre å gå ein tur i moderat tempo, enn å ikkje gjennomføre intervaller. Om du klarer å få opp pulsen er det kjempebra og om du klarer å kombinere det med styrketrening vil det gi god effekt. Men all aktivitet er betre enn ingenting, oppsummerer helse- og treningsfysiologen.

Forskingsprosjektet er støtta av Kreftforeningen.


Referansar:

Effects of heavy-load strength training during (neo-)adjuvant chemotherapy on muscle strength, muscle fiber size, myonuclei, and satellite cells in women with breast cancer - Norwegian Research Information Repository

Effects of Heavy-Load Strength Training During (Neo-)Adjuvant Chemotherapy on Cardiorespiratory Fitness, Aerobic Enzymes, Capillaries, Fatigue and Quality of Life in Women With Breast Cancer 

 

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne
Publisert 27. mars 2026 12:49 - Sist endra 27. mars 2026 13:15