English version of this page

Kreftoverlevar Monica trena i fem månader: Resultata er oppsiktsvekkande

– Funna våre viser at trening bør bli inkludert som ein del av rehabiliteringa etter kreftbehandling, meiner stipendiat Sara Hassing Johansen. Monica Hjertholm fekk ny livsglede etter å ha vore med på forskingsprosjektet.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Ei dame på tredemølle blir trena av personleg trenar

Tre økter i veka trena Monica Hjertholm på treningssenteret på NIH under forskingsprosjektet. Ved sidan på alle økter var stipendiat Sara Hassing Johansen. Alle foto: Gjermund Erikstein-Midtbø

Monica må berre glise i det ho kjem inn på treningssenteret og ser tredemøllene som står på rad og rekke.

– Her hadde vi det jammen gøy!

Ho hadde aldri satt sine bein på ei tredemølle før ho sa ja til å bli med på forskingsprosjektet.

10 år etter at ho som småbarnsmor fekk påvist brystkreft ein sommardag på hytta i Østfold, skulle ho for alvor teste kva kroppen var laga av.

Ville kroppen tole intervalltrening? Ville ho kjenne like god respons på treninga som kvinner på same alder som aldri har hatt kreft?

Skal få vite forskingsresultat

Monica er tilbake på Norges idrettshøgskole med eit heilt anna forhold til trening enn da ho var klar til fyrste økt i forskingsprosjektet.

Men spørsmåla er mange. Kva viste eigentleg resultata av dei mange fysiske testane ho tok? Kva har eigentleg treninga betydd for ho og resten av kreftoverlevar-gruppa?

I dag får ho svaret.

Dame går på mølle, medan pt snakkar til ho
Etter kvart følte Monica at ho nærmast fløy ut av treningssenteret etter harde 4x4 minuttsintervallar.

Monica har funne tilbake til si faste mølle gjennom fem månader på treningssenteret på NIH.

Doktorgradsstipendiat Sara Hassing Johansen står ved sidan av og heiar ho fram som ho gjorde tre dagar i veka under forskingsprosjektet.

– Du var heilt ekstrem. Eg måtte nesten bære deg av mølla, fordi du hadde det så gøy og pressa deg så hardt, ler forskaren som også var personleg trenar undervegs i prosjektet.

Smilande dame på treningssenter
Sara Hassing Johansen er idrettsfysiolog og har vore stipendiat ved Institutt for fysisk prestasjonsevne.

Dei har fått eit spesielt band etter mange tidlege morgonøkter akkurat her.

Har større risiko for hjarte- og karsjukdom

Sidan ein i dag er i stand til å diagnostisere tidlegare og gje betre behandling er prognosene for brystkreft generelt gode.

Men sjølv om mange overlev, er kvinner som har hatt brystkreft utsett for ei rekke langvarige seinskadar som redusert fysisk form, fatigue og nedsett livskvalitet.

Studiar viser at over 50 prosent framleis har betydelege seinskadar åtte år etter diagnosen.

 

Kreftoverlevarar som Monica har også større risiko for å få hjarte- og karsjukdommar som kan vere minst like alvorlege som kreft.

Det å gjennomføre kreftbehandling reduserer også oksygenopptaket med ni prosent i løpet av ei behandling på 13 veker, viste ein oversiktsstudie som er ein del av forskingsprosjektet på NIH.

Likevel er det framleis uklart kva slags effekt trening har på denne gruppa.

For forskarane var det store spørsmålet kva slags treningseffekt Monica og resten av gruppa som har vore gjennom tøff kreftbehandling eigentleg kan oppnå.

Får dei like mykje igjen for intervalltrening som vi andre gjer?

– Det har vore lite forsking på korleis kroppen reagerer på trening ti år etter kreftsjukdom. Det har berre blitt hinta til i litteraturen og ingen har inkludert ei referansegruppe som vi har gjort før, fortel Sara om studien som er den fyrste og største randomiserte kontrollerte studien på kvinner som har hatt brystkreft for ei tid sidan.

Dei 2,5 åra som har gått sidan Monica gjekk gjennom dei mange fysiske testane, har Sara brukt på å analysere resultata.

Fleire gonger har ho og forskarteamet blitt forbausa.

Ingen av kvinnene trena regelmessig før

I prosjektet «The Cause» blei 140 brystkreftoverlevarar rekruttert.

Alle hadde hatt brystkreft for 10-15 år sidan, og hadde ein gjennomsnittsalder på 59 år.

Ingen av dei trena regelmessig frå før.

Sliten dame på treningssenter
Monica Hjertholm skulle etter kvart bli veldig glad for at ho blei trekt ut til å vere med i gruppa som skulle trene under forskingsprosjektet.

Det var ikkje før for fire år sidan at eg klarte å sjå meg i spegelen etter at eg blei sjuk. Fordi eg syntest at eg hadde blitt stygg.

Kvinnene blei delt inn i to grupper. Den eine fekk eit tilpassa treningsprogram der dei trena med personleg trenar, tre gonger i veka.

Den andre var ei kontrollgruppe og hadde ingen treningsøkter i kalenderen. I tillegg var 70 kvinner utan tidlegare kreftsjukdom med på same treningsopplegg, i ei referansegruppe.

Slik trente dei

Etter ei tilvenningsperiode, bestod treningsprogrammet av moderate-harde kondisjonsøkter på tredemølle. Det er viktig å nemne at treningsprogrammet er designa for forsking. Forskaren vil understreke viktigheita av kondisjonstrening kombinert med styrketrening for denne gruppa.

I ei standardveke var det:

  • 4x4 min intervall måndag, (over 90% av makspuls)
  • Roleg langkøyring 30-40 min (75 prosent av makspuls) onsdag
  • Og så 4x8 minutt på fredag (85-90 prosent av makspuls. 

Sjølv om gruppa var relativt frisk, sleit mange av kvinnene med seineffektar og fatigue ved oppstart.

Klarte ikkje å sjå seg sjølv i spegelen

Stipendiat Sara har tatt oss med inn på eit tomt klasserom på idrettshøgskolen for å fortelje Monica om funna.

Ho var ei av deltakarane som i alle åra etter har kjent korleis den tøffe behandlinga prega kroppen.

– Det har eg absolutt. Likevel har eg har vore fast bestemt på at det ikkje skulle prege livet mitt, seier ho med eit bestemt smil.

For andre har 57-åringen nok blitt sett på som sterk og uanfekta. Men det var jo ikkje slik det var på innsida.

– Det var ikkje før for fire år sidan at eg klarte å sjå meg i spegelen etter at eg blei sjuk. Fordi eg syntest at eg hadde blitt stygg. Det kan ein akseptere, men det gjer noko med ein og relasjonane til andre menneske. Du blir annleis.

Forskaren nikkar anerkjennande.

Ho kjenner det igjen frå dei mange svara ho har dykka ned i dei siste åra.

Brystkreftkvinnene låg i gjennomsnitt bak den friske gruppa når det kom til kor fornøgd dei var med livet.

Men noko hadde skjedd da dei svarte på dei same spørsmåla fem månader etter.

– Me skulle eigentleg ikkje undersøke dette og blei eigentleg litt sett ut.

For brystkreftgruppa skaut i vêret med både forbetring i fatigue, livskvalitet, kroppsbilde, søvn og funksjon.

Glisande Monica på tredemølla med PT i bakgrunnen
Monica var ei av deltakarane som responderte svært godt på den tøffe treninga. 

Dei blei faktisk til og med meir fornøgde med livet enn gruppa som ikkje hadde hatt kreft før.

Monica merka det også når ho møtte gruppa igjen.

– Den fyrste gongen vi møttest gjekk praten i: Kor sjuk er du, kvar er du sjuk og alt er så trist. Etter treningsperioden og andre test var det trillande latter og alle snakka om dei fine resultata sine. Det var ein heilt annan planet.

Slik blei kvinnene testa

Både før og etter dei fem månadane med trening var kvinnene gjennom ei rekkje fysiske testar.

Dei tok blodprøver, kroppssamansetning via DXA scan, ultralyd av hjartet, lungefunksjonstestar, muskelbiopsi, kartlegging av aktivitetsnivå og kardiopulmonal belastningstest på tredemølle.

I tillegg svarte dei på ei rekkje spørjeskjema om mellom anna livsstil og helse, sjukdommar og plager.  

Referansegruppa fekk dobbelt treningseffekt

Tida er inne for å få fakta på bordet.

Monica skal få vite kva forskarteamet har sett av resultat trening på fysiologiske undersøkingar blant brystkreftkvinnene, og ikkje minst samanlikninga dei har gjort med referansegruppa.

57-åringen legg ikkje skjul på at ho er spent.

Har treningseffekten vore like god?

– Sjølv om referansegruppa gjorde akkurat den same treninga viser funna våre at dei fekk dobbelt effekt av treninga på det maksimale oksygenopptaket. Dei auka i snitt 2,6 milliliter per kilo kroppsvekt per minutt, medan brystkreftkvinnene auka med 1,2 milliliter. Det bekreftar jo det me har trudd, at kreftbehandlinga dessverre sit lenge i, seier Sara og kikkar på Monica.

– Det er jo eit eller anna fysiologisk som framleis pregar dykk. Dette er jo kvinner som deg som blei behandla for over ti år sidan. Nå gjeld det å finne ut om dette sit i hjartet, lungene eller i muskulaturen.

Nyheita er tung å svelgje for Monica.

– At vi er såpass mykje under den friske gruppa, er litt sårt å høyre eigentleg. Til tider kan eg kanskje skjønne det, men eg er ikkje villig til å akseptere det.

Dame går på tur i snøen og myser mot sola

Gåturar gir glede og energi

Monica tar oss med ut og går mot Nordmarka med sol i fleisen. Det er slike gåturar, helst i motbakke, omgitt av skog og fuglekvitter, ho nå helst vel i kvardagen.

Sjølv om løpemølla gav ho stor glede under prosjektet, er det turane ute som i dag gir ho mest glede og energi.

Klassikaren opp motbakkane frå Sognsvann til Ullevålsseter er ein favoritt. Ho har blitt glad i å kjenne pulsen stige og nærme seg maks.

Noko ho aldri hadde vore i nærleiken av før.

Heldigvis har Sara også gode nyheiter å ta med seg på tur.

– Berre det at de klarte å auke oksygenopptaket sitt er jo superbra. Det er ein viktig helseindikator som vi veit minskar risikoen for ei rekkje sjukdomar, seier Sara.

Orkar å leike med barnebarna igjen

Dei positive nyheitene tar ikkje slutt med det.

Forskarane blei som sagt forbløffa over resultata frå spørjeskjema.

Eigentleg skulle det berre vere ein bonus.

Nå har det blitt til viktige funn, som viser kor essensielt trening kan vere for akkurat denne gruppa.

– I tillegg til auka oksygenopptak, såg vi at dei som gjennomførte treningsopplegget vårt mellom anna rapporterte at dei hadde mindre fatigue, fekk betre kroppsbilde, dei sov betre og dei hadde auka livskvaliteten.

20 prosent av gruppa rapporterte at dei var plaga av fatigue ved studieoppstart. Det var faktisk også desse som sleit mest i forkant, som også fekk dei største effektane av treningsopplegget.

– Ein ting er jo om du har oksygenopptak på 27 eller 28 milliliter, men korleis dei har det med seg sjølv er jo det som er viktigast for desse kvinnene. Berre det at dei fortel at dei orkar å leike med barnebarna igjen eller å gå på langrenn igjen er jo veldig positivt.

– Eg følte at eg fløy kvar gong eg gjekk ut derfrå. Eg var så lykkeleg og kjente på ei sånn lykke av å ha trena som eg aldri hadde kjent på før.

Monica Hjertholm

Følte ho fløy ut av treningssenteret

Monica har lett for å smile. Men den gleda ho kjente på etter å ha gjennomført knallharde intervalløkter i forskingsprosjektet hadde ho aldri kjent på før.

– Eg følte at eg fløy kvar gong eg gjekk ut derfrå. Eg var så lykkeleg og kjente på ein sånn lykke av å ha trena som eg aldri hadde kjent på før.

Sara og Monica gliser til kvarandre på mølla
Det er lett å sjå kor stor glede Oslokvinna har fått av treninga under forskingsprosjektet. 

57-åringen som har bytta ut byliv i Oslo med gardsliv i Vestby i Akershus, kjente seg sterkare, meir uthalden og at det blei lettare å sove.

Livet blei rett og slett betre å leve.

Til nå har det vore litt flaks om legen din er opptatt av trening eller ikkje.

Sara Hassing Johansen, stipendiat

Dei to håpar studien kan inspirere nye kreftpasientar til å finne denne gleda i løpet av kreftbehandlinga.

– Sjølvsagt er det aller viktigaste å bli frisk frå kreftsjukdomen, men kanskje har ikkje helsevesenet tenkt nok på at dei framleis er utsette for ein rekkje forskjellige plager den dagen dei går ut av sjukehuset, seier stipendiaten.

Om studien

Prosjektet er eit samarbeid med Oslo universitetssjukehus og finansiert av Aktiv mot kreft og Kreftforeningen.

Les meir om prosjektet her

Ho siktar til fatigue, nedsett livskvalitet og dei andre risikofaktorane vi har vore inne på.

Forskargruppa håpar at funna kan bidra til at trening blir ein integrert del av kreftbehandling og rehabilitering.

– Vi er på god veg, ved at 22 av sjukehusa våra i dag har Pusterom- treningssenter for kreftpasientar. Men fram til nå har det vore litt flaks om legen din er opptatt av trening eller ikkje. Når legen viser til MR på måndag, så bør hen også vise til ein helse- og treningsfysiolog på Pusterommet på onsdag.

Pusterommet

Eit treningssenter for kreftpasientar på norske sjukehus.

På Pusteromma får kreftpasientane kyndig treningsrettleiing av fagpersonar, i eit sosialt og triveleg miljø, før, under og etter behandling.

Pusteromma blir etablert av stiftinga Aktiv mot kreft.

Aktiv mot kreft gir også sjukehuset midlar til drift dei fyrste tre åra, mot ein garanti for at sjukehuset viderefører driften frå det fjerde året. 

Kjelde: Aktiv mot kreft

I tillegg er det viktig å tilpasse treninga til kvar enkelt.

Forskaren som også har lang erfaring som personleg trenar, meiner kreftpasientar/overlevarar er ei av dei vanskelegaste gruppene å trene.

– Kreftbehandling kan opplevast forskjellig noko som gjer dette til ein svært variert gruppe. Nokre har lymfødem i arm, og andre sliter med fatigue. Det understrekar behovet for tett oppfylging av folk med kompetanse.

Skriv treningsdagbok

Monica er ikkje i tvil om kva ho vil anbefale andre kreftpasientar.

– Eg ville hatt ein treningsdagbok. Alle dagar under behandling er ikkje like. Enkelte dagar er du så sjuk at du ikkje kjem ut av senga. Og det er heilt greitt.

Monica på tur i skogen
Finn tilhøyrigheit i ei gruppe eller lag konkurranse med deg sjølv, rådar Monica. 

– Andre dagar kjem du deg ut, om det så er 100, 500 meter eller ein kilometer. Skriv det ned og lag ein konkurranse med deg sjølv og finn tilhøyrigheit i ei gruppe og di greie, rådar Monica.

Kanskje kan trening med eller utan høg puls faktisk gje stor livsglede for fleire som Monica, sjølv om ein har vore gjennom tøff kreftbehandling.

Les heile avhandlinga her

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne
Publisert 10. mai 2025 12:54 - Sist endra 6. aug. 2025 10:41