Slik kan trenarar førebygge og fremme god psykisk helse

Ishockeygarderoben og andre idrettsarenaer kan vere ein viktig arena for å snakke om følelsar og det å vere sårbar for unge gutar, meiner tidlegare spelar og trenar Vetle Dalberg. Eit internasjonalt undervisningsopplegg har vist lovande resultat.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Fire ishockeyspillere sitter utenfor isen.

Undervisningsprogrammet "Coaching Boys into Men" der trenarar får i oppgåve å snakke med unge gutar om tema utanfor idretten, har vist god effekt. Internasjonal forsking har vist at programmet har fått både kortsiktige og langsiktige effektar for dei unge gutane både når det kjem til relasjonskompetanse og åtferd. Foto: Colourbox. 

Tre norske ishockeyklubbar har testa ut undervisningsopplegget «Coaching Boys into Men».

Opplegget handlar om at trenarar legg til rette for at unge gutar i ein trygg setting skal kunne snakke om korleis dei har det.

Som i ein ishockeygarderobe.

Men er det rom for å vere sårbar i ein røff machokultur som ishockey ofte blir sett på som?

– Sjølv om hockey kan virke tøff frå utsida, er miljøet ein stor familie der ein tek vare på kvarandre. Det er ein stad der ungdomane føler seg trygge. Og det å vere trygg er sjølve nøkkelen til å kunne skape rom for å vere sårbar, meiner Dalberg som er klubb- og trenarkonsulent i Noregs Ishockeyforbund.

 

Kan redusere vald og endre åtferd

Forsking frå andre land har vist at programmet har vore svært effektivt for å gje ungdom relasjonskompetanse og betre den psykisk helsa.

Dei som har deltatt har også vore meir tilbøyelege til å gripe inn ved seksuell trakassering og mindre tilbøyelege til å sjølv utøve vald.

Opplegget er lagt opp som økter på 15 minutt per veke over 12 gonger. Dette er eksempel på spørsmål trenarane får i oppgåve å stille utøvarane sine og få til refleksjon og diskusjon rundt:

  • Kva betyr respekt for deg? Er det viktig? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Korleis kan du vise respekt for deg sjølv? Trur du det kan hjelpe deg med å styrke eigen mentale helse?
  • Korleis viser vi respekt til andre rundt oss? Korleis kan du merke at andre respekterer deg?

Avslutningsvis blir ungdomane oppmoda til å ta kontakt viss dei ser eller høyrer om noko dei opplever ikkje er greitt.

Portrett Vetle
Vetle Dalberg jobbar tett med både trenarar og klubbar rundt om i heile landet. Han trur absolutt at trenarar kan bruke hockeygarderoben til å legge til rette for at unge guttar skal kunne vere sårbare. Foto: Norges Ishockeyforbund. 

Ishockeyforbundet er glad for at klubbane har testa undervisninga og har trua på at garderoben kan vere ein trygg eigna arena.

– Sjølvsagt er det høg tenning både på isen og i garderoben innimellom. Men nettopp det at ein som spelar har respekt for kvarandre, kjenner kvarandre godt og brukar mykje tid saman, gir også ein moglegheit for å snakke om vanskelege ting, seier Dalberg som tidlegare har spelt på Manglerud/Star, vore dagleg leiar i Grüner og trenar for aldersbestemte lag.

Coaching Boys into Men

  • Opphavleg utvikla i USA
  • Formål: Gje trenarar i ulike idrettar opplæring og kompetanse i korleis dei betre kan snakke med gutar om personleg respekt, følelsar, konflikthandtering, kjærastevold, samtykke og seksuell helse.
  • Reform – Ressurssenter for menn tok hausten 2024 initiativ til å pilotere programmet i tre norske ishockeyklubbar. Det er utvikla ein kursmanual som skildrar korleis trenarar kan jobbe med programmet.
  • Forskarar ved NIH har intervjua ansvarlege i Reform, klubbleiarar og trenarar som var med på prosjektet. Målet var å finne ut korleis dei ulike aktørane forstår situasjonen til gutar i Noreg i dag, og få erfaringane med programmet.

Brukte samtalekort i garderobe og på bussen

Hanne Sogn har forska på undervisningsopplegget som trenarar i dei tre norske ishockeyklubbane har testa ut. I intervju har trenarane fortald om svært positive erfaringar med å gjennomføre opplegget.

Dei har mellom anna brukt samtalekort for å sette i gang samtalar, noko trenarane trakk fram som svært nyttig.

Samtalane blei gjort i naturlege settingar som i garderoben eller på bussen på veg til kamp.

– Dei fortalde at det gjorde det lettare å ta opp vanskelege tema. Det var vanskeleg å engasjere gruppa i byrjinga, fordi det ofte var dei som vanlegvis snakka mest som tok ordet. Men over tid opplevde trenarane at samtalane blei normaliserte, seier Sogn i NIH-podden der ho er gjest saman med Dalberg.

Trenarane bekrefta at hockeykulturen for målgruppa, 13–16 år, kan vere svært røff.

Dei hadde sjølv erfaring med kor utfordrande det kan vere for gutar i denne alderen å opne opp om følelsar og psykisk helse

– Trenarane som var med var tydelege på at dei ønskte å vere noko meir enn berre ein hockeytrenar. Dei hadde ei heilskapleg tilnærming til utøvarane som "heile menneske" som skal utviklast både på og utanfor banen, fortel Sogn.

  • Les rapporten fra Forskningssenter for barne – og ungdomsidrett (FOBU)

Må ha fokus på meir enn bachand-pasningar

Akkurat der trur Dalberg i hockeyforbundet at det er i ferd med å skje ei dreiing blant trenarar og i trenarutdanning.

– Det trendar jo stadig meir mot å sjå på mennesket som heilskap, og ikkje berre utøvaren. Vi er nøydd til å ha fokus på meir enn backhand-pasningar i idretten vår. Vi må sjå mennesket bak utøvaren, seier Dalberg.

Han nemner spelarsamtalar som ein god arena for ein trenar.

Portrett hanne sogn
Den største utfordringa trenarane såg var at dei blei aleine om å gjennomføre undervisningsopplegget. Dei etterlyste at programmet i større grad blei forankra på leiarnivå i klubbane, seier Hanne Sogn.

– Ein ting er å sette idrettsspesifikke mål, men det er også noko med å sette mål som menneske. Kva er det eg ynskjer å oppnå i løpet av 9.klasse? Vi kan vere med å tydeleggjere at ishockey er ein del av ein større heilskap, seier Dalberg.

Sogn legg til at eit enkelt spørsmål i den samanhengen er:

– Korleis har du det? Det tenkjer eg er eit viktig spørsmål å stille. Det betyr ikkje at trenaren skal ha eit totalansvar for individet, men det er jo utgangspunkt for all prestasjon at ein har det ok i laget og med seg sjølv, seier Sogn.

Høyr meir i episoden: "Hvordan snakke med gutta om følelser i idretten" i NIH-podden

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Publisert 15. mai 2026 09:54 - Sist endra 18. mai 2026 12:12