Olaf Tuftes tragiske og plutselege dødsfall i sommar har gjort mosjonistar og dei som står dei nær, bekymra.
Korleis blir hjartet vårt påverka av mange års hard og lang trening?
NIH-podden inviterte to spesialistar på både hjarte- og trening i studio.
– Det er ingenting som er meir tragisk enn at unge, friske folk døyr på den måten. Men viss hans død ender med at folk er mindre aktive, så hadde han vore forbanna nå, seier hjartelege Peder Langeland Myhre som sjølv driv med roing og kjente Tufte.

Skapar unødvendig frykt
Både han og kollega Jonny Hisdal, har møtt folk som har blitt meir engstelege for trening etter nyheita i sommar.
– Det er ingen grunn til å vere meir engsteleg om ein er pårørande til ein idrettstutøvar eller mosjonist. Noko av det aller farlegaste er jo nettopp å ha ein stillesittande livsstil med høg BMI, dårleg kosthald, høgt blodtrykk og høgt kolesterol.
– Det er det vi veit sikkert aukar risikoen for hjarteinfarkt og hjartestans, seier Myhre som er professor ved Institutt for klinisk medisin ved Universitet i Oslo, i NIH-podden.
Likevel les vi frå tid til anna om svært spreke utøvarar og mosjonistar som får hjartestans under fysisk aktivitet.
– Det er sjølvsagt ein risiko for at dette kan skje i alle aldersgrupper, men merksemda ein hjartestans hos ein kjent person får i media blir tatt heilt ut av perspektiv samanlikna med kva som er den reelle risikoen, seier Jonny Hisdal, professor ved Institutt for klinisk medisin ved Universitet i Oslo og underviser i humanfysiologi ved NIH.
Utøvarar kan også få trange blodårer
I Noreg er det mellom 3000-4000 hjartestans utanfor sjukehus kvart år. Det vil seie cirka ti hjartestans kvar dag.
– Når media fortel om kjente, unge og spreke folk som døyr av hjartestans, så er det lett å tenkje at her må det vere ein sterk samanheng. Det trur eg skapar unødvendig frykt, seier Hisdal.
Han viser til studiar som dokumenterer at topputøvarar lever lengre enn andre.
– Det finst mellom anna ein stor studie som såg på nærmare 15 000 olympiske medaljevinnarar opp gjennom tidene. Det som var heilt klokkeklart var at dei lever lengre enn jamnaldrande. Så har du sjølvsagt utforutsette og sjeldne hendingar som kan skje, seier Hisdal.
Idrettsutøvarar og mosjonistar kan også få trange blodårer i hjartet og få hjarteinfarkt.
– Det kan skje oftere i samband med aktivitet fordi ein da aukar hjartets behov for å få blod og oksygen, og da først kan ein kjenne brystsmertene, forklarar Myhre.
Atrieflimmer meir vanleg blant trente
Han understreker at hjartestans i samband med idrett er svært uvanleg. Men det er nokre hjartesjukdommar som er vanlegare hos idrettsutøvarar og andre som trenar mykje.
Forskarane ser at denne gruppa har ein auka risiko for hjarteflimmer eller atrieflimmer som det heiter på fagspråket.
– Det ser ut til å henge saman med kor mykje ein trenar. Det handlar om at når ein trenar mykje, særleg kondisjonstrening, så vil hjartet endre seg. Hjartet blir større, på same måte som at vi får større musklar når vi løftar vekter. Trenar ein mykje vil hjartet tilpasse seg denne belastninga, forklarer Hisdal.
.jpg)
Hjartet veks, blir utvida og veggane blir tjukkare. Det fører til endringar i hjartets struktur.
– Forkamra ser ut til å reagere på dette ved at det kan bli litt elektrisk kaos. Så det elektriske kaoset gir seg uttrykk som atrieflimmer. Det er noko som kan vere plagsamt, særleg for utøvarar som er vant til å preste på høgt nivå. Men det er ikkje veldig farleg, seier Myhre og legg til:
– Det er ikkje noko teikn til at idrettsutøvarar som får atrieflimmer, har noko auka risiko for hjerneslag og hjartesvikt.
Anbefalar ikkje hjartescreening
I 2008 innførte det europeiske fotballforbundet obligatorisk screening av hjartet for å undersøke om ein finn sjukdom.
I Noreg tilrår ein i dag ikkje mosjonistar å gjennomførte ei slik screening, fortel forskarane.
– Metodane vi har til å fange opp er per i dag ikkje presise nok. Det store problemet med screening er at ein får det som blir kalla for falske positive faktorar. Det vil seie at du finn mange friske som du mistenker er sjuke. Vi finn også falske negative, som gjer at ein friskmelder folk som eigentleg har ein underliggande sjukdom.
Dei meiner treffsikkerheita i dag er for dårleg og kan føre til at personar som eigentleg er friske, får råd om ikkje å trene, blir bekymra og får svekka livskvalitet.
– Viss ein ikkje har symptom, skal ein ikkje bekymre seg eller oppsøke lege.
Men i nokre tilfelle rådar dei til å oppsøke hjelp.
- Viss du opplever å svime av under trening
- Blir veldig svimmel eller kjenner kraftig hjartebank under trening
- Får brystsmerter eller er unormalt tungpusta.
– Da burde ein verkeleg oppsøke helsehjelp og få undersøkt det. Det blir ein målretta screnning. Vi ser også at idrettsutøvarar kan ignorere desse symptoma som me meiner er alvorlege, fordi dei er så gode til å handtere smerte og det er så mykje ubehag i samband med treningane. Å svime av under løpetur skal jo ikkje skje, seier Myhre.
Uvant belastning kan utløyse infarkt
Ekspertane er einige i at det er ingenting frå forskinga som tilseier at ein skal vere redd for å trene med hard intensitet over mange år.
– Det enkle svaret på det er nei, det er ingenting å bekymre seg for. Det er ingen studiar per i dag som kan eintydig seie at det er farleg eller skadeleg for hjartet. Det er studier som kan tyde på at høgintensiv trening er bra og at det vil beskytte mot hjartesjukdom, seier Hisdal og nemner at pasientar med atrieflimmer får råd om å drive med intervalltrening.
Myhre legg til at eit unnatak er dersom ein har underliggjande, uoppdaga hjarte-karsykdom, noko som er mest vanleg hjå eldre, kan akutt og uvant hard belastning utløyse eit hjerteinfarkt.
– Når ein eldre utrent person går ut og begynner å måke snø, så vil det kunne avdekke kransåresjukdom, og i verste fall vere starten på et hjarteinfarkt. Det er ein klisjé at snømåkarar får hjarteinfarkt, men det er ikkje tull. Det er typisk at utrente personar med risikofaktorar som plutseleg utsett seg for hard belastning, kan få debut av sjukdomen sin gjennom det.
Men ein ting er klokkeklart frå ekspertane. Regelmessig fysisk aktivitet reduserer risikoen for hjartesjukdomar for alle.
– For dei som ikkje driv med fysisk aktivitet i dag er det beste du kan gjere å kome i gang med forsiktig progresjon. Det er gjennom det ein verkeleg kan få helsegevinst og redusere risikoen for hjarte- og karsjukdomar, seier Myhre.
Høyr fleire tips og svar på spørsmål om trening og hjartehelse i NIH-podden.