Fem konkrete tiltak for å få nordmenn meir aktive

Kan screening av inaktivitet og arbeidsplassar som aktivitetsfyrtårn få dei minst aktive av oss i gang?

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Gruppe voksne går på tur.

Det er lite fysisk aktivitet som skal til for dei aller minst aktive, for å få livsviktige fordelar. Å bryte opp stillesittinga på jobb med aktive pauser er eit av forslaga under tiltak fem aktivitetsfyrtårn. Foto: Colourbox

14 unge leiarar var i fjor samla på NIH til å diskutere og finne løysingar på eit av våre aller største samfunnsproblem.

– 97 av 100 kroner på helsebudsjettet går til reparasjon og berre tre til førebygging. Vi får jo ikkje ut fingeren og klarer ikkje å løyse dette her. Når vi møter politikarar så gjentar dei ofte de samme bodskapa, men det skjer ikkje noko, seier leiar av Aktivitetsalliansen, Anders Hall Grøterud i NIH-podden.

 

Mann roterer med vekt på treningssenter
Anders Hall Grøterud er dagleg leiar av Aktivitetsalliansen og har hovedfag i idrettspsykologi fra NIH. Foto: Magnus Skrede

Blei sjokkert over tala

Dei tok initiativet til tankesmia for å nettopp gje politikarane klare og konkrete forslag til tiltak for å løyse folkehelsekrisa i åra framover.

– Vi treng at vi frå tid til annan tenkjer heilt nytt, og da må vi samle dei unge. Dei er ikkje styrt av det som er prøvd og foreslått før, seier Grøterud.

Johanne Killi var ei av deltakarane på tankesmia, som representant frå Skiforeningen, som er ein av dei sju aktørane som er med på samarbeidet i Aktivitetsalliansen.

Kvinne smiler på ski i marka
Johanne Killi er tidlegare friski-utøvar med gull frå X-Games. Nå jobbar ho for at fleire skal oppleve aktivitetsglede i Oslomarka. Foto: Skiforeningen. 

Ho blei sjokkert over tala som viser korleis stillesittinga har auka blant nordmenn dei siste åra.

– Det er veldig mange som er inaktive og som ikkje har fysisk aktivitet i kvardagen. Det var sjokkerande å sjå tala på kor stillesittande mange er. Det gav meg berre enda meir motivasjon til å bidra og kjempe for at dette skal bli gjort noko med, seier Killi som jobbar som kurs- og arrangementskoordinator i Skiforeningen i Oslo.

Etter dei to dagane med faglege innlegg og workshop kom gruppa fram til fem forslag som dei mellom anna har lagt fram for fleire helsepolitikarar på Stortinget denne våren.

1. Friskliv til alle – ein kommunal grunnmur for folkehelse

– Vi må sikre at dette tilbodet finst i alle kommunar, det bør blir lovpålagt og at kommunane ikkje kuttar det på grunn av dårleg økonomi, seier Grøterud og legg til:

– Målet er å få folk til å begynne med fysisk aktivitet, og sluse dei vidare inn i andre aktivitetar som finst i nærområdet. Anten det er offentleg, frivillig eller privat. Dette er ein modell som vi har veldig tru på.

Frisklivssentralen kan hjelpe deg med å få eit bedre kosthald, bli meir fysisk aktiv, slutte med snus og røyk, bli sterkare psykisk, eller få betre søvn. Frisklivssentralen er ein helsetjeneste som finst i dei fleste kommunar i Norge.

Kjelde: Helse Norge

Les meir hos Helsedirektoratet

2. Resept på bevegelse – fysisk aktivitet inn i ordinær behandling

Likestille fysisk aktivitet med medisin, både fagleg og organisatorisk.

– 80 prosent av oss møter fastlegen i løpet av eit år. Samanlikna med ein kampanje frå myndigheitene som ofte blir oppfatta som peikefinger, høyrer ti gonger så mange på råda frå fastlegen. Dei er gode agentar til å seie: nå er tida inne for å gjere noko, seier Grøterud.

Men i dag veit dei ofte ikkje kor dei skal sende folk.

– Det bør løne seg like mykje å rettleie til fysisk aktivitet, som å skrive ut ei pille. Da kjem frisklivssentralen også inn. Det bør vere ein hub der ein sit og har full oversikt over tilbod og kan sluse pasientane vidare, men det har dei ikkje ressursar til i dag.

3. Nasjonal kampanje – ein ærleg samtale om konsekvensane av inaktivitet

– Eg tenkjer at ein skremmekampanje kan bidra til at folk får litt meir auga opp for kor alvorleg stort problemet er, og kor lite som skal til for å kunne få nokre ekstra gode leveår, seier Killi.

I kampanjen skal vi få fakta om kor mange leveår ein vanleg nordmann sparer på å vere aktiv kontra av å ikkje vere aktiv i det heile tatt, fortel ho.

– Her er vi inspirerte av ein canadisk kampanje. Du skal få ei påminning om at “oi det er faktisk litt opp til meg, kva slags liv eg får når eg er gammal. Vi treng den referansen i samfunnet. Her skal vi ikkje gje folk peikefingaren, men seie rett ut kva som er konsekvensane av å ikkje vere aktiv, legg Grøterud til.

4. Screening av inaktivitet – gjere risiko synleg og målbar

Her foreslår gruppa ein enkel fem-minutts sjekk hos fastlegen for å oppdage funksjonsfall, særleg hos eldre og personar i risikogrupper.

– Kanskje skal alle over 65 år få ein slik moglegheit til screening. Da har ein framleis moglegheit til å stoppe og bremse utviklinga til du blir pleietrengande. Det er jo det som er mykje av målet, å fange opp dette i tide, og kome inn med tiltak og aktivitet, seier Grøterud.

Han meiner screening absolutt har noko for seg, også for å anerkjenne inaktivitet som ein sjølvstendig risikofaktor for helsa.

– Det er jo ein av verdas leiande dødsårsaker, seier han.

5. Aktivitetsfyrtårn – arbeidsplassen som arena for bevegelse

Det siste forslaget handlar om å gjere det attraktivt for arbeidsgjevarar å tilretteleggge for aktivitet.

– Eg har spesielt tru på aktivitetsfyrtårn. Arbeidsplassen er jo den viktigaste staden vi kan nå ut til vaksne, og der vi brukar mest tid i løpet av dagen, seier Killi.

Dette handlar ikkje nødvendigvis om trening i arbeidstida, men å få inn aktive pausar i arbeisdagen.

Han nemner møter over to-tre timar, nesten utan pausar som eit eksempel som gjer det vanskeleg i dag.

– Stillesitting bør inn i lovverket som ein risikofaktor, på linje med fysiologisk belastning eller støy eller andre ting som ein skal beskytte seg mot på arbeidsplassar. Vi må få inn tiltak som legg til rette for at det skal vere lett å ta små fysisk aktive pauser.

NIH-student deltok

I tillegg til Skiforeningen, var representantar frå Syklistforeningen, Grete Roede, Sportsbransjeforeningen, DNT, Virke trening og Gjensidigestiftelsen.

Frå NIH deltok Sport Management-student Selma Falkeng Gulbrandsen.

– Eg har spesielt tru på forslaget om aktivitetsfyrtårn. Det trur eg kunne vore veldig viktig og effektivt sidan arbeidsplassen er den viktigaste arenaen å nå vaksne på. Vi ser jo at høgt sjukefråvêr kostar samfunnet milliardar av kroner, seier Gulbrandsen. 

Les meir om tankesmia på Aktivitetsalliansen sine nettsider

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag
Publisert 21. aug. 2026 10:08 - Sist endra 22. sep. 2026 10:13