Dette opplevde pasientar som fekk trene under behandling

Korleis opplever pasientar med alvorlege psykiske lidingar å delta på fysisk aktivitet i behandling? NIH-studie viser at dei fekk meir ut aktiviteten enn betre kondisjon og auka styrke. 

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Ei gruppe personar på tur på fjellet.

Fjelltur og skitur var nokre av lågterskel-aktivitetar pasientane fekk bli med på i aktivitetstilbodet til Diakonhjemmet sykehus. Foto: Diakonhjemmet

– Du burde gå ein tur.

Ei setning som mange pasientar i psykisk helsevern nok får høyre. Aktivitet blir sett på som eit viktig tillegg i behandlinga.

Men kva om det hadde vore langt meir aktivitet og behandlinga hadde blitt sentrert rundt det?

 

Funna utfordrar grunnleggande tankar

Etter å ha forska på kva pasientane faktisk får ut av fysisk aktivitet, meiner forskarar frå NIH at nettopp fysisk aktivitet bør vere ein kjernekomponent i behandling av pasientar i psykisk helsevern.

– Eg tenkjer at funna våre utfordrar ein grunnleggande tanke. Legen seier kanskje “du burde gå ein tur eller “har du prøvd å melde deg inn i eit treningssenter”, men i realiteten framstår fysisk aktivitet som ein kjernekomponert i behandlinga, meiner professor Lene Haakstad.

Portrett Lene Haakstad
NIH-professor Lene Haakstad ved Institutt for idrettsmedisinske fag var prosjektleiar for studien. 

I prosjektet “Mind in Motion” har forskarane undersøkt erfaringane og perspektiva til 33 pasientar med alvorlege psykiske lidingar som schizofreni og bipolar liding.

Som ein del av behandlinga ved Diakonhjemmet sykehus var pasientane med i eit aktivitetstilbod. Det bestod av lågterskel-aktivitetar i grupper som å gå turar, skiturar, spele fotball, styrketrening og symjing. 

Dei fekk også bli med på  overnattingsturer til fjell og sjø og fekk delta på Holmenkollstafetten.

Gjennom djubdeintervju og spørjeskjema kom det fram at pasientane opplevde mange helsefordelar ved å ha fysisk aktivitet integrert i behandlinga.

– Det var slåande at veldig mange deltakarar opplevde det heilskaplege helseperspektivet. Dei delte det ikkje inn i fysiske, psykiske og sosiale helseeffektar, men opplevde rett og slett at dei fekk betre velvære, fortel Siri Hansson som var masterstudent på studien.

Hansson er nå doktorgradsstipendiat ved Lovisenberg Sykehus og forskar nå på fysisk aktivitet og psykisk helse (angst/depresjon).

Gav struktur og meining i kvardagen

Pasientane trakk fram langt meir enn berre betra kondisjon og styrke.

  • Pasientane opplevde generelt betre allmennstilstand og auka velvære.
  • Lågterskel aktivitet i grupper gav moglegheit til å møte andre i situasjon og bryte sosial isolasjon.
  • For ei pasientgruppe der mange stod utanfor arbeidslivet, gav dei faste vekentlege aktivitetane ei viktig rutine, struktur og noko konkret å gå til i kvardagen. 
  • Fysisk aktivitet fungerte som eit pusterom frå pasientrolla der målet ikkje var å bli frisk eller snakke om sjukdom, men å delta som ein vanleg deltakar.

Frå mange studiar veit vi kor positivt fysisk aktivitet og friluftsliv er for psykisk helse. Men korleis lykkast med å få det inn i behandlinga av psykisk sjukdom?

Professor Haakstad meiner tre ting må vere på plass.

  1. Fysisk aktivitet må vere integrert i behandlingsplanar
  2. Det må vere tilsett fagpersonar på trening og fysisk aktivitet, i det minste må ein samarbeide med dei.
  3. Det må vere system for oppfylging av pasientane etter at dei har blitt skriven ut.

Treng oppfylging i etterkant

Forskingsprosjektet såg også på kva som gjorde det vanskeleg for pasientane å vere fysisk aktive. Pasientane trakk fram barrierar som biverknadar frå medikament som gav seg utslag i lågt energinivå og vektoppgang.

Portrett Siri
Siri Hansson tok master i idrettsmedisin ved NIH og er nå doktorgradsstipendiat og forskar på fysisk aktivitet og psykisk helse. 

Ustabil dagsform, angstsymptom og søvnproblem var andre faktorar som gjorde det vanskeleg å vere aktiv. 

– Det interessante er at fleire av plagene som gjorde det vanskeleg å delta, også er plager som fysisk aktivitet kan ha ein positiv effekt på. Pasientane skildra sjølv at når de fyrst deltok, kunne aktiviteten gje meir energi, betre søvn og gjere det lettere å handtere symptomer i kvardagen, fortel Haakstad. 

Hansson legg til at sjølv om pasientane opplevde desse utfordringane så så var dei alle aktive deltakere i aktivitetstilbodet fast frå ein til fire gonger i veka. 

– Dei understreka også at det var mogleg å delta på aktiviteten til tross for desse utfordringane, mellom anna fordi aktivitetsleiaren var veldig viktig for å motivere, seier Hansson.

Alle dei 33 pasientane uttrykte ynskje om å halde fram med trening etter at dei var ferdige med behandlingsopplegget ved Diakonhjemmet sykehus.

Men mange trudde det kom til å bli vanskeleg å få til.

– Dei vil vere aktive, men plutseleg er det ingen der som kan fylgje dei opp og hjelpe dei i gang lenger. For meg peikar desse resultata tydeleg på at viss vi vil at fysisk aktivitet skal fungere for denne gruppa, må vi også legge til rette for det i praksis. Det er ikkje nok å seie at fysisk aktivitet skal vere ein del av behandlinga dersom ein ikkje samtidig sett av ressursar til fagpersonar med kompetanse på fysisk aktivitet og trening, seier Haakstad. 

Forskaren meiner fagpersonar som helse- og treningsfysiologar, som blir utdanna mellom anna på NIH, spelar ein nykelrolle. 

– Dei kan tilpasse aktivitet, skape tryggleik og bidra til meistring. 

Høyr meir om forskingsresultata i NIH-podden. 

Referanse:

Patients’ experiences with group-based physical activity in psychiatric treatment- a mixed-methods study. Hansson, S. E., Abrahamsen, F. E., Haakstad, G., Gjestvang, C., Grimsmo Jørgensen, R. J., Brown, W. J., & Hagen Haakstad, L. A. (2026). Mind in motion: Patients’ experiences with group-based physical activity in psychiatric treatment- a mixed-methods study.BMC Psychiatry,26(1), 461.https://doi.org/10.1186/s12888-026-08117-7

Dette var studien

  • Mind in Motion – eit forskingsprosjekt om rolla og erfaringane med fysisk aktivitet i psykisk helsevern.
  • Formål: Å undersøke pasientane sine eigne erfaringar, opplevde helsefordelar, barrierar og perspektiv på å opprettholde aktivitet etter endt behandling.
  • Prosjektleiar: Professor Lene Haakstad (Institutt for idrettsmedisinske fag, Norges idrettshøgskole). Initiativtakarar: Geir Haakstad (idrettspedagog ved Diakonhjemmet sykehus) og Siri Hansson (doktorgradsstipendiat ved Lovisenberg Sykehus, tilknyting til psykologisk institutt ved UiO, tidlegare bachelor- og masterstudent ved NIH).
  • Samarbeidspartnarar: Norges idrettshøgskole (NIH) og Diakonhjemmet sykehus (Voksenpsykiatrisk avdeling). Og professor Wendy Brown ved University of Queensland/Bond University, Australia. Frank Abrahamsen og Christina Gjestvang, NIH har også vore involvert i forskingsgruppa.
  • Deltakarar i studien: 33 pasientar (kvinner og menn i alderen 20–60 år) som deltok på eit vekentleg, gruppebasert lågterskeltilbod. Mange hadde alvorlege psykiske lidingar (som schizofrenispektrum og bipolar liding) og stod utanfor arbeidslivet.
  • Metode: Kombinert metode (mixed methods) med dybdeintervju av åtte pasientar og spørreskjemaundersøking blant 33 pasientar.
Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag
Publisert 11. okt. 2026 21:11 - Sist endra 11. okt. 2026 21:11