Desse spelarane lykkast i straffekonk

Kva er det som gjer at nokon taklar det enorme presset frå straffemerket betre enn andre?

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Geir foran mikrofonen i NIH-podden studio

Geir Jordet er professor ved Institutt for idrett og samfunnsvitskap på NIH og forskar blant anna på press, stress og kroppsspråk i fotball. Foto: Håvard Hauge Haakonsen.

Kvar gong eit fotballmeisterskap går over til sluttspelfasen og moglegheita for straffesparkkonkurranse opnar seg, får ein fotballforskar i Noreg telefonar frå heile verda.

Ingen har forska meir på straffespark enn Geir Jordet. 

Det er få som veit meir om kva som skal til for å takle det umenneskelege presset det er å skulle avgjere ein VM-kamp for nasjonen din, når du veit at millionar, kanskje milliardar følger det eine sparket på ballen.

1 av 5 VM-kampar blir avgjort på straffer

– Alle forventar at du scorar, for cirka 70-80 prosent av straffesparka blir jo mål. Du har eigentleg alt å tape. Viss du bommar så er det dette alle kjem til å hugse i alle år.

 

Han kallar straffesparkkonkurransar eit perfekt laboratorium for å studere effektane av stress og press.

Og det er ikkje sjølve sparket på ballen han er fascinert av.

– Sparket er på ein måte det kjedelegaste. Det er jo alt som skjer før sparket som betyr mest for meg. Det er kanskje det mest intense presset og stresset du kan oppleve som fotballspelar, kanskje som idrettsutøvar, forklarer Jordet.

Heile 1 av 5 sluttspelskampar i den moderne VM-historia har gått til straffer Kva er det forskaren har sett som spesielt interessant?

Det norske laget jublar
Jubling etter straffespark har vist betydeleg effekt viser tidlegare studiar. Kan Erling Braut Haaland og resten av gjengen juble seg til siger i ein eventuell straffesparkkonkurranse? Foto: NTB.

Benkeslitarane må ofte avgjere straffekonk

Noko av det siste han har sett på er at det i moderne fotball ofte er innbyttarane på benken som ender opp med å ta straffe i ein straffekonk.

60 prosent av dei som tar straffesparkkonkurranse i nyare tid (gjekk frå tre til fem innbyttarar i 2022) er spelarar som ikkje starta kampen.

– Det betyr at når ein trenar planlegg ein straffekonk må dei tenkje meir på kven dei ser for seg skal avslutte kampen enn dei som skal starte.

Effekt av jubel etter scoring

Viss du jublar uhemma etter eit mål på straffespark, så aukar faktisk sjansen for at den neste motspelaren bommar med 10-15 prosent, viser ein av studia til Jordet.

– Vi såg også at sjansen for at den neste medspelaren din treff med opptil 10 prosent, fortel Jordet.

Keeper som psykar ut straffeskyttar

Når keeper prøvar å psyke ut straffeskyttaren før eit straffespark, viste ein studie at prestasjonen sank med cirka 10 prosent.

Tid brukt på straffe

Forsking har vist at det å bruke kort tid på eit straffespark, gir lågare sjanse for mål. ´

– Det handlar kanskje litt om at ein vil bli fort ferdig og kome seg vekk fortast mogleg.

Jordet trekk også fram eit motsett eksempel frå EM-finalen i 2021 mellom England og Italia. Marcus Rashford tok straffe for England og på hans ti siste straffespark hadde han tatt seg god tid.

Normalt stod han seks-sju sekund etter at dommaren blåste i fløyta. I finalen stod han dobbelt så lenge. 12 sekund.

– Eit stort raudt flagg, seier Jordet i NIH-podden.

Rashford sa i intervju etter kampen at han prøvde litt for mykje og ville ta eit perfekt spark.

– Han overkompliserte det, seier Jordet.

Dei siste ti åra har spelarane begynt å bruke lenger tid enn dei gjorde på 70-80 og 90 talet da dei i gjennomsnitt brukte under eit sekund på å ta sjølve straffa. Nå går det tre-fire sekund frå dommaren bles til spelarane treff ballen.

Trenarens rolle

– Den er kjempeviktig, både før kampen og dei tre minutta mellom ekstraomgang til straffekonken startar, seier Jordet og kjem med eksempel frå førre VM-finale mellom Argentina og Frankrike som blei avgjort på nettopp straffer.

Kontrasten var stor mellom den franske trenaren Didier Deschamps og Argentinas Lionel Scaloni.

– Deschamps visste tydeleg ikkje kva han skulle gjere. Du kunne sjå han tenkje og konferere med assistenten sin og brukar frykteleg lang tid på å bestemme kven som skulle ta straffer, seier han.

Det var ikkje tilfelle med argentinske Scaloni som etter kvart endte med å ta VM-gullet.

– Han brukar brukar 20 sekund på å fortelje spelarane om kven som skal ta streffe. Det var tydeleg at spelarane nok visste kven som skulle ta straffer i forkant og hadde brukt god tid på å førebu seg.

Dette bør du som TV-sjåar sjå etter

Heime hos professoren i idrettspsykologi er nok fokuset litt annleis enn hos den vanlege fotballsjåaren. Kva er det han ser etter i kroppsspråket til spelarane som kan påverke straffesparket?

– Dynamikken mellom spelarar, samspelet i eit lag, konfrontasjon med eit motstandar. Kommunikasjon med dommaren og korleis spelarane oppfører seg rundt trenaren, seier Jordet

Men handlar ikkje ein straffesparkkonkurranse aller mest om flaks?

– Det er sjølvsagt ein del flaks involvert. Men du kan absolutt auke sannsynlegheita for at du lykkast med eit spark ved å gjere ting riktig i trening, i førebuing og i den mentale inngangen til sparket.

Jordet meiner lag bør begynne å førebu seg fleire månader før ein eventuell straffekonk.

– Viss eg skulle stått der og tatt eit sånt type spark, skulle eg jo ynskt at eg hadde begynt å trene på dette god tid i forvegen, sånn at eg hadde ein straffeteknikk og ein rutine som eg stolte 100 prosent på, seier Jordet.

Den beste straffeskyttaren i VM

Dei beste straffeskyttarane har ein rutine dei alltid skal gjennom. Noko dei gjer rett før sparket som dei kan fokusere på.

– Sjølv om stresset tyt ut av øyra mine, så veit eg akkurat kva eg skal gjere. Den rutina er kjempeviktig, seier han og held fram:

– Dei beste er også frykteleg vanskeleg å førebu seg mot, fordi dei er så uføreseielege. Dei har eit knippe med ulike straffesparkteknikkar som dei trekk fram litt vilkårleg. Som keeper veit du aldri kva som dukkar opp, seier Jordet.

Nyleg skreiv han ein artikkel i New York Times der han trakk fram VMs 10 beste straffeskyttarar. Lionel Messi og Cristiano Ronaldo var faktisk ikkje ein del av lista.

Englands storscorar Harry Kane kapra fyrsteplassen på Jordets liste.

– Kane har teke så mange straffespark, men måten han framleis utviklar seg på er svært imponerande. Han er uføreseieleg, svært stabil og ekstrem effektiv, skriv Jordet.

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Publisert 29. juni 2026 09:30 - Sist endra 3. aug. 2026 12:52