Kva er det som fyrst dukkar opp i minnet når du tenkjer på dine eigne gymtimar frå skuletida?
Om det er kanonball og hjørnefotball så er du langt frå aleine. Men er desse ballaktivitetane eigentleg god kroppsøving?
Spør elevane kva dei vil
– Den største utfordringa med kroppsøving er lærarar som ikkje har kompetanse i faget. Da er det lett å ty til enkle løysingar. Kanskje spør dei elevane om kva dei vil, eller vel aktivitetar som dei er kjent med frå eigne gymtimar, seier kroppsøvingslærar Maria Moen i NIH-podden.
Temaet er korleis skulen og kroppsøvingstimane kan bidra til betre folkehelse. Tal frå NIH og Folkehelseinstituttet viser at aktivitetsnivået og den fysiske forma har gått ned, spesielt blant dei minst aktive barna.
Da hjelper det ikkje at det er dei elevane som ropar høgast og får påverke innhaldet i timane, er dei som er trygge i aktivitetane og driv med organisert idrett.
Når timane blir fylt opp med ballaktivitetar er det mange elevar som fell utanfor og ikkje kjenner på glede eller meistring i kroppsøvingsfaget, meiner Moen.

– Det er ikkje noko gale med desse aktivitetane i seg sjølv, men det er mange som ikkje opplever meistring i dei. Da trekkjer dei seg heller unna. Viss elevane skal få ein positiv oppleving, må det vere positive kjensler rundt aktivitetane, seier Moen og fryktardesse elevane får eit vanskeleg forhold til å vere fysisk aktiv.
Desse grepa har Maria tatt
Derfor har ho tatt tydeleg grep på sin barneskule i Oslo over fleire år som kroppsøvingslærar.
Ved å ta kontakt med lokale klubbar og felleskap i lokalmiljøet, vil Maria vise elevane at det finst langt fleire måtar å vere fysisk aktiv på.
– Elevane treng å få sjå at det finst meir enn det dei blir tatt med på av foreldra eller vener på. Mange finn ikkje plassen sin i dei største idrettane.
Moen nemner parkour, dans, bryting, boksing, volleyball, innebandy og crossfit som aktivitetar ho har tatt med klassene sine på.
– Dei synest det er så artig. Det er fleire elevar som har starta på ein ny aktivitet. I staden for å slutte heilt med idrett da dei ikkje ville spele fotball eller handball meir, har dei i staden begynt på bryting og funne eit fellesskap der, nemner Maria som eit eksempel.
I tillegg brukar Maria ein god del av timane dei har til rådigheit i Fysisk aktivitet (FYSAK) på sosial kompetanse.
– Vi snakkar mellom anna om kva dei ulike bevegelsane og aktivitetane faktisk gjer med deg og kroppen din.
Høyr meir om korleis Maria Moen jobbar i NIH-podden
Nær halvparten har ikkje kompetanse
Nesten 50 prosent av lærararane som underviser i kroppsøving i grunnskulen, har ikkje utdanning i faget.
Professor Mats Hordvik meiner eksempla barneskulelæraren kjem med, viser kvifor det er så viktig med kompetanse i faget også for dei yngste elevane.
– Det Maria gjer er akkurat det vi treng. Det handlar om tilpassa opplæring som i alle andre fag. Vi må tilpasse til dei som er gode i idrett, dei midt på treet og dei som er lite aktive. Da treng vi lærarar som klarer å undervise på ein måte som treff fleire, seier Hordvik.
I vår var kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun invitert til NIH for å halde innlegg på frukostseminaret: «Kroppsøving i framtidas skole: Problem eller løsning på folkehelseutfordringene?»
Der fortalde statsråden at ho jobbar for å gjere det obligatorisk med minst eit praktisk-estetisk fag, som kroppsøving, i lærarutdanninga.
Sjå frukostseminaret i opptak her
Vil gjere fag obligatorisk i lærarutdanninga
– For mange vel vekk praktisk-estetiske fag, for dei har gjerne berre to-tre fag dei skal undervise i. Dei har lyst til å velje det, men gjer det ikkje. Vi vil jobbe for at dei skal ta fleire fag, for da veit vi at kompetansen kjem ut, sa Nordtun.

Hordvik som forskar og underviser på lærarutdanninga på NIH meiner dette og meir satsing på etter- og vidareutdanning er svært viktig i grunnskulen.
– Det er ein draum viss lærarutdanninga kan ha krav om eit praktisk-estetisk fag. Det vil heve kvaliteten på faga. Nordtun kom med veldig positive lovnadar, så nå håpar me det vil bli fylgd opp også, seier Hordvik.