– Vi treng meir aktivitet for barn som berre skjer utan å ha eit mål

Lage Sofienlund meiner norsk idrett er for opptatt av å legge til rette for at barn skal bli best i idretten sin. I Konnerud IL jobbar dei hardt for å ta vare på leiken og bidra i lokalsamfunnet.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Barn som balanserer inne i gymsal

Ein gong i veka er har Lage Sofienlund aktivitet med barna på idrettsfritidsordninga Konnerud IL arrangerer. Målet er å få fleire barn i fysisk og allsidig aktivitet. Foto: Konnerud IL

Du kjenner han kanskje  som trenar for verdas raskaste kvinne på ski. 

Kristine Stavås Skistad har vald å bli i heimklubben og ha Sofienlund som fylgjer ho tett på treningsøkter på heimebane.

Men kvar veke er han også trenar for dei aller yngste i skigruppa i Konnerud IL.

– Vi har veldig stor tro på å skape ein god start i idretten. Derfor har vi vald å gjere det slik at sportsleg leiar har hovudansvaret for den yngste gruppa i oppstarten. Slik skal dei fyrste skitreningane på hausten opplevast som gode og artige fordi det er ein kyndig person med mykje erfaring som har dei, seier Sofienlund.

Han er ein av gjestene i NIH-podden som tar opp temaet: Korleis bygge eit best mogleg idrettslag? 

Blir lettare å få foreldre som frivillige

Frivilligheit er ein heilt sentral del av mange norske idrettslag.

Rekrutteringa av foreldre er vanskeleg, men Sofienlund meiner dei har funne ein god modell med å jobbe målretta når barna startar i idretten.

– Når foreldra veit at dei ikkje vil sitje med heile planleggingsansvaret aleine blir det lettare å få dei med som assistenttrenarar og medhjelparar, seier han.

I Konnerud opplever dei at det blir lettare for foreldra å rekke opp handa som frivillig utover året når det er den erfarne trenaren som startar opp treningane.

Dei blir også gradvis opplært til korleis ein kan vere ein dyktig skitrenar eller oppmann og får tips til gode økter.

Neste haust er målet at dei kan gå laus som hovudtrenarar og hovudansvarlege for niårs-gruppa. 

– Det er ein god måte å rekruttere frivillige på, meiner Sofienlund. 

Langrennsløper og trenar
Sofienlund er kjent som langrennssprintar Kristine Stavås Skistads personlege trenar. Ho er ein av gullfavorittane på sprinten i VM i Trondheim. Foto: Bjørn Delebekk.

Klubbhandboka blir ikkje liggande i skuffen

Konnerud IL er ein stort fleiridrettslag med over 3000 medlemmer og 200 trenarar i sving. Dei aller fleste er uløna.

– Det som kanskje er unikt er at vi har ein sportsleg leiar som held i klubbhandboka hele vegen, slik at den ikkje blir liggande i skuffen. Sportsplanen og visjonane våre blir tatt ut på treningsfeltet og trenarane blir fylgd opp på den, fortel Sofienlund.

Julius Strömberg forskar på korleis norske idrettsklubbar blir styrt av dagleg leiarar og styre i laget.

Han har mellom anna undersøkt klubbhandbøkene og intervjua 30 idrettsleiarar i 25 idrettslag til nå i doktorgradsprosjektet sitt. 

Fleire av idrettsleiarane seier i intervju med forskaren at dei ikkje brukt nok, som dei gjer på Konnerud. 

– Dei har ei klubbhandbok, men den blir kanskje ikkje alltid iverksatt og brukt i det daglege arbeidet. Det er nok kanskje meir at den ligg i ein skuff, enn at den blir tatt med ut på treningsfeltet som Lage skildrar. 

Idrettslaget vil bidra i folkehelsearbeidet

På Konnerud i Drammen er målet å skape idrettsglede for alle.

Dei siste åra har dei dreia i ei retning der dei også skal ta ein samfunnsberande rolle og ta meir folkehelseansvar. 

Dei har ein eigen stilling for sport og samfunn, som har ansvaret for å bygge relasjonar mot andre frivillige organisasjonar i lokalsamfunnet og har mange prosjekt saman med skule og barnehage. 

Eit eksempel er at ungdomsskuleelevar bidreg som aktivitetsleiarar i FYSAK for barneskuleelevar.

Eit anna er Aktiv senior, der ein instruktør frå idrettslaget leiar ei styrketreningsøkt for eldre på dagtid.

Forskar Strömberg trur trenaren med master i coaching og idrettspsykologi frå NIH, absolutt er inne på noko når det kjem til korleis idrettslag kan bidra i lokalsamfunnet.

– Det Lage fortel er veldig bra, men det er ikkje unikt for ein eller to klubbar i Noreg. Det finst mykje godt samfunnsarbeid blant mange klubbar, og jo større klubb ein er, desto lettare er det å bidra i samfunnet. 

Portrett Julius
Julius Strömberg har sjølv eit nært forhold til barndomsklubben Hälle IF som han framleis konkurrerer for. Han har mastergrad i Sport Managment frå NIH og forskar nå på godt styresett i norske idrettslag.

Skal ikkje velje idrett tidleg

Men i kampen for å vinne over skjerm og stillesitting i dagens oppveksande generasjon, opplever idrettslaget at dei seks forskjellige idrettsgruppene i laget er kvarandres største konkurrentar.

Fotball har blitt ein heilårsidrett, og det blir tidleg utfordrande for barn å drive med fleire idrettar samtidig.

– Vår hardaste konkurrent er ofte kvarandre. Vi vil jo vinne over stillesittinga og gjere noko med utanforskap, men me slit også med at vi konkurrerer med kvarandre og slår i hjel kvarandres tilbod. 

I Konnerud IL har dei ennå ikkje opna for at barna skal velje ein idrett når dei startar på skulen. 

– Allidrett, der ein er innom alle greinene til klubben, har vore tradisjonen vår. Fram til 2. klasse er det allidrett som er tilbodet vårt, men det har blitt ei utfordring å halde igjen dei siste åra, medgir Sofienlund.

– Den utfordringa blir berre større og større for kvart år som går. I eit fleirdrettslag som oss ynskjer ein å vere på lag, samtidig konkurrerer vi om dei same barna. Det er ein krevjande situasjon. 

Vil ha meir eigenstyrt aktivitet

Det er her Lages brennande engasjement for sjølve aktiviteten verkeleg kjem inn. 
Han meiner at norsk idrett, foreldre og trenarar må  dempe ambisjonane på vegne av barna. 

– Eg synest eg ser at idretten er i ferd med å gå i ein retning med meir målstyrt aktivitet. Vi debatterer veldig mykje rundt kva som er best for å skape gode utøvararar og spelarar, eller at aktiviteten må vere akkurat slik for å få best mogleg helse. 

Sofienlund vil ha meir  aktiviten som ikkje blir gjort for å oppnå eit mål. Idretten kan også legge til rette for meir eigenstyrt aktivitet, meiner han. 

– Eg vil ha meir av den aktiviteten som berre skjer, den eigenstyrte aktiviteten. Idretten må legge til rette for at barn i større grad kan få gripe augeblikk og berre vere i aktivitet her og nå, fordi det er meir enn godt nok.

– All aktivitet må ikkje føre til ein stad eller bli til noko. 

Lærer for lite av kvarandre

Han opplever også at vi lærer for lite av kvarandre i norsk idrett.

Sirkelen blir berre starta på nytt og på nytt, fordi trenarar og leiarar kjem og går.kje kompetanse forsvinn gang på gang frå klubbane når ungane er ferdig med idretten eller flyttar ut, og foreldra vil prioritere å reise på hytta.

– Om vi klarer å arve kunnskap i større grad i idretten, og lære av dei som kom før oss, trur eg vi kan ta norsk idrett vidare på ein betre måte, meiner Skistad-trenaren. 

Eksempel kan vere at foreldre som har hatt trenaroppgåver, gå inn i styreverv når barna sluttar, eller ungdom som sluttar med idrett, kan få moglegheita i ungdomsutval eller andre leiaroppgåver.  

Høyr om visjonane og ideane til Konnerud IL og Lage Sofienlund, og om forskinga på norske idrettslag til Julius Strömberg i NIH-podden.

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Publisert 20. feb. 2025 09:12 - Sist endra 3. aug. 2026 13:04