Blir ski-VM tidenes mest berekraftige?

VM i Trondheim har gått høgt ut og seier dei skal vere tidenes mest berekraftige VM på ski. NIH-forskar Josephine Traberg er kritisk til korleis dei kan måle det i ettertid.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publikum på skirenn

Det kan bli over 200.000 tilskodarar rundt løypene under VM i Trondheim. Stipendiat Josefine Traberg meiner det er veldig bra at dei har tatt eit synleg standpunkt om berekraft, men er kritisk til dei store lovnadane. \Foto: Colorbox

Det nærmar seg eit nytt VM på ski i Noreg, og det som ser ut til å bli ein ny folkefest i Trondheim med over 200.000 langs løypene.

Meisterskapet skal også bli tidenes mest berekraftige VM på ski og vere eit inspirerande kraftsenter for berekraftig utvikling, ifølgje arrangørane.

Forskar på berekraft og idrett

Josephine Traberg er stipendiat på NIH og forskar på korleis store idrettsarrangement og organisasjonar kommuniserer om berekraft.

– Det å kome med ein såpass stor lovnad som tidenes mest miljøvenlege eller berekraftige ski-VM stiller eg meg kritisk til. Det er vanskeleg å måle. Me har heller ikkje nødvendigvis data å samanlikne med frå tidlegare VM på ski. Derfor kan måla vere vanskelege å innfri, seier Traberg. 

Nytt direktiv i 2026

Ho fortel om eit nytt direktiv som blir innført i 2026. Green Claims Directive skal gjere det ulovleg for organisasjonar å fremje seg eller produkta sine som meir grøne eller miljøvenlege enn dei faktisk er.

Derfor kan desse utsegna vere ulovlege og gje bøter om dei hadde kome med desse neste år.

Traberg nemner fotball-VM i Qatar 2022 og OL i Paris sist sommar som andre meisterskap som lova meir enn det dei har kunne vist til i etterkant.

– Qatar-VM skulle vere klimatnøytralt og utsleppsfritt. Det er absolutt ikkje fysisk mogleg å få til eit heilt klimanøytralt meisterskap, seier Traberg. 

Spent på kva Trondheim-VM vil vise i etterkant

Ho håpar at forskinga hennar på berekraft og kommunikasjon i internasjonal idrett kan vere med på å gje kunnskap til publikum om kva som er grønvasking og kva som er reelle og gode tiltak for å få ned klimagassutslepp.

Traberg er spent på kva slags tal Trondheim-VM kan vise til i etterkant av meisterskapet. 

– Kva slags data har dei og kva har dei fått målt og har oversikt over? Det er veldig fint at dei har satt fokus og søkjelys på berekraft, det applauderar eg dei verkeleg for. Men me kan heller ikkje villeie publikum, seier Traberg i NIH-podden. 

Portrett Josephine
Josephine Traberg er stipendiat ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, og skriv doktorgrad om berekraft og kommunikasjon i internasjonal idrett.  

Der er ho gjest saman med stevnedirektør i Bislett Games, Steinar Hoen. 

Frå oljestemne til grønt førebilete 

Det årlege Diamond League-stemnet i Oslo har fått stor anerkjenning for dei mange grøne tiltaka som er gjennomført dei siste åra. 

Bislett Games gjekk frå å vere sponsa av oljegiganten Exxon Mobile, til å bli det fyrste idrettsarrangementet i Noreg som blei sertifisert etter standarden for klimareknskap (ISO 14064).

– I 2017 tok me eit aktivt val og sa at me aldri meir skulle gjere oss avhengig av ein stor partner. Me tok all den reklameflata Exxon hadde hatt, og sa: kva for samarbeidspartnarar treng me for å gjere vårt grøne skiftet?

Hoen fortel at dei deretter gjekk ut og snakka med Norsk gjenvinning, Hafslund, Ruter, Flytoget og SJ. Dei spurde ikkje direkte etter pengar eller om dei ville kjøpe reklameplakatar. 

Spørsmålet var: korleis kunne dei hjelpe Bislett Games med å få ned utsleppa sine?

Bislett har kutta utslepp med 39 prosent

– Motivasjonen vår var ekstra stor etter 29 år med Exxon. Me skulda samfunnet å rydde opp litt etter oss. Og skulle me få til eit skifte, måtte tre ting vere til stades for at dette skal vere haldbart over tid. Det er nøydd til å vere betre for både  brukarane, klimaet og lommeboka, seier Hoen. 

Portrett Steinar Hoen
Steinar Hoen og Bislett Games blir nå invitert rundt i heile verda for å fortelje om den grøne reisa arrangementet har hatt sidan oljeselskapet Exxon trakk seg ut i 2016.

I dag har Bislett-alliansen redusert reisebudsjettet til utøvarane med nesten 40 prosent, klimagassutsleppet med 39 prosent og kjeldesorteringsgraden har gått opp med over 50 prosent. 

Dei har solcellepanel på taket, all energi kjem frå fornybare energikjelder og utøvarane reiser kollektivt. 

Kalenderen er lagt slik at Diamond League held fram i Stockholm same langhelg som Bislett Games. Dit reiser alle deltakarane med tog. 

– Dermed slepp utøvarane å fly på kryss og tvers over heile verda. Samtidig blir det billegare for oss, fordi me slepp å betale for tur-retur billett, seier Hoen og viser til at Stockholm betalar 50 prosent og Bislett den andre halvparten om dei flyg utøvarar inn frå for eksempel Jamaica.

Lite informasjon på nettsider

Ifølgje Traberg har VM på ski andre utfordringar enn Bislett Games. 

Dei er for det fyrste avhengige av snø og snøproduksjon.

VM går over 12 dagar ei mil utanfor Trondheim by, og forventar over 200.000 tilskodarar, medan Bislett Games har ein kveld, midt i sentrum av Oslo, med plass til drøye 15.000 på arenaen.

Forskaren synest det er bra at Ski-VM har knagga tiltaka sine opp mot FNs berekraftsmål og rosar mange av tiltaka. 

Men likevel er det noko som skurrar. 

– På nettsidene deira er det ikkje veldig mykje informasjon. Det står litt om kva dei skal gjere, men det er ikkje noko link til for eksempel klimareknskapsverktøyet Green Producers Tool. Det er også veldig lite informasjon på engelsk som er bekymringsverdig. Internasjonale interesserte må kunne finne ut av og forstå kvifor dette skal vere tidenes mest berekraftige ski-VM, meiner Traberg. 

NRK har også skrive om kritikk frå miljøorganisasjonar for dei store lovnadane. Slik svarar berekraftsansvarleg i Trondheim-VM, Ola Rønning, på spørsmåla. 

– Me lagar eit klimareknskap på dei utsleppa me kan kontrollere her i Trondheim og VM-regionen. Det er mange flyreiser knytta til eit ski-VM. Me har ein heilskapleg tanke knytta til berekraft, og ikkje berre klima og miljø, seier Rønning til NRK. 

– Ski-VM i Trondheim reddar ikkje verda aleine, men me gjer så godt me kan. Ved å måle alt me gjer, blir me betre, og framtidige meisterskap enda betre enn oss, avsluttar Rønning.

Høyr meir om korleis Bislett Games har gjennomført sine grøne tiltak i NIH-podden. 
 

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, NIH-podden
Publisert 5. feb. 2025 10:46 - Sist endra 3. aug. 2026 13:05