Sjå for deg at du er ungdomsskuleelev og får beskjed om at du dei neste 20 vekene skal vere trenar for eit volleyballag i kroppsøvinga.
Alle er spelarar i tillegg.
– Eg tenkjer at ein bør sjå nytt på kroppsøvingsfaget. Viss ein underviser og har fokus på eitt tema gjennom ein lengre periode, trur vi at det blir meir læring i faget, seier Mats Hordvik.
Han har forska på modellbasert praksis, som vil seie at lærarar brukar ulike pedagogiske modellar, for å undervise i kroppsøvingsfaget.
Brukar kort tid på kvar aktivitet
Saman med kroppsøvingslærar og universitetslektor på USN, Karl Petter Fon, diskuterer han korleis framtidas kroppsøving kan og bør sjå ut, i NIH-podden.

Dei diskuterer også korleis gymtimane rundt om i Noreg ser ut i 2025. Går det framleis mest i ballspel, slåball og Cooper-test?
– Det har nok skjedd ein god del med faget. Det er meir enn slåball og fotball. Det er eit vidt spekter i kroppsøvingfaget nå, men det som kanskje ikkje har endra seg så mykje, er det at ein brukar veldig kort tid på kvar aktivitet, seier Hordvik.
Mange har kanskje to-tre timar med ein aktivitet, og skal gjennom dei fleste tradisjonelle idrettar i løpet av året.
Ofte har elevane hatt den same økta og teknikkterpinga kvart einaste år gjennom 13 års skulegang, fortel dei to gjestene som begge har lang erfaring som lærarar i kroppsøving og idrettsfag.
Fon, som er lærar ved Stokke ungdomsskole i Sandefjord, er redd for at dagens kroppsøvingsfag ikkje klarar å treffe dei som ikkje er fysisk aktive frå før.
– Eg trur nok kroppsøvingsfaget som har vore utøvd dei siste ti åra, har vore designa mest for dei elevane som allereie er glade i å vere fysisk aktive. Vi må kanskje tenke litt annnleis om kva læringsutbyttet i faget skal vere, og ikkje minst vegen til dei læringsutbytta, meiner Fon.
Påfyll av kompetanse? Ta vidareutdanning i kroppsøving (deltid)
Kva er modellbasert praksis?
Det er nettopp der modellbasert praksis kjem inn. Eksempelet i innleiinga der elevar får roller som trenar eller journalist, er henta frå modellen «Sport Education».
Dei ulike modellane fokuserer på ulike tema, som for eksempel "Sport Education" som har idrett som tema.
– Det finst også eksempler på lærarar som har køyrd ein OL-sesong i Sport Education-modellen, der elevane blir delt inn i lag eller land. Viss det er vinter-OL, får eit lag ressursane til Noreg, medan eit anna land får ressursane til for eksempel Nigeria, fortel Hordvik.
Elevane trenar og jobbar deretter mot eit avsluttande arrangement, sjølve OL, som blir høgdepunktet mot slutten av perioden.

Elevane meiner dei får utfordra seg sjølv meir
På Stokke ungdomsskole har Karl Petter Fon prøvd ut dette i praksis over fleire år.
Sjølv vil han beskrive seg som ein ganske så tradisjonell kroppsøvingslærar. Han var handballgut og ballspel har vore sentralt i gymtimane hans.
Å teste ut ulike modellar over ein lengre periode, i staden for tre timar med handball eller basketball, var utfordrande.
– Eg måtte snu om på ein del tankar og steinar, men eg var veldig open for det og såg raskt verdien av endringa. Det gav meining.
Han såg fort også at rolla hans som lærar endra seg. Frå å vere ein instruktør til å vere meir enn rettleiar eller tilrettelegger. Nå skulle elevane i større grad utforske læringsoppgåvene sjølv, medan han bidrog etter behov.
Gjennom dei tre åra han testa dette ut som ein del av eit større forskingsprosjekt, fekk han mange positive tilbakemeldingar frå elevane.
Dei samla data gjennom fokusgruppeintervju med elevane gjennom dei tre åra.
– Det var to ting dei var veldig tydelege på. Dei var positive til at dei fekk meir ansvar for seg sjølv i undervisninga og måtte utfordre seg sjølv i større grad ved at dei måtte fylgje med på andre måtar, seier Fon.
Høyr meir om korleis du kan bruke modellbasert praksis i kroppsøving i NIH-podden
Det andre punktet handla om læringsutbytte både fysisk, kognitivt og sosialt.
– Dei fortel at dei lærte mykje om samarbeid og kommunikasjon, og at dei får utfordra seg på andre måtar, på grunn av ansvaret og at dei får betre tid.
Her eksempel på andre modellar han testa ut:
- «Teaching personal and social responsibility» som handla om læring om ansvar og å ta ansvar,
- «Teaching Games for Understanding» som var ein meir taktisk utforskande problemløysingsmodell.
- Health and wellness education, der dei lærte om helse, trening og korleis det påverkar kvarandre.
- Outdoor education, handla om friflutslivet og det å få autentiske opplevingar og erfaringar i situasjonar ute i naturen.
Eksempel på andre modellar er «Langsomt friluftsliv» med berekraftig utvikling som tema, «Øvingsmodellen» med øving som tema, «Aktivistisk tilnærming» med helse og kritisk tenking som tema, og «Teaching personal and social responsibility», som har individuelt og sosialt ansvar som hovudtema.
Dei understrekar at modellane legg opp til undervisninga skal vere praktisk. Dette handlar ikkje om å ta kroppsøving inn i klasserom og lærebøkane.
Det aller meste var praktisk utandørs eller i idrettshallen og nærområda rundt skulen.
Sidan Fon testa det ut, har også Hordvik gitt ut i lærebok om modellbasert praksis der modellane er utvikla og sett inn i ein norsk kontekst og opp mot nye læreplan og kompetansemål.
Mindre banning og meir respekt
Forskarane meiner at lærarane som testar ut undervisningsmetoden får ei tydeleg retning og visjon for korleis dei kan endre undervisninga til noko som forskinga viser er positivt for elevane og for deg lærar.
– Det var tydeleg at gjennom desse tre åra dei testa ut mellom anna «Sport Education» så utvikla dei ferdigheiter innanfor vollyeball, som var aktiviteten, men også i kommunikasjon og samarbeid på tvers av spelarane i laget. Dei fekk ein ny respekt for kvarandre.
Det gav utslag i at språkbruken endra seg i klassa. Det blei mindre banning og destruktivitet ,og meir respekt for dommaren, som jo også var ein medelev.
– Det blei rett og slett eit meir læringsfag, ikkje berre eit fag for å vere i fysisk aktivitet, oppsummerer Hordvik.

Utfordringar og moglegheiter
Kva kan vere utfordringane med å endre undervisninga såpass drastisk?
– For meg som lærar var det utfordrande i starten. Du begynner jo med å noko heilt nytt, og i etterkant var det kanskje for mykje å kaste seg over fire-fem modellar frå start. Kanskje bør ein begynne med ein modell som ein ser for seg kan fungere, og så utvikle det derfrå.
Hordvik fortel at modellbasert praksis passar godt inn i dagens læreplan. Som lærar kan du krysse av mange av kompetansmåla i ein enkelt modell.
– Det er heller ikkje slik at ein må drive modellbasert praksis heile året, sjølv om eg anbefalar det. Du kan absolutt starte også på barneskulen, om du tilpassar konteksten, læreplanmåla og elevane der.
Interessert å lære meir om modellbasert praksis?
Les meir om modellbasert praksis i læreboka utgjeven i fjor