– Når du får beskjed om at du berre må vere litt meir sjølvsikker, eller høyrer om andre kvinnelege kollegaer som får høyre at dei kunne ha vore gode, om dei berre hadde turt å snakke litt høgare.
Julia Mehre Ystgaard fortel oppgitt om noko av den skjulte diskrimineringa ho har opplevd i starten av sin trenarkarriere.
Rett frå mastergrad til toppjobb i Canada
Alt som 25-åring hadde Julia fått drøymejobben. Plutseleg skulle den nyutdanna trenaren trene og ha ansvar for Canadas verdscuplag i langrenn – både kvinner og menn.

I verdscupsirkuset som nærmast reiser verda rundt saman gjennom heile vinteren opplevde ho tidleg diskriminering av henne som ung kvinneleg trenar.
Men det var ikkje for å ta kvinnekampen at Julia kom inn i trenaryrket.
– Eg trur på hardt arbeid og at ein kjem dit ein ynskjer å vere viss ein jobbar for det. Du lærer å velje dei riktige kampane, så kjem du sterkare ut av det, og legg retorisk til:
– Skal vi verkeleg lære kvinner å tole diskriminering betre, eller skal vi sørge for at diskrimineringa forsvinn?
Vil gjere trenaryrket meir berekraftig for alle trenere, uavhengig kjønn
NIH-forskar Marte Bentzen har akkurat presentert ny forsking om kvinnelege topptrenarar i Noreg og Frankrike.
Etter 15 år med forsking på trenaryrket, kjente ho på ein viss motstand på å forske spesifikt på kvinnelege trenarar.

– Eg blir på ein måte litt irritert på at vi må ta opp denne debatten. Vi lever i 2025 og kunne jo ha tenkt oss at det å vere trenar skulle vere eit yrke som skulle vere likestilt og tilgjengeleg for alle. Men vi ser dessverre at det ikkje er slik og da må vi som forskar på dette, ta tak i det og finne ut kvifor det er slik, seier Bentzen.
Men tiltaka forskarane foreslår er det ikkje berre kvinnelege trenarar som vil sette pris på.
– Vi trur på å gjere yrket meir berekraftig. Det veit vi at mannlege trenarar også ynskjer seg.
Fyrst til det dei kvinnelege trenarane som faktisk har kome seg inn i yrket fortel til forskarane.
Stor utfordring å bli mor som trenar
Dei fortel mellom anna om skjult diskriminering, mangel på rollemodellar og ei arbeidsmengde som er vanskeleg å kombinere med familieliv, i intervju med forskarane.
– Eit eksempel kan vere at den kvinnelege hovudtrenaren automatisk blir tiltalt som fysioterapeuten, medan den mannlege assistenttrenaren automatisk blir tiltalt som den forventa hovudtrenaren.
Her er hovudfunna:
- Subtile handlingar. Ikkje nødvendigvis konkret diskriminering, men det blir snakka over hovudet deira, dei blir ikkje spurd i avgjerande situasjonar, og det blir sett spørsmålsteikn ved om dei er eigna for jobben som leiarar i f.eks uformelle møte i baren.
- Utfordra kompetanse – kompetansen til kvinnene blir ofte utfordra.
- Mangel på rollemodellar – det er få reelle rollemodellar som også er mødrer.
- Morsrolle – det å stifte familie er ei stor utfordring. Mange kvinner tenkjer at dei kan reise og jobbe mykje, men lurer på korleis det vil fungere når dei skal bli mødre.
- Høg arbeids – og reisebelastning: Dei veit at dette aldri blir ein 8-4 jobb, men kjenner at mykje reising og jobb i helger er utfordrande.
- Ekstra press: Kvinnelege trenarar kjenner på eit ekstra press. Dei må ikkje gjere feil fordi dei er det kvinnelege alibiet, som skal representere alle kvinnelege trenarar, og vise at dei kan lykkast.
Les fleire forskingsnyheiter frå NIH
Kan aldri bli ein 8-4 jobb
Målet til forskarane har vore å finne ut meir om kva som skal til for at jobben er haldbar og gjer at dei har lyst og kan vere i jobben over tid.
– Vi har ikkje ein naiv haldning til at dette kan bli ein rein 8-4 jobb. Trenarane vi har snakka med er heilt innforstått med at trenarjobben aldri kan bli det. Men det finst tiltak som det går an å gjere rundt reise- og arbeidsbelastninga, meiner Marte Bentzen.

Forskargruppa meiner at tiltaka som tidlegare har blitt gjort i idretten, har hatt for stort fokus på å gjere noko med kvinnene.
– Tiltaka har stort sett vore i retning kvinnene som skulle få betre sjølvtillit og kompetanse. Vi må heller fikse systemet, meiner Bentzen.
Dette er nokre av forslaga til tiltak forskarane kjem med. Dei er basert på det kvinnene fortel og etterspør i intervjua.
- Idrettsorganisasjonane må ta tydeleg ansvar – arbeidsgivarane må erkjenne at yrket er mykje meir tilrettelagt for menn.
- Bevisste leiarar – dei må kunne seie frå når tilsette har jobba nok. Dei bør også vere meir oppmerksame på stigma og skjult diskriminering som framleis finst.
- Betre familiepolitikk – kvinnelege utøvarar har fått større moglegheit for å ta med barn på konkurransar og samlingar, det blir etterlyst av trenarar også.
- Endring av kultur og arbeidsmetodar – ynskjer ein kultur der det er lov å vere seg sjølv. Ikkje måtte passe inn i stereotypen som alltid gir full gass og tek alle avgjerder på eiga hand.
- Meir samarbeid – kvinnene saknar meir samarbeid i miljøet.
- Alternativt arbeid/deltidsstillingar – kan det vere mogleg å jobbe meir administrativt i forbund/klubb eller jobbe med utvikling av unge utøvarar i ein periode der ein treng å reise mindre?
Bentzen trur vi kjem til å miste mange gode kompetente trenarar, som kan tilføre idretten noko anna, om ikkje idretten tar tak.
I tillegg meiner ho i det store at dette er djupt uetisk.
– Idretten må stille seg spørsmålet om det er etisk å tilby eit yrke som er mykje meir tilrettelagt for eit stereotypisk kjønn.
Studer bachelor i "Trenerrollen og idrettspsykologi "
Julia vil bli lenge i trenaryrket
I studio til NIH-podden like før OL-sesongen tek til, kjenner Julia seg igjen i mange av funna forskaren presenterer.
– Absolutt. Eg har vore heldig med gode kollegaer eg har kunne ha lent meg på, men eg har kjent på presset for å levere og representere andre kvinnelege trenarar.

Ystgaard føler seg heldig som har kome inn i yrket tidleg og får ein del år i sirkuset før det er naturleg å tenkje på familie.
Men slik trenarjobben er nå meiner ho det ikkje er mogleg å kombinere med eit familieliv.
– Den store draumen er jo å kunne gjere dette til yrket ein kan ha lenge. Mange eg snakkar med i miljøet er audmjuke og seier at dette ikkje hadde gått utan ein sterk partner heime. Men kanskje kan vi endre på det her, slik at det faktisk blir lagt litt meir til rette og at ein ikkje er avhengig av å lene seg 100 prosent på ein veldig sterk partner heime.