English version of this page

Dette bør du vite om syndromet som rammar mange unge idrettsutøvarar

REDs, relativ energimangel i idrett, kan få alvorlege konsekvensar for unge utøvarar i vekst. For mor Hanne Hjelbak blei det ein augeopnar da sonen fekk beskjed at han var beinskjør som 17-åring.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Mor og sønn smiler i solnedgang

Hanne Hjelbak er mor til Iver, som er ein svært ivrig mellomdistanseløpar. Etter fleire trettheitsbrot fann dei ut at han hadde låg beintettleik. Foto: privat

Iver var ein dedikert og over snittet strukturert ung utøvar.

Han hadde begynt å få gode resultat på friidrettsbanen, og motivasjonen blei berre større og større.

Treningsmengdene auka og to økter om dagen var vanleg.

Burde fått i seg meir karbohydrat

Heime hadde det alltid vore fokus på eit godt og næringsrikt kosthald. Mor Hanne Hjelbak var opptatt av reine råvarer og eit balansert kosthald med næringstett mat.

Men som 16-åring begynte skadene å kome. Han fekk stressreaksjon og trøttleiksbrot både i legg og rygg, og skadene kom berre tilbake når han tok opp treninga att.

Ein DXA-scan på Idrettens helsesenter skulle gje familien overraskande svar. Iver hadde låg beintettleik og hadde mange teikn på REDs.

– For meg så var det ein augeopnar. Han åt jo veldig mykje, så eg følte meg trygg på at han fekk i seg nok. Men da eg fekk denne beskjeden, så kom det med ein gong over meg ein slags dårleg samvittigheit. Kva var det eg hadde oversett her? fortel Hanne i NIH-podden.

Familien fortalde fyrst historia si på nrk.no tidlegare i vinter.

Hanne ser i ettertid at det var spesielt ein ting dei hadde hatt for lite av i heimen.

– Han hadde tydelegvis eit stort behov for kaloriar, gjerne i form av raske karbohydrat. Det må eg innrømme at eg hadde oversett i kosthaldet hans.

Eit syndrom med ulike verknadar på kroppen

Christian Johnston er klinisk ernæringsfysiolog hos Idrettens helsesenter og møtte Iver da han kom til undersøking der.

Han har møtt mange ungdomar som Iver den siste tida og dei har ofte mange like trekk.

Portrett Christian
Christian Johnston er utdanna klinisk ernæringsfysiolog og jobbar til dagleg på Idrettens helsesenter. Han har også ein aktiv Instagram-profil der han deler kunnskap rundt ernæring og kosthald.

– Det treng ikkje å vere eteforstyrringar eller ernæringsrelaterte sjukdomar eller allergiar. Veldig ofte er det snakk om unge, ambisiøse idrettsutøvarar som trenar hardt og er opptatt av å ete sunt og vere sunne, men som ikkje heilt forstår kor mykje energi dei eigentleg treng, seier han og legg til.

– Kanskje har dei lite tid i kvardagen og rekk ikkje heilt å ete så mykje som dei treng.

Johnston skildrar REDs som eit syndrom som har mange ulike verknadar på kroppen.

Dei kan vere diffuse og variere veldig frå person til person.

– Viss ein har ein høg treningsbelastning og eit høgt energibehov som ikkje blir møtt av energi frå mat, så kan det lage problem for ein kropp i vekst.

REDs på 1-2-3

Denne filmen er for deg som er trenar, leiar eller foreldre til unge idrettsutøvarar eller dansarar som trenar mykje, gjerne opp mot gonger om dagen. Vi som vaksne aktørar rundt hardt satsande unge mennesker har eit spesielt ansvar for å skape gode utviklingsmiljø der heile personen blir tatt vare på.

 

Både i individuelle idrettar og lagidrettar

Han nemner dårlegare treningsutbytte og prestasjon, hyppigare skader og sjukdom, men også nedsett produksjon av kjønnshormon og lågare beintettleik. 

Også på WANG toppidrett kjenner dei godt igjen desse historiene.

Stine Østvold Aamodt er prosjektleiar for Helhetlig helse på WANG, og ser ungdomar med REDs i mange forskjellige idrettar.

Ikkje berre i estetiske og vektklasse-idrettar som ein har vore mest obs på tidlegare.

– Vi ser det også i ein del av uthaldenheitsidrettane, og nå etter kvart også i lagidrettar i større grad. Vi opplever at mange kan gå seg litt vill i detaljene og gløyme heilskapen, seier Aamodt, som har trenarutdanning frå NIH. 

Dame utanfor NIH
Stine Østvold Aamodt har saman med NIH-professor Anne Marte Pensgaard fått pengar frå Tom Wilhelmsen-stiftelsen for å formidle kunnskap om REDs. Det har resultert i fleire filmar som skal treffe trenarar, helsepersonell og foreldre. To av dei kan du sjå i denne artikkelen. 

Aktive ungdomar treng meir mat enn du trur

Men kor mykje skal eigentleg ein ungdom i vekst som kanskje trenar to økter om dagen, ete?

Ernæringsfysiologen meiner det enklaste ein kan seie, er at det er meir enn dei fleste trur. 

– Det er vanskeleg å seie noko konkret, fordi det varierer jo veldig og kjem an på storleik og korleis ein trenar. Men når det er snakk om ein idrettsutøvar i vekst, noko som krev veldig mykje energi, er det vanskeleg å få i seg for mykje. 

– Så lenge ein har eit fornuftig kosthald og et vanleg, normal sunn mat, så er det nesten slik at jo meir jo betre. 

Kritikk mot sukkerfokus

I etterkant av NRK-artikkelen kom det ein del kritikk rundt fokuset på sukker og godteri. Både Iver og Niels, som NRK også skreiv om, la inn dessert, is og godteri i kvardagen som ein del av kosthaldsendringa.

Ernæringsbiolog Marit Kolby er ei av dei som har vore kritisk på sosiale medium.

Familien Hjelbak synest det var leit at saka framheva sukker spesielt.

– Marit Kolby gjer ein fantastisk jobb, og grunnprinsippa i vårt kosthald er jo reine råvarer og lite ultraprossesert mat. Det var absolutt ikkje meininga at dette kom ut som sukkerpropaganda. Dette handlar om korleis ein skal få i seg kaloriar på ein god og trygg måte, seier Hjelbak.

Christian Johnston kom med motsvar til Kolby på sin profil og utdjupar i NIH-podden. 

– Det er jo ikkje sukker og godteri som er poenget her, og det har det aldri vore. Det er heller ikkje det me snakkar med utøvarane om. Det handlar om å ha eit avslappa nok forhold til mat og kunnskapen til å forstå at ein kan unne seg laurdagsgodt, og kan unne seg snacks på kvardagar også. I tillegg til den vanlege, sunne maten, seier Johnston. 

Karbohydrat er viktigare enn mange trur

Han merkar at både utøvarar, trenarar og foreldre er prega av diskusjonen i samfunnet. Karbohydrat blir også sett på som noko litt skummelt. 

– For dei fleste unge utøvarar er karbohydrat mykje viktigare enn det mange trur. Det er veldig mykje fokus på protein om dagen, men for dei fleste idrettsutøvarar er det eigentleg karbohydrat dei burde fokusere på. Det er det dei får i seg for lite av, meiner Johnston. 

Når han behandlar utøvarane på Idrettens helsesenter, jobbar han spesifikt med at dei skal få i seg karbohydrat under treningsøkter. 

– Vi anbefalar dei å få i seg karbohydrat i form av sportsdrikk eller vanleg hushaldningssaft under trening. Det vi ser at det ikkje berre påverkar prestasjonen positivt, men det kan også potensielt verke inn på beinvevet. Det gir ein positiv effekt fordi kroppen blir mindre nedbroten i økta. Det kan potensielt senke skaderisikoen, men også sørge for at dei får i seg det dei treng. 

Har ungdomen din desse symptoma?

Kva skal du som foresatt eller trenar følgje med på om du er bekymra for om idrettsungdomen din får i seg nok energi? 

Ekspertane nemner desse symptoma som vanlege for ein utøvar som har utvikla REDs. 

  • Humørsvingningar
  • Meir sliten enn vanleg
  • Hyppigare sjuk eller skada
  • Menstruasjonsforstyrringar
  • Fråver av morgonereksjon

– Nokre snakkar også om at dei er ofte er støle, og at det ikkje går over heilt, seier Aamodt og legg til:

– Ein av desse symptoma er ikkje nok til å vere bekymra for REDS, men om det er ein kombinasjon av fleire av desse symptoma kan det vere verdt å ta ein sjekk.

Mor og son på friidrettsstemne
Nå er Iver tilbake i trening og konkurranse. Endring av kosthaldet med meir fokus på å få i seg nok energi under og etter trening har vore ein viktig nykkel. Foto: Privat. 

Brød med mindre fiber

Heime hos familien Hjelbak har ting gått riktig veg etter endringane dei gjorde.

Det handla ikkje berre om raske karhohydrat, men å sjå på heile døgnet og treningsbelastninga til Iver. 

Det blei viktig å ete godt tidleg på dagen før trening, og få i seg sportsdrikk eller saft under trening, og få i seg nok mat etter trening.

I tillegg har dei begynt å bake eige brød. 

– Vi fekk tips om at brød, som han jo et enormt mykje av, ikkje skal ha så høgt fiberinnhald. Det gjer at det blir lettare opptakeleg for kroppen, seier Hjelbak.

Han var blitt 18 år da dei tok ny DXA-scan, eit år etter den fyrste.

Resultata viste at beintettleiken hadde blitt mykje betre. 

– Det kan eg ikkje forklare på så mange andre måtar enn at vi hadde gjort noko riktig med kosthaldet. I tillegg til fokuset vårt på heilskapen, på treningsbelastninga og heile døgnet hans.

I etterkant av NRK-saka har familien fått mange tilbakemeldingar.

Dei hadde bestemt seg for om berre nokon få kunne lære av og få noko ut av historia deira, ville det vere verdt å vere opne opp i media.

– Det har allereie skjedd, og det er både Iver og eg kjempeglade for. Målet vårt er jo at fleire blir oppmerksame på det store energi- og kaloribehovet som barn og ungdom har når dei er så aktive. Det kan førebygge helseskader og ikkje minst unngå utenforskap som oppstår når ein må bli borte frå trening.

 

Treng du faglege råd om REDs?

Ta kontakt med 

 

REDs for deg som helsepersonell

Filmen under er for deg som er lege, fysioterapeut eller anna helsepersonell som er i kontakt med unge idrettsutøvarar eller dansarar som trenar mykje, gjerne opp mot to gonger om dagen. Kunnskap om REDs blant alle helsearbeidarar kan bidra til at vi kan førebygge større helseskadar som kjem som ei følge av eit – bevisst eller ubevisst – for lågt energi-inntak.

Emneord: NIH-podden
Publisert 9. apr. 2025 19:19 - Sist endra 3. aug. 2026 13:17