Trening på resept: – Vi har ikkje råd til å vente

Korleis få trening på resept til å bli ei ordning som blir brukt? Det kan spare samfunnet for store kostnadar, meiner Mee Eline Eriksson i NHO Geneo.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 30. aug. 2023 06:00 - Sist endret 8. mars 2024 09:30
Mee Eline i podkaststudioet til NIH.

Korleis påverkar ein politikarane til å vedta trening på resept? Mee Eline Eriksson fortel om korleis NHO Geneo arbeider i saka.

I Noreg får vi medisinar og operasjonar nesten gratis. Men kva viss legen meiner det er trening som skal til for å bli frisk? Da må du i dei fleste tilfelle betale sjølv.

– Vi har så mykje fagkompetanse som er innhenta over ti år, som talar for at trening i veldig stor grad bør bli likestilt med medisinar. Nettopp fordi det er ein medisin i seg sjølv, seier Mee Eline Eriksson, som er fagdirektør i helse- og velferdsbransjen i NHO Geneo.

I verdstoppen i sjukefråvær

Stortinget tok før sommaren eit lite steg mot at fleire legar skal kunne gje trening på resept.

Det blei lagt fram ein innstilling om at regjeringa bør legge til rette for auka bruk av trening på resept og sjå nye moglegheiter for korleis ein kan følge opp pasientar med aktivitet og kosthaldsråd.

Men framleis står det igjen ein god del før det blir vanleg for deg som pasient å få trening føreskrive utan å måtte betale sjølv.

Eriksson er ei av dei som prøvar å påverke politikarane.

– Det er jo mykje enklare å drive med politisk påverknad når vi har så tung argumentasjon på kvifor det er viktig. Noreg er faktisk eit av verdas sjukaste land, seier Eriksson og nemner det høge sjukefråværet og mange uføre.

Ho peikar på at ei av hovudårsakene til at vi får eit høgt sjukefråvær er mellom anna muskel- og skjelettplager og mentale lidingar, som både kan bli behandla og førebygga med fysisk aktivitet.

Helse- og treningsfysiologar kan vere nykelen

Sigmund Alfred Anderssen er professor i fysisk aktivitet og helse på NIH. Han begynte alt på 90-talet å argumentere for fysisk aktivitet i behandling mot myndigheitene.

Han var med da den fyrste ordninga med grøn resept kom i 2003.

GRØN RESEPT

Grøn resept er tiltak for å gjera legar og pasientar meir bevisste på behandling av livsstilssjukdommar utan bruk av medisinar. Ein grøn resept er ein avtale mellom fastlegen og pasienten som angir type, frekvens og dosering av behandlingsformer som eit alternativ til bruk av legemiddel.

Grøn resept er særleg tenkt brukt ved tiltak som er knytte til kosthald og fysisk aktivitet hos personar med høgt blodtrykk, diabetes type 2 og sjukleg overvekt, det vil seia BMI (kroppmasseindeks) over 30.

Kjelde: Store Norske Leksikon

– Det å få ein stor og viktig gruppe som fastlegane til å bruke dette, trur eg handlar om å la dei vere med og eige konseptet. Det var ein feil som blei gjort tilbake i 2003/2004. Dei må også vite at dei kan vise vidare til dei som kan rettleie i fysisk aktivitet og trening, seier Anderssen.

Interessert i å bli helse- og treningsfysiolog? 

Der kjem yrkesgruppa som blir utdanna på NIH inn. Helse- og treningsfysiologar står klare til å ta i mot pasientgruppa som kan bli større og større.

– Fastlegane har ei stor kraft og autoritet, men er ikkje nødvendigvis dei som skal utføre veldig mykje av oppfylginga av trening. Da trur eg at fastlegar som brukar denne resepten, blant annet kan gje tydelege signal på at det er eit godt alternativ og vise vidare til eit system. I det systemet kan helse- og treningsfysiologar vere ein viktig brikke, seier Anderssen.

Høyr heile diskusjonen i NIH-podden der du høyrer podkast. 

Emneord: NIH-podden