Ny studie: Korte gåturar og mindre stillesitting gir lågare dødsrisiko

Å gå fem ekstra minutt kvar dag eller å redusere stillesittinga med ein halvtime kvar dag, reduserer dødsfall blant dei fleste vaksne, viser ny NIH-leia studie.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Bildet kan inneholde: snø, vinter, gren, jakke, frysing.

Dei som er minst aktive reduserer dødsrisikoen betrakteleg om dei klarer å auke aktivitetsnivået litt og redusere stillesittinga. Det viser ein ny stor studie leia frå Norges idrettshøgskole. Colourbox

Studien, publisert i det internasjonalt anerkjente tidsskiftet “The Lancet”, analyserte aktivitetsnivået til meir enn 135 000 vaksne I Norge, Sverige, Storbritannia og USA.

– Resultata våre viser at små endringar i fysisk aktivitet kan ha stor betyding for folkehelsa og spesielt for dei som er fysisk inaktive, seier professor Ulf Ekelund ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved NIH, som er ein av forfattarane bak studien.

 

Størst fordel for dei minst aktive

Den største fordelen såg forskarane at dei aller minst aktive i befolkninga fekk når dei klarte å auke aktiviteten sin med fem minutt kvar dag.

Forskinga viser at moderat fysisk aktivitet, som å gå i eit jamt tempo på fem km/t i fem minutt ekstra kvar dag er knyt til ei reduksjon på ti prosent i alle dødsfall for dei fleste vaksne.

– Eit eksempel kan vere om dei klarer å auke moderat aktivitet frå to til sju minutt kvar dag, seier Ekelund.

Portrett Ulf
Ulf Ekelund forskar på folkehelse og fysisk aktivitet på Norges idrettshøgskole. 

Generelt oppnår vaksne i studien, i gjennomsnitt, berre rundt 28 minutt med moderat intensitet dagleg.

For dei 20 prosent minst aktive av deltakarane (aktive i snitt snitt to minutt kvar dag) kan det redusere seks prosent av alle dødsfall.

Studien viser at å redusere stillesittinga med 30 minutt per dag kan redusere sju prosent av alle dødsfall (gjeld dei 80 prosent av befolkningen som er mest stillesittande, noko som tilsvarar 10 timar per dag).

For dei aller minst stillesittande vaksne (som i snitt har tolv timar med stillesitting per dag) kan det redusere rundt tre prosent av alle dødsfall.

Tidlegare forsking på måling av fysisk aktivitet, har tyda på at ikkje berre moderat til sterk aktivitet (som å gå i moderat tempo), men også lett-intensitet aktivitet og redusert stillesitting, kan vere assosiert med lågare risiko for død.

Likevel har den samla effekten av desse relativt små endringane på fysisk aktivitetsnivået ikkje blitt studert tidlegare.

Analysert omfattande data

Den nye studien analyserte data frå meir enn 135 000 vaksne på tvers av sju kohortar i Noreg, Sverige og USA. I tillegg til UK Biobank (ein stor britisk biomedisinsk database som inneheld blant anna livsstilsinformasjon frå ein halv million deltakarar), der oppfølginga varte i snitt åtte år.

Ved å bruke aktivitetsmålarar og stillesittande tid, estimerte forskarane kor mange dødsfall som potensielt kan førebyggast, gjennom små daglege auke i moderat til sterk fysisk aktivitet eller ved å redusere stillesittande tid.

Funna viser også at å auke aktiviteten med minst moderat intensitet i ytterlegare ti minutt dagleg (frå f.eks to till tolv minutt per dag), er assosiert med ein reduksjon på 15 prosent i dødsrisikoen av alle dødsfall for dei fleste vaksne.

For dei minst aktive er reduksjonen estimert til ni prosent.

Ein times reduksjon i stillesitting blant fleirtalet av vaksne er knytt til ei reduksjon på 13 prosent i alle dødsfall, og ein reduksjon på seks prosent blant dei minst aktive vaksne.

Viktig bevis for helsefordelar av små endringar

Forskarane meiner at desse resultata gir verdifulle bevis for kor lite som skal til for å oppnå store helsefordelar sjølv ved små endringar i fysisk aktivitet og stillesitting,

– Resultata skal ikkje tolkast som anbefalingar for einskilde individ. Dei er berekningar på kor mange dødsfall som mogleg kan bli unngått dersom alle inaktive i befolkninga auka aktiviteten sin med fem minutt per dag, seier professor Ulf Ekelund.

Dei understrekar også at det er behov for meir forsking som inkluderer aktivitetsmålarar i låginntektsland, der alder, aktivitetsnivå og helseutfordringar kan vere svært forskjellige frå det som er undersøkt i denne studien.

Ekelund legg til at dette er ein observasjonsstudie, og det går ikkje å dra direkte årsakssamanhengar om at høgare grad av fysisk aktivitet direkte reduserer dødsrisikoen, sjølv om også mange tidlegare studiar støttar dette.


Referansar

Deaths potentially averted by small changes in physical activity and sedentary time: an individual participant data meta-analysis of prospective cohort studies (Lancet). 

 

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag
Publisert 14. jan. 2026 05:00 - Sist endra 19. mai 2026 11:02