Har studert unge skigåarar: – Vi fekk ei kjensle av at noko har endra seg

Då sosiologar forska på ungdommar si deltaking i langrennsporten, såg dei ingen som smurde skia sine sjølve.

Av Silje Pileberg, Velferdsforskningsinstituttet NOVA
Unge langrennsløparar på startstreken på testløp

Idrettssosiolog Åse Strandbu forska og observerte skirenn for unge i Holmenkollen og intervjua foreldre. Blant dei som er aktive i langrennssporten, meiner dei at dei ser ein spesiell type foreldreinvestering – i retning av profesjonalisering og meir alvor. Her trenar ei stor gruppe unge langrennsløparar klar for testløp i Oslo. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. 

Skisporten blir gjerne sett på som typisk norsk: ein arv vi ber med oss frå skiløparar som Gjermund Eggen og Ole Ellefsæter. 

Desse kom frå enkle kår, og det same gjorde Sondre Norheim, husmannssonen frå Morgedal som på 1800-talet var med å leggje grunnlaget for moderne skisport.

Men då sosiologane Åse Strandbu (Norges idrettshøgskole) og Kari Stefansen (NOVA, OsloMet) var på eit skirenn for unge i Holmenkollen i 2020, vart dei møtte av eit anna bilete: dyre bilar, tekniske skiklede og blanke solbriller. Fleire bar rundt på innretningar med mange par ski.

– Vi fekk ei kjensle av at noko har endra seg, fortel dei.

Dei såg fleire vaksne enn unge, og særleg fedrane var aktive på smørebenkane – smørjing såg ut til å vere ein rein foreldreaktivitet. Fleire bar med seg store koffertar med smurning.

Toppidrettslogikken er i ferd med å sive ned i ungdomsidretten. Skirenn for norske ungdommar minner om verdscuprenn.

– Forskar Åse Strandbu ved Norges Idrettshøgskole

Portrett Åse Strandbu
Åse Strandbu er professor ved Forskningssenter for barne- og ungdomsidrett på NIH. 

Best sjanse om du har ressurssterke foreldre

Nokre år seinare har Strandbu og Stefansen publisert ein studie om det sosiologar kallar «sosial lukking» i norsk langrenn. Der skriv dei at sporten kan vere i ferd med bli for dei privilegerte få.

– Vi må skilje mellom folkesporten langrenn, som vi framleis finn på fjellet og i løypene, og det vi ser på skirenn for barn og unge, seier dei.

Det er sportsgreina dei snakkar om: Der har deltakarane tidlegare kunna kome frå kvar som helst i landet, og frå alle kår.

– No krevst det foreldre med pengar, tid og skikompetanse.

Ei av mødrene sa at ein nesten må ha doktorgrad i smørjing for å henge med.

– Kari Stefansen, forskar ved NOVA, OsloMet

Portrett kari
Kari Stefansen er forsker ved Oslo Met. Foto: Oslo met

Tre typar foreldre

I studien har dei intervjua 22 familiar – til saman 28 foreldre – frå ulike langrennsklubbar rundt om i Noreg. Foreldra, som har barn frå tolv år og oppover, kunne fortelje om ei profesjonalisering og kommersialisering der dei må investere mykje for at barna skal kunne ta del.

For nokon er dette heilt greitt. For andre er det sterkt problematisk.

Foreldra opplever at dei berre gjer det som trengs for at barnet skal få det til i ein tøff idrett.

– Kari Stefansen

Forskarane delte foreldra i tre grupper: dei genuine, som driv utviklinga, dei ambivalente, som ser problem men er med likevel – og til slutt dei uvillige: ei lita gruppe, der mange endar med å slutte.

Kan ha store planar for eigne barn

– Foreldre i den genuine gruppa kunne snakke om tolvåringen sin som ein potensiell verdsmeister. Tenkjer du at barnet ditt vil gjere det bra, legitimerer det ein enorm foreldreinnsats, seier Stefansen.

Dette betyr køyring til renn, ofte kvar helg og over lange avstandar. Det kan innebere å ta seg fri frå jobb. Foreldre betaler dessutan dyrt for både utstyr, treningsleirar i utlandet og private idrettsskular.

– Det var lite moralsk ubehag å spore. Foreldra opplever at dei berre gjer det som trengs for at barnet skal få det til i ein tøff idrett, seier forskarane.

Dei understrekar at dei genuine foreldra kan vere svært viktige for klubbane på grunn av ein storstilt dugnadsinnsats.

Var bekymra, men med likevel

Dei ambivalente foreldra snakka om eigne barn i meir dempa ordelag, sjølv om også dei kunne ha barn som gjorde det bra. Dette var ei stor gruppe, og dei uttrykte ei bekymring for kulturendringane i sporten.

Likevel: Dei gjorde det som trengs for at barna ikkje skulle falle bakpå.

– Ved å investere som om dei godtar det som skjer, er dei med å legitimere det dei genuine foreldra gjer, seier Stefansen.

Om dei derimot hadde skalert ned innsatsen, ville dei ha kjent det som om dei markerte ein avstand til skifellesskapet, samtidig som dei ikkje tok barnets interesse på alvor, ifølgje forskarane.

– Det ville vere eit klart brot med det involverte foreldreskapet, ein foreldrestil som er rådande blant mange i dag, seier Strandbu.

Hadde gitt opp å skape endring

Til slutt var det dei uvillige: Desse ønska seg ein heilt annan idrett, med mindre alvor. Nokon droppa store konkurransar. Andre hadde prøvd å endre kulturen i foreldregruppa, utan å lykkast. Ei mor som sjølv hadde gått langrenn på høgt nivå, sa:

«Jeg har vel trukket meg litt tilbake og roper ikke så mye lenger. Det er ikke så lett å ha vært utøver selv og så skulle fortelle voksne folk hva vi heller burde ha fokus på.»

Profesjonaliseringa undergrev noko av legitimiteten til ein idrett som, akkurat som andre idrettar i Noreg, får mykje offentleg støtte nettopp for å vere inkluderande.

– Åse Strandbu

Ifølgje Strandbu og Stefansen er denne gruppa viktig, sjølv om ho i deira materiale er lita:

– At desse familiane også tar del, er med å oppretthalde ideen om langrenn som ein sunn og bra aktivitet for ungdom.

– Kan undergrave legitimiteten til langrennsidretten

Når Strandbu og Stefansen snakkar om ei lukking på feltet, viser dei til teoriar frå sosiologen, filosofen og økonomen Max Weber. Han skreiv tidleg på 1900-talet at felt som har vore opne, gradvis kan lukke seg om bestemte grupper.

Ofte skjer dette gjennom prosessar som dei involverte berre delvis er bevisste om.

– Det er lett å gje foreldra skulda for det som skjer, men langrennsidretten er i dag lagt opp på måtar som krev høg investering. Det er for eksempel tillate med sponsoravtalar heilt ned i tidleg ungdomsalder, noko som skaper eit utstyrspress. Ein tillet også eit enormt renn-program, seier Stefansen.

Norsk barne- og ungdomsidrett har lenge vore ein suksess internasjonalt, med enorm deltaking og stor frivillig innsats frå foreldre, påpeikar ho.

– Men blant dei som er aktive i langrennssporten, ser vi no ein spesiell type foreldreinvestering – i retning av profesjonalisering og meir alvor. Dette undergrev noko av legitimiteten til ein idrett som, akkurat som andre idrettar i Noreg, får mykje offentleg støtte nettopp for å vere inkluderande, seier Strandbu.

Artikkelen var fyrst publisert på Oslo Met sine nettsider


Kjelde

Stefansen, Kari & Strandbu, Åse (2025). Social Closure in the Youth Sport Field: The Pull of the Game on Class-Privileged Parents. Sociology (journals.sagepub.com)

Les meir om prosjektet "Unges livssjanser: Hvordan blir ulikhet til gjennom ungdomstida? (LIFECHANCES)" finansiert av Noregs forskingsråd.

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Publisert 25. feb. 2026 14:30 - Sist endra 31. mars 2026 10:44