Éin av fire ungdomar verda over rapporterte om ingen aktive dagar den siste veka

Men norske ungdomar er over gjennomsnittet aktive, viser ny stor rapport frå Verdas helseorganisasjon (WHO) med tal frå 140 land. Likevel er tala urovekkande, meiner professor Ulf Ekelund.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
To jenter som sit med mobil ute

Jenter har i gjennomsnitt færre aktive dagar enn gutar i alle regionar, viser ny WHO-rapport. Foto: Colourbox

240 millionar ungdommar mellom 11 og 17 år hadde ikkje ein einaste dag med nok fysisk aktivitet den siste veka. 

Det viser nye tal som Verdas helseorganisasjon (WHO) publiserte denne veka. 

Tala er basert på spørjeskjema der om lag 3,2 millionar ungdomar i 140 land har svart på spørsmål om kor aktive dei har vore dei siste sju dagane

Svært få er aktive nok kvar dag

Infografikk frå WHO med tal på kor mange aktive dagar
Illustrasjon frå WHO sin rapport.
  • I gjennomsnitt rapporterte ungdomane at dei var fysisk aktive berre 2,7 dagar i veka
  • Berre 14 prosent oppgav at dei var aktive alle dei sju dagane og dermed oppfyller anbefalinga om fysisk aktivitet.
  • Ingen endring i fysisk aktivitet dei siste 15 åra.

Studien er publisert i det anerkjente tidsskriftet The Lancet Global Health. 

– Det er definitivt urovekkande, og spesielt bekymringsfullt er det at det ikkje har skjedd noko forbetring dei siste 15 åra. Det har blitt gjort mykje for å legge til rette for fysisk aktivitet for barn og ungdommar, likevel har ikkje fleire blitt aktive, seier Ulf Ekelund, professor ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved NIH.

WHOs anbefaling er at denne aldersgruppa bør vere i moderat til høg aktivitet minimum 60 minutt kvar dag. 

I dette spørjeskjemaet blei ungdomane spurd om kor mange dagar dei hadde vore aktive i minst 60 minutt. 

Ingen framsteg siste 15 år

Ekelund er ein del av ei ekspertgruppe i WHO som har sett på befolkningsundersøkingane som er gjort mellom 2010 og 2025. 

Dei har nærmast ikkje sett nokre endringar i aktivitetsnivået dei siste 15 åra.

WHO er spesielt uroa for at jenter framleis er langt mindre aktive enn gutar,. 

Berre 11 prosent av jentene rapporterte at dei var fysisk aktive kvar dag, mot 17 prosent av gutane. 

Jentene var mindre aktive enn gutane i nesten alle land og WHO-regionar.

På ein pressekonferanse denne veka uttrykte generalsekretær i WHO, Tedros Ghebreyesus stor bekymring. 

– På 15 år har verda nesten ikkje gjort nokon framsteg når det gjeld å få unge menneske i rørsle, og jentene blir hengande aller lengst etter. Løysinga er ikkje å be ungdommane om å prøve hardare. Vi må byggje skular, gater og lokalsamfunn der det er trygt, enkelt og naturleg å bevege seg, leike og vere fysisk aktive, sa Ghebreyesus. 

Det var også store skilnader mellom landa. I enkelte land rapporterte berre fire prosent av ungdommane ingen aktive dagar. I andre land var delen over 40 prosent.

WHO trekk fram at det ikkje finst ei enkeltståande forklaring på den manglande globale framgangen. 

Fysisk aktivitet blir påverka av kvar ungdom bur, går på skule, reiser og bruker fritida si. 

Norske ungdommar er meir aktive

Også norske ungdommar har svart på desse spørsmåla. 

Langt færre unge her til lands rapporterer om dagar utan aktivitet ,enn det internasjonale gjennomsnittet. 

Illustrasjon
KI-illustrasjon

Ekelund understreker at det er vanskeleg å samanlikne aktiviteten som ungdommane sjølv rapporterer gjennom spørjeskjema, med tal frå aktivitetsmålarar som blir gjort i andre undersøkingar. 

I Noreg blir barn, unge og vaksnes aktivitetsnivå jamnleg kartlagt med aktivitetsmålarar gjennom UngKan og Kan-undersøkingane av NIH og Helsedirektoratet. 

I førre undersøking frå 2019 viste kartlegginga at 15-åringane var meir aktive enn det denne rapporten viser.

UngKan3 viste at om lag halvparten av 15-åringane oppfylte aktivitetsanbefalingane kvar dag.

Vinteren 2027 vil det kome ferske tal på både fysisk aktivitetsnivå og fysisk form blant norske barn og unge. 

tre gutar gjer gripestyrke
Dei to siste åra har NIH reist landet rundt for å teste både barneskule- og ungdomsskuleelevars fysiske form. Vinteren 2027 for vi svar på kva status er nå.  Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø

WHO kjem ikkje til å nå målet sitt

Eit lite lyspunkt ser likevel den svenske forskaren.

– Ein kan sjå på det som eit lite lyspunkt at aktivitetsnivået ikkje har falt, med tanke på den kraftige auka i bruken av digitale medium dei siste 15 åra. Samstundes har WHO hatt som mål å minske delen av inaktive personar fram til 2030, og det målet kjem ikkje til å bli nådd, konstaterer Ekelund, som er ein av dei mest anerkjente forskarane innan fysisk aktivitet og folkehelse internasjonalt.

Nå ber WHO om sterkare innsats frå dei enkelte nasjonane på tvers av sektorane for utdanning, transport, byplanlegging og idrett og helse.

– Fysisk aktivitet i ungdomsåra er svært viktig for mental helse og beinhelse for ungdommane, i tillegg til å førebyggje livsstilssjukdommar seinare i livet. Vi må fokusere på strukturelle endringar i miljøet: meir aktivitet i skulen, trygge gang- og sykkelvegar og betre nærmiljø. Det ansvaret og avgjerdene må myndigheitene i dei enkelte landa ta, meiner Ekelund. 

Emneord: Institutt for idrettsmedisinskfag
Publisert 8. nov. 2026 20:00 - Sist endra 8. nov. 2026 20:05