Om du skrollar på Instagram eller TikTok og algoritmene veit at du er interessert i trening og kosthald, renn nok skjermen din nærmast over av kosthaldsråd og tips til kva du bør og kva du ikkje bør få i deg.
Karbohydrat blir sjeldan omtalt i positive ordelag.
– Karbohydrat blir demonisert som djevelens oppfinning på TikTok. Det er vanskeleg å konkurrere med kule videoar av folk som skal “shredde”, men faktum er at karbohydrat er fantastisk for prestasjon på trening.

Studentar kan meir enn TikTok-profilar
Ditta Valsdottir blir tydeleg engasjert når ho får spørsmål om kosthaldsinnhald på sosiale medium. Planen for intervjuet var eigentleg å snakke om forskinga hennar på lågkarbo og feittrikt-kosthald (LCHF) og trening.
Men akkurat den dietten og trenden som stadig kjem tilbake, er så tett knytt saman med sosiale medium. Og noko forskaren sjølv er så brennande engasjert i, at me må innom mobilskjermen, før ho presenterer funna som kanskje burde trumfa influenser-innhaldet om same diett.
Valsdottir underviser i ernæring på Høgskolen Kristiania og merkar at kampen om å overbevise studentane er hard.
– Nokre fyrsteårsstudentar trur meir på TikTok enn på pensumbøkene. Og det er vanskeleg å konkurrere med det dei ser der, også for meg som fagperson. Eg er jo ei gamal dame, og det er jo mykje kulare å høyre på dei unge menneska som deler eigen erfaring og seier at dette funkar kjempebra for meg, seier Valsdottir med eit litt oppgitt smil.
Ho er nøydd til å få studentane til å forstå at dei faktisk veit meir enn profilane som deler ernæringstips på TikTok.
– Dei som er på sitt tredje år i bachelorgrad i fysisk aktivitet og ernæring har langt betre grunnlag for å seie noko om ernæring enn dei fleste.

Lågkarbo gav ikkje forbetringar i kolesterol
Lågkarbo-diett eller "Keto" er ei av trendane som ofte blir hylla i nettopp sosiale medium. Og nå trendar dietten på ny.
I forskingsprosjektet til Valsdottir studerte dei tre forskjellige grupper.
- Kvinner med overvekt og fedme på lågkarbo-diett.
- Middelaldrande menn med overvekt og fedme som berre trente.
- Normalvektige kvinner på lågkarbo-diett.
Slik forska dei:
- Gjennomførte treningsperiode på ti veker med høgintensiv intervallspinning tre gonger i veka.
- Ei kontrollgruppe (vanleg kosthald, ingen trening),
- Ei lågkarbo-gruppe utan trening
- Ei gruppe med vanleg kosthald og trening
- Ei gruppe med både lågkarbo og trening
Slik målte dei:
- Glukosebelastningstest: For å måle metabolsk helse brukte dei ein standardisert test der deltakarane drakk ei bestemt mengde glukose, etterfylgd av blodmålingar over to timar for å sjå på insulin- og glukoserespons.
- Blodparametrar: Dei baserte seg på ulike verdiar i blodet, slik som lipidprofil (kolesterol), glukose og insulin.
- Kontrollert vekttap: I den store gruppestudien var målet at alle skulle ha eit vekttap på minst fem prosent. For å få til dette, vart kaloriinntaket deira justert undervegs i perioden dersom vekta ikkje gjekk ned som planlagt.
- Standardisert trening: Treninga bestod i hovudsak av intervallspinning, noko som gjorde det lettare for forskarane å ha full kontroll på intensiteten og oppfylginga av gruppa.
Det beste var normalt kosthald og trening.
Funna viste mellom anna at lågkarbo-diett aleine ikkje gav forbetringar i glukosetoleranse eller kolesterol.
– Det beste var å ete normalt kosthald og trene, og lågkarbo-diett og trening var ikkje så langt unna. Men det minst fordelaktige var det å ha lågkarbo-diett utan å trene. Sjølv ville eg da tenkt at det ikkje spelar så stor rolle kva du et, så lenge du er fysisk aktiv og et vanleg, god mat.
Dei middelaldrande mennene som gjennomførte åtte treningsøkter fekk fantastiske resultat på både glukosetoleranse og kolesterol.
– Desse helsefordelane kom nesten utan at deltakarane gjekk ned i vekt, noko som viser at trening i seg sjølv gjer kroppen langt betre til å handtere sukker og feitt, seier Valsdottir.
Vel langsame karbohydrat
Forskaren fortel at det å ha høge glukoseverdiar over lengre tid gir auka sjanse for både diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdomar hos folk med overvekt og fedme.
Lågkarbo-diett i seg sjølv aukar kolesterolet.
– Influensarane seier at går du på «Keto-diett» så blir kroppen flinkare til å forbrenne feitt. Men når kroppen får meir feitt inn, så begynner den også å forbrenne meir feitt. Men det betyr ikkje at du kan auke prestasjonen eller forbrenn eige feitt.
Valsdottir meiner ein heller bør tenkje på at ein skal få i seg kvalitetskarbohydrat i staden for å kutte dei.
– Ikkje gå Keto, men vel langsame karbohydrat som gir langsam glukosestigning enn dei som skyt i vêret med ein gong. Som grove kornprodukt og fullkorn-pasta.

Mange i ultraløp-miljøet har den siste tida omfamna lågkarbo-dietten. Høgintensiv trening er derimot noko heilt anna enn timesvis i roleg tempo, presiserer forskaren.
– Det er «døden» å trene hardt når du er på lågkarbo. Det kjennes ekstremt tungt og laktat (mjølkesyra) kjem fortare, seier Valsdottir.
Tvingar studentane til å lage SoMe-innhald
Forskaren skildrar også ei «Keto-felle» mange kan gå i. I forskingsprosjektet såg ho uventa funn på korleis dietten påverkar kroppen over tid, spesielt hos dei unge slanke kvinnene.
Viss ein fylgjer Keto-dietten strengt gjennom veka, men sprekk i helga med pasta, kake eller noko anna karbohydrat-rikt kan du gå på ein smell.
Valsdottir åtvarar derfor om å hoppe inn og ut av keto-diettar.
– Da klarer ikkje kroppen å ta unna glukosen, blodsukkeret skyt i vêret og held seg høgt svært lenge. Vi såg i studien vår at det liknar ein pre-diabetisk tilstand, sjølv hos friske og slanke personar.
Konklusjonen er klar: Regelmessig kondisjonstrening gir bedre helse og prestasjon enn trendy diettar som lågkarbo.
Nå håpar Valsdottir at hennar eigne studentar etter kvart vil bidra med forskingsbaserte råd i sosiale medium.
– Eg gir dei oppgåver og «tvingar» dei til å lage innhald om kosthald til SoMe med eit strengt krav: det må vere basert på vitskap.
Referansar
Valsdottir TD, Henriksen C, Odden N, Nellemann B, Jeppesen PB, Hisdal J, Westerberg AC, Jensen J. Effect of a Low-Carbohydrate High-Fat Diet and a Single Bout of Exercise on Glucose Tolerance, Lipid Profile and Endothelial Function in Normal Weight Young Healthy Females. Front Physiol. 2019 Dec 19;10:1499.
Jelstad S, Ditta Valsdottir T, Johansen EI, Jensen JR. Eight sessions of endurance training decrease fasting glucose and improve glucose tolerance in middle-aged overweight males. Arch Physiol Biochem. 2021 Feb;127(1):12-19. doi: 10.1080/13813455.2018.1563189. Epub 2019 Jan 26. PMID: 30688111.
Valsdottir TD, Øvrebø B, Falck TM, Litleskare S, Johansen EI, Henriksen C, Jensen J. Low-Carbohydrate High-Fat Diet and Exercise: Effect of a 10-Week Intervention on Body Composition and CVD Risk Factors in Overweight and Obese Women-A Randomized Controlled Trial. Nutrients. 2020 Dec 30;13(1):110.
Valsdottir TD, Øvrebø B, Kornfeldt TM, Litleskare S, Johansen EI, Henriksen C, Jensen J. Effect of aerobic exercise and low-carbohydrate high-fat diet on glucose tolerance and android/gynoid fat in overweight/obese women: A randomized controlled trial. Front Physiol. 2023 Jan 24;14:1056296. doi: 10.3389/fphys.2023.1056296. PMID: 36760521; PMCID: PMC9902511.