Korleis kan vi få forstå kroppen i bevegelse i den moderne og teknologiske nåtida vår?
Og kva seier «Enhanced Games», også skildra som eit «Doping-OL, om menneska i 2025?
Dopingmidlar er prestasjonserstattande
I forskinga si har Margrethe Voll Storaas mellom anna sett på doping som fenomen.
«Enhanced Games», toppidrettsleikar utan dopingreglar, som etter planen blir arrangert neste år i USA, er spesielt interessant for forskaren.
– Det er eit kvantesprang og utfordrar heile idrettens verdigrunnlag.

Ho argumenterer for at vi må skilje mellom kroppen som eit sjølvforbetrande system og teknologi.
Ein ikkje-dopa, frisk kropp er «autopoetisk»: den organiserer og forbetrar seg sjølv gjennom trening og restitusjon.
Storaas vil heller seie at dopingmidlar er prestasjonserstattande, enn prestasjonsfremjande.
Det set kroppens eige system ut av spel og gjer kroppen til eit passivt verktøy for ein ekstern substans.
Opphavet til prestasjonen blir flytta frå den naturlaga atleten til den menneskeskapte kjemien.
– Her er poenget å auke prestasjonen på for eksempel 100 meter med nokre hundredelar. Men det er vel ikkje tala i seg sjølv som er grunnen til at vi har idrett, og som er verdifullt for folk? Det er kva tala seier om kroppen sin evne til å produsere den prestasjonen, altså atleten sjølv, som har vore verdifull.
Kva er poenget med å dope ein robot?
Heile poenget med store idrettsprestasjonar forsvinn i Enhanced Games, meiner forskaren, og forklarer:
– Sjå for dykk at me dopar ned ein robot. Kva er poenget med det? Roboten har ikkje evna til å superkompensere mellom øktene, det har den bevegande biologiske kroppen som vi er. Så atletar er allereie prestasjonsforbetrande.
Den evna meiner Storaas over tid utgjer eit metafysisk system “over hovudet” på atleten.
Ho kallar det for det autopoietiske prestasjonssystem.
"Enhanced Games" del av ein større trend
Tilgangen til det holistiske systemet mistar utøvarane Enhanced Games når dei dopar seg.
– Akkurat som at det ikkje gir meining å skulle dope ned ein robot, er det ikkje eit poeng å sjå på ein atlet som er avkopla sitt naturlege forbetringsapparat der prestasjonen skuldast noko anna enn kroppens evne til forbetring, meiner ho og legg til:
– Dersom ein akspeterer modellen min si avkopling av ei teknologibetinga prestasjon, altså tala på tavla, frå atleten som biologisk kropp, kunne vi like gjerne sett på robotar. Isåfall kan vi kome til å bli desillusjonerte som båe publikum, trenarar og utøvarar etter kvart.
Storaas ser på doping og Enhanced Games som ein del av ein større trend der vi modifiserer den friske kroppen, på same måte som i plastisk kirurgi og transmedisin.
– Enhanced Games har definitivt hatt mange kulturelle strøymar å ri på som har hjelpt dei dit dei har kome nå. Skal vi hanskast med det kan det vere lurt å sjå på heilskapen om det kulturelle kroppssynet vårt.
- Les også: NIH-bloggen: Ser vi slutten på antidoping?
Ueinig i inkluderande språk i idretten
I to av artiklane i prosjektet hennar har ho sett nøye på inkluderande språk i idretten.
Forskaren er ueinig i omgrepet.
– Den skapar forventingar om at det berre er inkludering som er konsekvensen. Eg finn fleire andre, og negative, følgjer, seier Storaas.
Ho meiner rammeverk som blir vedteke av organisasjonar påverkar oss alle og brukar Noregs idrettsforbund (NIF) som eksempel.
– Når NIF offisielt brukar inkluderande språk og krev at alle skal behandle trans-identifiserande gutar som jenter, byggjer dei ikkje berre ned rommet for grensesetting for jentene, og foreldra. Dei gjer seg til aktørar for ei heilt ny forståing av menneske i bevegelse.
På spørsmål om kva ho vi anbefale ein leiar i ein idrettsklubb å gjere, svarar forskaren at ein bør vente med å adoptere språkkrav til vi forstår meir av prosessen.
– Vi må gå djupare inn i dette, ikkje haste gjennom tiltak for å vere snill. Dessutan er det vanskeleg å sjå at å tvinge folk til å endre språket sitt om den kjønna kroppen vi alle og dei sjølve er, er så snilt, meiner ho og legg til:
– Ord betyr noko for folk. Da har dei verdi utover å berre vere verktøy for idrettsorganisasjonars politiske strategi. Og å bruke ord slik dei gir meining allereie, er det som gjer oss menneske til arten vi er.
Nytt teoretisk rammeverk
Forskinga til Storaas tilbyr nye omgrep gjennom eit nytt rammeverk, biosemiotikk, for å forstå dagsaktuelle debattar og ei generell teknologifiserande idéstrømming.
Ho argumenterer for at vi treng å utvikle eit meta-språk om språkendringar. Og ei slags redefinisjonsetikk.
– Da kan vi løyse transsaka i idretten så den ikkje blir så vond for alle. Biosemiotikk og forskinga gjort på NIH trur eg kan bidra litt unikt til det, meiner Storaas.