Jubelen var høg på kontoret til førsteamanuensis Tormod Skogstad Nilsen da telefonen frå Kreftforeningen kom for nokre veker sidan.
Han har fått pengar til å forske på korleis fysisk aktivitet kan redusere heving og symptomer, og gje auka livskvalitet ved «lymfødem» hos kvinner som har blitt operert for livmorkreft.
Kreftbehandling kan føre til lymfødem, ein tilstand som kan gje smerter og infeksjonar.
Kan trening vere effektiv behandlingsform?
– Forskinga vår viser at 40 prosent av kvinnene som er operert for livmorkreft rapporterer med spørreskjema at dei har symptom på lymfødem i beina, fortel førsteamanuensis Nilsen ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH.

Likevel finst det lite forsking på området, og det er difor viktig å undersøke om trening kan vere ei effektiv behandlingsform.
I prosjektets første fase skal dei kartlegge om sjølvapporteringa av lymfødem samsvarar med objektive mål og klinisk vurdering av lymfødem i beina.
Målingane blir gjort ved Oslo universitetssjukehus. Kvinner med bekrefta lymfødem blir deretter inviterte til å delta i ein randomisert kontrollert treningsstudie, med namnet «SENSOR-LIIFE».
Treningsopplegg med to økter i veka
Studien varer i 20 veker, og treningsopplegget kan kome til å bestå av av dagleg aktivitet i tillegg til intervall- og styrketrening med hjelp frå fysioterapeut i heimkommunen to gonger i veka.
– Vi vil undersøke om trening kan redusere både hevinga i beina, plager assosiert med lymfødem og gi betre livskvalitet og fysisk form, inkludert kondisjon og muskelstyrke. Målet er å finne ut om fysisk aktivitet kan bli ein sentral del av behandlinga for desse kvinnene, fortel Nilsen.
Han håpar at prosjektet kan bidra til at ein kan oppdage lymfødem tidleg hos framtidige pasienter, og finne tiltak som kan hjelpe med plager og ein lettare kvardag for dei som har fått lymfødem.
24 fekk midlar av 146 søknadar
Nilsen er stolt over at søknaden kom gjennom det tronge nålauget blant totalt 146 søknadar.
– Det er fyrst og fremst ei stor anerkjenning til miljøet på NIH. I den opne tildelinga frå Kreftforeningen «konkurrerer» vi med dei beste forskarane innan kreftforsking i Noreg. Eg trur mange har blitt meir merksame på forskinga vi gjer på NIH. Særleg etter all mediemerksemda vi fekk før sommaren, på studien om trening for brystkreftoverlevarar.

183 millionar kroner har blitt fordelt på ulike søknadar. Alle pengane kjem frå Kreftforeningens givarar, og er samla inn gjennom medlemskontigentar, aksjonar, testament og rause gåver frå privatpersonar og næringsliv.
– Denne forskinga får enorm betydning for framtidas kreftpasientar, seier regionleiar i Kreftforeningen Agder, Geir O. Wehus.
- Vidareutdanning: Trening og kreft/ AKTIV-instruktør
Deltakarane i prosjektet skal gjennomføre treningsøktene i prosjektet i heimkommunen om reisevegen til NIH er for lang.
Sjølve testinga skal bli gjennomført på laben på NIH eller i det nye senteret på Radiumhospitalet, der NIH har ei sentral rolle.