Toppseriespelarane Kristin, Cornelia og Anna er i midt i ei viktig styrkeøkt med Lyn.
Dei er glade i og prioriterer styrketrening nå – men ingen av dei starta med styrketrening med vekter før 17-18-årsalderen.
– Du blir liksom passa veldig på, når du eigentleg kan køyre på, seier Kristin Holmen.
– Vi har heile tida fått høyre at ein ikkje skal trene så mykje med vekter, det viser jo blant anna denne forskinga at vi kan, legg Cornelia Remme Fladberg til.

Gjennomførte fysiske testar i to år
Ifølgje ny forsking på NIH ser det ut til at fotballjentene i Lyn kunne ha fått stor nytte av å trene styrke med vekter tidlegare.
Stipendiat Lars Martin Tingelstad har gjennomført eit unikt forskingsprosjekt der han har fylgd ei gruppe handball- og fotballspelarar over tid.
Deltakarane var 13 og 15 år da dei starta.
Undervegs har dei gjennomført fysiske testar og treningsbelastninga deira har blitt målt.
Dei har gjort testar av sprint (30-meter), spenst og beinpress, og meir spesifikke testar på hamstring og lyske.
Stipendiaten brukte også GPS-data for å samle info om treningsbelastning.
Gutta får mykje gratis frå puberteten
Funna viser at både jenter og gutar forbetra fysisk prestasjon betydeleg over to år. Yngre spelarar forbetra seg meir enn eldre, og gutar viste større utvikling i dei fleste testane samanlikna med jenter på same alder.
– Gutane får mykje meir gratis av puberteten enn det jentene gjer. Dei viser meir markante forbetringar i fysiske eigenskapar, sannsynlegvis på grunn av den auka veksten i puberteten, forklarer Tingelstad.

Fire praktiske råd til trenarar
Funna viste også at begge kjønn hadde lite utvikling i hamstring- og hoftestyrke.
Tingelstad meiner det understrekar behovet for å tenkje meir på skadeførebygging i ungdomsidretten.
Han har tre klare praktiske råd på bakgrunn av forskinga hans til trenarar i lagidrett for yngre utøvarar.
- Styrketrening er viktig spesielt for jenter å kome i gang med frå ung alder. Det kan forebygge skader og gjere dei betre rusta når belastninga blir høgare.
- Unngå tidleg talentidentifisering basert berre på fysikk. Det er enorme forskjellar i modning. I 14-årsgruppa kan du ha ei som er biologisk 18 år og ei som er 12 år.
- Skadeførebygging må målrettast. Det er underprioritert i ungdomsidretten. Forskinga vår viser at den relative styrken, spesielt hamstring og hofte, manglar i utvikling i alderen vi har fylgd.
- Individuell tilpasning – Resultata understrekar behovet for individuelle treningstilpasningar. Den fysiske veksten er veldig forskjellig, og trenarar bør justere treningsprogrammet for å fremje optimal prestasjon og utvikling, og ikkje minst redusere skaderisiko.
Ulikt når treningsformar er gunstige
Live Luteberget er tidlegare handballspelar og har i mange år forska på lagidrett.
Trenarar bør hugse på at kroppen er ekstra sårbar i periodar med rask vekst, og at totalbelastninga derfor er viktig å ta omsyn til, seier ho.

– Vi ser at både gutar og jenter får betydeleg framgang i styrke og fysisk prestasjon i ungdomsåra, men gutar aukar ofte meir enn jenter. Samtidig varierer utviklinga mykje frå individ til individ, og jenter kommer i gjennomsnitt tidlegare inn i vekst- og modningsfasane, seier ho og legg til:
– Dette kan påverke når ulike treningsformer blir opplevd som gunstige, men trening bør uansett bli tilpassa den enkelte, seier Luteberget som er førsteamanuensis ved Institutt for fysisk prestasjonsevne og har rettleia Tingelstad.
Er kroppen klar for å debutere på seniornivå?
Lyn-spelarane hadde tidlegare Tingelstad som fysisk trenar og synest det er spennande å høyre kva han har forska på og funne ut.
– Det er jo noko som har mangla i forskinga. Vi veit jo at vi får meir feitt i puberteten, og at gapet mellom jenter og gutar blir ganske stort i løpet av den perioden, seier Fall.
– Det er fint at vi får eit anna perspektiv enn at vi skal vere så forsiktige heile tida, legg lagvenninne Holmen til.

Mange kvinnelege fotballspelarar debuterer tidleg på seniornivå, men har kanskje ikkje ein kropp som er rusta til den auka påkjenninga.
Kristin Holmen var 18 år da ho fekk sjansen på seniornivå. Når ho ser klipp frå kampane på den tida, ser jo med ein gong at ho ikkje var sterk nok.
– Eg var jo treigare og svakare enn alle der. Eg var jo ikkje akkurat veldig sterk og kontrollert i kroppen. Rørslene er treigare og sløvare. Og det er jo på grunn at kroppen er i utvikling og manglande styrke, meiner Holmen.
Klubbar må ha god nok oppfylging
Tingelstad som også har vore fysisk trenar i eliteserieklubben KFUM, meiner det heilt klart er mogleg å begynne med strukturert styrketrening tidlegare, for å vere betre rusta til å takle overgangen og unngå skadar.
– Å ikkje begynne med styrketrening med vekter før vidaregåande er ganske seint. Men det er også andre utfordringar. Det er få klubbar med god struktur for faktisk å få det til, spesielt på jentesida, seier Tingelstad og presiserer:
– Ein ting er å begynne med styrketrening frå tidlegare alder, viktigare er det å få god nok oppfylging til å gjennomføre det skikkeleg, oppsummerer stipendiaten.
Referanser:
Age and Sex Differences in Physical Performance Among Adolescent Team Sport Athletes
The development of physical characteristics in adolescent team sport athletes: A systematic review