Har forska på belastning i fotball: – Tre kampar i veka er for mykje

Korleis kan fotballklubbar ha betre kontroll på belastninga? Håvard Wiig har klare råd etter å ha forska på norske toppspelarar.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Publisert 8. apr. 2024 13:53 - Sist endra 24. apr. 2024 09:12
to fotballspelarar spring etter ball.

Bruk fleire verktøy til å kontrollere belastninga til spelarane, meiner fotballforskar Håvard Wiig. \Foto: Colourbox

– Det blir eit evig kampprogram, utan pause.

Håvard Wiig snakkar om toppfotballen slik den har utvikla seg både nasjonalt og internasjonalt dei siste åra.

Kanskje er det også enda tøffare for dei unge lovande, som får sjansen på mange forskjellige lag på ein gong.

GPS i «Sports-BH»

– Problemet er at det fort blir for mykje over tid. Det er typisk at når ein startar på toppidrettsgymnas eller liknande, så trenar du fullt med laget ditt på kvelden, og i tillegg får du treningar på formiddagen. Om du er god spelar du kanskje på fleire lag, f.eks krinslaget og seniorlaget. Du skal jo helst trene litt innimellom der også, viss ikkje fell jo forma di over tid, seier Wiig.

portrett håvard wiig
Håvard Wiig

Det er der forskinga hans kjem inn.

Wiig har vore stipendiat ved Institutt for fysisk prestasjonsevne på NIH og sett på ulike verktøy som kan sikre at trenar og klubb har kontroll på denne belastninga.

Du har kanskje sett «sports-bh-en» fotballspelarar flest spring rundt med? Inni den er det GPS-einingar som gir mange viktige data.

Der kan ein få vite kor mykje spelaren har sprunge, med kva slags hastigheit og talet på akselerasjonar i løpet av kampen.

Men kva betyr det eigentleg om ein spelar spring 10.000 meter i løpet av ein kamp?

– Om ein har gode verktøy for å kontrollere kor mykje belastning spelarane har, blir det også lettare å planlegge belastning på kamp og trening, forklarer Wiig.

Håvard Wiig disputerer på NIH 22.april

21 økter med Strømsgodset

Forskingsgruppa hans fylgde 18 spelarar i eliteserieklubben Strømsgodset over 21 økter.

Spelarane hadde på seg GPS-eininga og registrerte i tillegg korleis dei sjølv opplevde belastninga (1-10).

Resultata viste at det var ein sterk samanheng mellom kor tøft spelarane opplevde at økta var og den ytre belastninga som GPS-eininga målte.

Men det kanskje mest interessante funnet for fotballfolket er kor store dei individuelle forskjellane mellom spelarane var.

Spelarane hadde ulik opplevd belastning ved den same ytre belastninga, og dei varierte i korleis dei opplevde forskjellen på ein låg og høg ytre belastning.

Dei har på ein måte sin eigen profil.

GPS-eininga gir derimot ikkje alle svar.

– GPS-einingane fangar ikkje opp alt. For eksempel kan det vere ei økt som har mykje duellspel og hopping. Dette er aktivitet som er slitsamt, utan at det genererer så stor distanse på GPS målingane., seier Wiig og legg til:

– Det er noko av det viktigaste eg vil formidle frå forskinga mi. Fotballspelarar er forskjellige og må følgjast opp individuelt og bør målast mot seg sjølv.

Treng tre dagar før ny kamp

I ein anna studie fylgde dei 81 spelarar frå seks forskjellige klubbar i ein enkelt kamp med bevegelsessensorar. I tillegg gjorde forskarane fleire testar etter kamp, som hopptest, sprinttest, løpstest, blodprøver og muskelbiopsiar.

Eitt av hovudfunna var at fotballkampar fører til små øydeleggingar i muskelcellene. Mengda med slike øydeleggingar ser ut til å ha en samanheng med distansen spelarane har med høg hastigheit.

Dette påverkar igjen restitusjonen.

– Det kan vere viktig for klubbar som brukar GPS-einingar å sjå spesielt på den distansen spelarane har med høg hastigheit. Men vi såg også at spelarane som sprang dei lengste distansane gjorde det dårlegare på ein sprint-test som dei utførte på dag tre etter kamp.  

Men når kan ein eigentleg rekne med at ein spelar er klar for ny kamp?

Wiig meiner ein som hovudregel treng tre dagar før ein ny kamp. Noko også forskinga hans viser.

– Det kjem an på kampen du har spelt og restitusjonstiltaka du gjer, men det er nok ein del individuelle forskjellar også. Tre dagar før ny kamp treng nok dei fleste.

Ungdomstrenarar må passe spesielt på

Han meiner trenarar i ungdomsfotballen bør passe spesielt på.

– Tre kampar i veka er for mykje. Viss du spelar søndag, så er det ikkje bra å spele ny kamp på tysdag. Det skjer ikkje ofte i toppfotballen, men i ungdomsfotballen skjer det nok i større grad. Viss ein ikkje er påpasseleg med å styre belastninga, så blir det fort rådrift på nokre spelarar.

Sjølv om ikkje ungdomslag har ressursar til å bruke GPS-einingar som toppklubbane stort sett gjer, er det fleire måtar å styre belastninga på

– Du kan bruke den subjektive metoden der du får spelarane til å rangere økta frå 1-10 etter kor tøff den var, og vidare gangar med varigheita. Da får du eit mål på belastninga, seier Wiig.

Men kalenderen kan vere eit vel så viktig verktøy.

– Det enklaste er nok å bruke kalenderen og sjå kor mange økter og kampar spelarane har. Og passar på at det er nok kviledagar i mellom. Det er vanskeleg for ein 16-17-åring og seie nei til å spele dei ekstra kampane. Så her har trenaren ei enda viktigare rolle, meiner Wiig.

Les heile avhandlinga her

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne, Fotball