English version of this page

Nye funn om korleis utøvarar tar best val: – Veldig interessant

Utøvarar som vel eigne strategiar, gjennom prøving og feiling, presterer betre viser ny NIH-forsking. Landslagstrenar i alpint, Christian Mitter har alt begynt å bruke forskingsfunna på landslaget.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Slalåmkøyrar i slutten av løypa.

Forskingsprosjektet leia av stipendiat Christian Magelssen føregjekk i skihallen Snø på Lørenskog i juni 2023. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

Å ta gode val og strategiar er nødvendig for å prestere godt i idrett. 

Ein langrennsløpar må vurdere om dei skal opne hardt eller halde igjen.

Ein alpinist må avgjere om dei skal ofre fart for å køyre ein kortare linje eller velje ein lengre veg med høgare fart. 

Vanlegvis lærer idrettsutøvarar desse strategiane frå ein trenar. 

Ny forsking frå NIH viser derimot at utøvarar som lærer strategiar gjennom evaluering, presterer betre. 

Sjå korleis forskinga blei gjennomført i videoen over

 

Stort forskingsprosjekt i skihallen Snø

I landets einaste innandørs skianlegg er det tre boksar i botn av målområdet. På rekke og rad kjem nokre av våre aller beste alpinistar inn i mål og køyrer inn i dei tre forskjellige innhegningane.

Dei er alle i tre forskjellige læringsgrupper og har tre forskjellige måtar å løyse løypa. Alle dei 98 alpinistane er med på eit stort forskingsprosjekt i regi av NIH.
 

Alpinister i eit innadørs skianlegg. Diskuterer med trenere
Etter kvar runde i slalåmløypa svinga løparane inn i kvar sin boks.

1. Strategi frå eigen trenar

 Valde den strategien dei meinte var best for utøvaren

2. Strategi frå profesjonell trenar med teoretisk beste tilnærming

Hadde blitt lært opp i den teoretisk beste strategien for å oppnå betre prestasjon på flater (basert på mekanikk).

3. Sjølvevaluering basert på eigne tider

Fekk vite sine eigne tider og har evaluert seg fram til den beste strategien som tar dei raskast mogleg ned løypa. 

Kven trur du køyrer raskast?

Funna vil kanskje overraske deg. 

Trenarar er viktigare enn ein trur

Gruppa som ikkje hadde trenar, men berre fekk vite sin eigen tid, køyrde faktisk raskast.

Betyr det at trenarar ikkje er nødvendige?

Langt ifrå, meiner stipendiat og alpintrenar Christian Magelssen. Han meiner at resultata viser at kunnskapen og eigenskapane til ein trenar, i dette tilfelle alpintrenar, berre blir viktigare.

– Faglege sterke trenarar vil alltid vere viktig, men kanskje kan resultata frå denne studien stimulere trenarar til å tenkje annleis om læring, seier Magelssen. 

To trenere står i ein skibakke
Landslagstrenar Christian Mitter har fått mykje ut av å vere med på forskingsprosjektet til stipendiat Christian Magelssen. I Snø-hallen stod han i ein av "boksane" og gav utøvarane strategiar for å løyse slalåmløypa. 

– Interessant og nytt

Landslagstrenar Christian Mitter har diskutert mykje med NIH-stipendiaten og meiner funna er svært relevante for han som landslagstrenar.

– Dette er interessant og nytt. Det viser at vi som trenarar må vere på og lage gode strategiar som utøvarar kan velje mellom, seier Mitter. 

Løpsstrategi i alpint handlar mellom anna om korleis ein går laus på portane, kva slags linjer ein vel og korleis ein brukar kroppen nedover løypa. 

I andre idrettar handlar det kanskje om løpsopplegg og disponering, eller korleis ein møter ulike utfordringar eller motstandarar i løpet av konkurransen.

Dei aller fleste utøvarar på alle nivå, tar mange viktige val i løpet av ein konkurranse.

Utøver snakker med skitrener i skibakken
Landslagstrenar Christian Mitter har lang erfaring for Aleksander Aamodt Kilde og nokre av dei beste alpinistane i verda. Under utfortrening i Kvitfjell i vår tok han i bruk noko av det han lærte av funna i denne studien.

Viktige marginar

Hypotesen til forskarane før dei sette i gang var at utøvarar blir flinkare til å lære og velje gode strategiar gjennom å prøve dei ut og oppleve effektane, i staden for tradisjonell instruksjon.

Dermed vil utøvarar som blir stimulert til å lære på denne måten også på sikt bli flinkare til å velje gode strategiar.

Denne typen læring blir kalla forsterkande læring (engelsk: reinforcement learning).

Sjølv om forskjellane er små i den korte slalåmløypa i skihallen på Lørenskog, som løparane brukte 15-16 sekundar på, viste også resultata at dei som valde strategi sjølv var 0,12 sekund raskare.

I ein idrett som blir avgjort på hundredelar kan det vere viktige marginar å ta med seg.

– Det høyrest kanskje ut som små skilnadar, men det er absolutt nok til at trenarar bør bry seg. Den var også statistisk signifikant med så mange utøvarar som me har hatt med, seier Magelssen og siktar til dei 98 deltakarane på høgt internasjonalt nivå som var med i studien.

Les meir: Her analyserer Petter detaljane for alpinlandslaget i VM

Slalpmkøyrar bakfrå
Slalåmkøyrarane som var med over fleire dagar i Snø-hallen var på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå.

Landslagsløparane følte seg frie

Landslagstrenar Christian Mitter fortel om ei trening på Kvitfjell i vår der han prøvde ut forskinga i praksis. Han gav løparane fire forskjellige strategiar å løyse storslålåmløypa på.

Dei skulle sjølv velje strategi, utan at trenaren skulle kome med direkte innspel undervegs.

– Dei var veldig søkande på innspel, men eg bedømte dei ikkje og kom berre med tilbakemelding på om dei klarte strategien eller ikkje. Undervegs fann dei faktisk ut ein femte strategi som var meir ekstrem, fortel Mitter og legg til:

– Dei fortalte at dei følte seg veldig frie på den treninga. Det funka betre enn me trudde og dei diskusjonane løparane hadde den dagen var veldig interessante. Me hadde aldri gjort dette utan studien fra NIH. Veldig verdifull trening, skildrar landslagstrenaren som opphavleg er frå Austerrike.

Les meir om forsking på NIH

Slik utførte dei studien

98 utøvarar var med på testinga over tre dagar i Snø-hallen i Lørenskog. Den fyrste dagen køyrde alle slalåmløypa så fort dei kunne. 

Dag to og tre blei dei delt inn i læringsgrupper basert på tidene og alle fekk testa dei tre forskjellige strategiane. Anten tilbakemeldingar frå eigen trenar, tilbakemelding frå profesjonell trenar eller ingen tilbakemelding (berre sin eigen tid).

Må trene opp evna til å ta eigne val

Magelssen har sjølv lang fartstid som alpintrenar, for barn- og ungdom mellom 12-16 år, på skigymnas og i landslagssystemet i Norges skiforbund. 

Han meiner at den tradisjonelle trenaren ikkje er alltid like god til å stimulere utøvarar til å ta avgjerder om kva slags strategiar dei skal gå for sjølv.
– Den tradisjonelle trenaren står på kulen og seier kva utøvaren skal gjere, og gjev tilbakemeldingar på det i etterkant, seier Magelssen.

Han meiner at resultata frå denne studien viser at ein trenar må bidra til å trene opp utøvaranes evne til å eigne val i løypa. 

Der har han konkrete tips til deg som trenar både for yngre og eldre utøvarar.

– Lag strategiar for utøvaren og forsøk å få dei til å teste ut fleire forskjellige. Gje dei ei forståing på kva som verkar og kva som ikkje verkar, gjennom at dei evaluerer seg sjølv gjennom feedbacken dei får. 

Også i andre idrettar enn alpint

Sjølv om han har forska på alpint, meiner han at barne- og ungdomstrenarar i mange idrettar kan dra nytte av forskingsfunna og også begynne tidleg med denne typen trening.

Alpintrenar snakkar med utøvar
Christian Mitter var overraska over korleis utøvarane hans tok i mot den nye måten å lære på da han testa det på Kvitfjell.

– Da må du kanskje ikkje velje så avanserte strategiar som det me gjorde i studien, men det kan være enkle ting slik at utøvaren forstår, seier Magelssen og gjev eit eksempel frå alpint:

– Viss vi skulle ha laga ein strategi i utfor, så kunne det vore å stå høgt og oppreist, eller å stå lågt og ut med armane. Berre for at utøvaren skal få sjå at det er ein stor effekt av å krype saman og vere i god hockeposisjon. Det må dei få kjenne på det og sjå resultatet sjølv.

Resultat frå denne type testar kan vere opplagt for ein trenar, men ofte ikkje for ein ung utøvar. 

– Andre studier peikar på at det er nettopp denne nysgjerrigheita, og kreativiteten det skapar, som er viktig for å bli god, sier Magelssen.


Les forskingsartikkelen her: Reinforcement learning enhances training and performance in skilled alpine skiers compared to traditional coaching instruction

Les heile avhandlinga på engelsk (nva.sikt.no)

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne
Publisert 5. des. 2024 12:48 - Sist endra 31. mars 2026 10:33