Ny innsikt i muskelvekst og muskelminne: Tidlegare trening gjev fordelar

 – Det viser at all trening du gjer kan vere viktig, sjølv om du ikkje klarer å trene heile året gjennom, seier professor Truls Raastad om ny forsking på muskelhukommelse på NIH.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Mann utgjør biceps curl

I studien trena 12 deltakarar styrketrening berre på den eine armen i den fyrste treningsperioden. Foto: Colourbox. 

Målet med denne studien som nyleg er publisert i «The Journal of Physiology», var å finne ut meir om muskelhukommelse. Hugsar muskelcellene styrketreninga dei har gjort tidlegare?

Kan stoppe debatt i forskarmiljøet

Muskelminne har blitt forska på i fleire studiar på NIH. 

– Vi og andre har tidlegare vist at du får fleire cellekjernar i muskelfibrane når dei veks i storleik med styrketrening, men det har vore ein stor debatt om desse nye kjernane er permanente eller om dei forsvinn igjen når du sluttar å trene, seier professor ved Institutt for fysisk prestasjonsevne, Truls Raastad.

Bildet kan inneholde: person, panne, nese, kinn, øyenbryn.
Truls Raastad er professor i idrettsfysiologi og leiar av «Muskelgruppa» på NIH. Dei jobbar med forsking og undervisning om muskulære tilpasningar til trening.

Denne studien viser tydeleg at talet på kjernar held seg høgt, sjølv om storleiken på muskelfibrane går tilbake til utgangspunktet etter 16 veker utan trening. 

Det betyr at muskelfibrane kan ha større kapasitet til å respondere på en ny periode med trening og dermed gi grunnlag for eit muskelminne.

Trena ein arm i ti veker

Tolv personar som ikkje hadde drive med regelmessig styrketrening på overkropp, var med på studien. Dei var unge kvinner og menn som dreiv med andre typar trening enn styrke.

Dei trena ein arm i ti veker slik at dei raske muskelfibrane ble cirka 30 prosent større og fekk 30 prosent fleire kjernar, før dei tok ei pause på 16 veker. 

Etter pause trena dei begge armane i ti veker. Forskarane tok prøver av musklane før og etter treninga, og analyserte prøvene.

Det var ein viktig grunn for at forskarane valde å sjå på akkurat biceps-muskelen.

– Biceps-muskelen brukar du ikkje like mykje i dagleglivet, som for eksempel beinmusklane. Derfor får du ein mykje større detreningseffekt i pausa frå trening, forklarer Raastad.

All styrketrening hjelper

Kva viste funna?

– Me såg som forventa at det blei fleire kjernar i muskelcellene under den fyrste treningsperioden. Det viktigaste funnet i denne studien var at sjølv om musklane blei mindre under pausa, var talet på cellekjernar det same. Dette betyr at musklane "hugsa" at dei hadde trena før og har større kapasitet til å respondere på en ny runde med trening.

Forskarane såg også at uttrykket av tre gener framleis var endra i musklane etter 16 veker utan trening.

– Dette kan tyde på at musklane også hadde eit epigenetisk minne av den tidlegare treninga og det kan også bidra til betre treningsrespons ved seinare trening.

Når deltakarane begynte å trene igjen trena dei begge armane. Da blei musklane i armen som hadde trena før, litt større enn i den andre armen. Men dei blei ikkje større enn kva forskarane hadde forventa. 

Bildet kan inneholde: person, hake, skulder, stående, gass.
Om du kvart år får til ti veker med styrketrening, kan det vere ei veldig god investering, fortel professor Truls Raastad.

– Noko overraskande såg vi at i den andre treningsperioden så heldt auka i muskelcellekjernar fram sjølv om muskelfibrane nå berre blei like store som det dei blei etter den fyrste treningsperioden. Deltakarane auka talet på kjernar med ytterlegare 15 prosent i gjennomsnitt, fortel Raastad.

Nytt forskingsprosjekt om testosteron og muskelhukommelse

Han meiner at funna tyder på at all styrketrening hjelper så lenge den over en periode har ført til muskelvekst (ikkje nødvendigvis synlege musklar, men auke av muskelcellekjernar).

Bildet kan inneholde: bilbelysning, oransje, tre, font, farger og nyanser.
Deltakarane auka talet på muskelcellekjernar med 15 prosent i gjennomsnitt i den siste treningsperioden. Foto: Colourbox. 

Sjølv om ein ikkje klarer å trene styrke og halde muskelmassen ved like gjennom heile året, er det langt frå bortkasta om du får det til i eit par månader.

– Eit veldig interessant funn i denne studien var at du kan booste effekten av muskelcellekjernar meir enn me hadde trudd. Om du kvart år får til ti veker med god trening kan det være ei veldig god investering. Det er viktig å hugse på det må vere kvalitet på treninga og at den varer lenge nok til at du får muskelvekst, seier Raastad.

Førsteforfatter på artikkelen er Kristoffer Toldnes Cumming, som jobba som forskar på NIH da studien blei gjennomført. Han er nå førsteamanuensis ved Høgskolen i Østfold.

For tida er også eit nytt forskingsprosjekt om muskelhukommelse i gang på NIH. Stipendiat Daniel Tømmerbakke skal finne ut musklane våre hugsar kortvarig testosteronbruk og korleis det påverkar muskelveksten. 

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne, Styrketrening
Publisert 9. sep. 2024 11:14 - Sist endra 18. feb. 2026 10:49