English version of this page

Cathrine jobbar på forskingsinstitutt: – Tilfredstillande med forsking som bidrar politisk

Cathrine Pedersen meiner ein trenar seg opp ein nysgjerrigheit og engasjement i ein doktorgrad som er viktig i arbeidslivet. Sjølv fekk ho jobb på forskingsinstituttet NIFU etter doktorgraden på NIH.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Cathrine Pedersen smiler på Tøyen Torg framfor blokka ho jobbar i.

Cathrine Pedersen tok ein såkalla nærings-ph.d og forska på fysisk aktivitet hos tilsette i Posten. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

På Tøyen torg peikar Cathrine opp mot toppen av blokka. Der oppe, med utsikt over Oslo, er ho ei av forskarane på Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning.

–  Eg hadde bestemt meg for at jeg hadde lyst til å jobbe med tiltak – gjerne helsefremjande tiltak. At eg ikkje skulle forske på eit fenomen, men bidra til at det blei endring, fortel forskaren. 

Det er akkurat det ho meiner ho får på eit forskingsinstitutt som NIFU.

Cathrine peikar oppover mot blokka
Pedersen forskar mellom anna saman med samfunnsøkonomar, psykologar og pedagogar på toppen av høgblokka på Tøyen hos NIFU. 

Forskar på langtidseffektar av korona

For eksempel forskar ho på korleis det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring blir tolka og praktisert i skolen.

Eller på langtidseffektar av korona-pandemien for elevar på ungdomsskolen som ho forskar på akkurat nå.

På eit bakeri like nedanfor høgblokka ho har kontor i, har ho sett seg ned med oss for å fortelje om vegen frå doktorgrad til arbeidsliv, og kva ho meiner er styrken til ein med doktorgrad frå NIH får i arbeidslivet.

Starta på doktorgrad etter mange år i arbeidslivet

Cathrine Pedersen var ei av dei som hadde ei tydeleg retning da ho gjekk inn i doktorgradsløpet på NIH.

Ho hadde ein mastergrad i psykologi og fleire år i arbeidslivet bak seg. 

Dei siste åra hadde ho jobba med leiarutvikling i Posten. Der skulle dei sette i gang med eit stort prosjekt for å gjere organisasjonen til ein meir helsefremjande arbeidsplass. 

Cathrine såg ein sjanse til å gjennomføre eit større prosjekt der ho faktisk kunne få jobbe med helse og livsstilsendring for dei tilsette. 

Etter kvart tok ein såkalla nærings-ph.d. form, der forskingsrådet går inn med 50 prosent og kandidaten må finne ein passande institusjon til prosjektet. 

– Dette skulle jo handle om fysisk aktivitet og motivasjonen til å gjere endringar, og sett i ettertid ser eg at NIH absolutt var det beste valet. 

Cathrine framfor høgblokka på Tøyen
På toppen av høgblokka ved Tøyen torg har Cathrine Pedersen forskarkontoret sitt ved NIFU. 

Les meir om doktorgrad på NIH

Posten-arbeidarane hadde lite høg puls

I studien blei 202 postbod, sjåførar og terminalarbeidarar samla til testing før og etter eit treningsopplegg over fire månader. 70 prosent av gruppa var godt under aktivitetsnivået norske helsemyndigheiter anbefalar. 

Cathrine fann ut at sjølv om deltakarane hadde fysisk arbeid, pressar seg for lite, og ikkje fekk pulsen opp nok. 

Løysinga blei å lage eit opplegg der medarbeidarane fekk støtte til å drive med fysisk aktivitet på fritida, på eigne premiss. 

Eitt år seinare var gruppa som ikkje oppnådde aktivitetsanbefalingane redusert til 47 prosent. 

– Eg var heldig som kjente Posten og målgruppa godt. Det var lettare for meg å forstå kva som ville funke med den gjengen der, fortel ho. 

Den tidlegare stipendiaten meiner det er klare fordelar med å ha vore i arbeidslivet før ein tek til med ein doktorgrad.

– Det kjem an på kva slags type prosjekt du har, men det at du forstår den konteksten prosjektet skal gjennomførast i og skjønnar målgruppa det rettar seg mot, er ein fordel. Dei skal jo ikkje berre svare på eit spørreskjema, dei skal ta til seg det som skjer, og kome i ein endringsprosess som gjer at dei ikkje berre endrar haldning, men også åtferd, seier ho og legg til: 

– Både det praktiske og teoretiske skal henge på greip. Dei tinga ein gjer skal faktisk gjere ei endring. 

Rett til forskarjobb etter disputas

Pedersen var heldig og gjekk rett frå disputas til jobb som forskar. NIFU søkte etter ein forskar som kunne intervensjonsstudiar og randomiserte kontrollerte studiar.

Det passa perfekt for bakgrunnen til Pedersen frå NIH.

På NIFU kombinerar dei prosjekt frå Norges forskingsråd, EU-prosjekt og forskings-oppdrag frå det offentlege som Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Utdanningsdirektoratet.

– Denne miksen av ulike oppdrag og oppdragsgjevarar synest eg er verkeleg spennande. 

På same tid jobbar ho med fem til sju prosjekt. Eit prosjekt varar minimum eit år og det kan også vere prosjekt på opptil fire år. 

I tillegg tek søknadsskriving ein god del av tida hennar som forskar.

– Du må vere på med tanke på nye utlysingar for å sikre inntekt framover. I periodar kan det ta ein del tid, kanskje 20 prosent av tida, forklarar Cathrine. 

Les meir om jobbmoglegheiter

Forska på aktiv reise til skulen

Sjølv meiner ho at denne måten å forske på gjer det lett å sjå at ein faktisk bidrar med noko som betyr noko for samfunnet. 

– Det er særleg gøy når det du forskar på er noko som myndigheitene, anten det er Kunnskapsdepartementet eller Utdanningsdirektoratet, går inn i politiske avgjerder med arbeidet vårt som kunnskapsgrunnlag. Det er jo tilfredsstillande å føle at det ein gjer faktisk betyr noko.

Eit anna eksempel på eit oppdrag Pedersen har jobba med er prosjektet «Puls» frå Forskingsrådet.

Prosjektet såg på aktiv reise til og frå ungdomsskule og vidaregåande. 

Der var ho med på ein intervensjonsstudie der dei skulle lage eit undervisningsopplegg i skulen, som baserer seg på sjølvbestemmingsteorien, for å få elevane til å endre haldning og åtferd rundt aktiv reise.

–  Da følte eg verkeleg at det svinga. Det var midt i blinken for meg, og ein heilskap frå masteren min i psykologi og doktorgraden frå NIH, smiler forskaren. 

– Eg trur det er eit engasjement som blir utvikla. Ikkje at det berre er ein eigenskap, men at det faktisk er ein ferdigheit eller muskel du kan trene. 

Jobbar med samfunnsøkonomar og pedagogar

På instituttet jobbar ho saman med forskarar med mange forskjellige fagbakgrunnar. 
Temaet er felles, men korleis ein samlar inn data, er tverrfagleg. 

Ho fortel om prosjektet Evaluering av norm for lærrtetthet, som ho jobba med på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. 

– Vi må sjå på det frå ein økonomisk ressursfordelingsside. Da treng vi ein samfunnsøkonom. Vi må også sjå på korleis det påverkar pedagogisk praksis, da treng ein pedagogar. Vi må også sjå på korleis det påverkar elevar og lærarrelasjonen, da kjem eg som psykolog inn, forklarar ho. 

Det å gjennomføre ein doktorgrad gir ein kunnskap og engasjement som ein får stor bruk for i arbeidslivet generelt, meiner Cathrine. 

–  Kanskje ein trenar opp ein slag nysgjerrigheit og engasjement gjennom å ta ein doktorgrad? Ikkje berre faktakunnskap om ting, men at ein trenar seg opp til å bli fascinert av eit fagfelt. Når eg intervjuar folk som har tatt doktorgrad, så blir eg slått av kor engasjerte dei er i prosjektet sitt. Engasjement for ting ein kanskje synet er viktig, men ikkje har fullstendig oversikt over, er jo veldig viktig i oppdragsforsking. 

Forskaren tenkjer litt ekstra over kaffikoppen. 

– Eg trur det er eit engasjement som blir utvikla. Ikkje at det berre er ein eigenskap, men at det faktisk er ein ferdigheit eller muskel du kan trene. 

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, Jobbmuligheter
Publisert 17. juni 2025 15:28 - Sist endra 14. okt. 2026 15:25