Nokre dagar kjenner Svein Brynhildsvoll at jobben hans er så meiningsfull at han eigentleg ikkje hadde trengt løn.
Augeblikk der ungdommar for fyrste gong får kjenne på gleden av å sykle når dei får testa ein handssykkel for fyrste gong.
– Plutseleg får dei sykle med jamaldrande eller dra på turar med familien. Når eg opplever den gleda dei får, treng eg eigentleg ikkje løn den dagen.
Turane i Team Pølsa er ikkje kvardagskost
Om du har sett ein av dei to sesongane av Team Pølsa på NRK har du sett Svein Brynhildsvoll frå Dalsbygda i bakgrunnen.
Bak Pia, Mikkel og Peder i sprintløypa i Trondheim eller i taulaget bak Benjamin og resten av gjengen i Jotunheimen i sesong to.
– Det er ikkje kvardagskost for oss å gå på topptur til Rasletind eller rappellere ned i isbresprekkar, men det viser litt kva ein kan få til med riktig tilrettelegging og samarbeid, seier Brynhildsvoll.
.jpg)
30-åringen er utdanna ergoterapeut og har eit årsstudium i friluftsliv frå NIH. Sommaren etter at han var ferdig med studia dukka det opp eit vikariat som ergoterapeut ved Beitostølen Helsesportssenter.
Sidan har han vore seks år i fjellbygda ved foten av Jotunheimen.
Kompetansen i friluftslivsfaget som han tileigna seg på NIH får han mykje bruk for.
– Det beste med helsesportssenteret er at me driv mykje med aktivitet som skjer ute. Der får eg baka inn den genuine interessa og gleda eg har ved å vere ute. Det har gitt meg mykje både i jobbsamanheng og fritid.
Inspirerer til fysisk aktivitet i kvardagen
Arbeidsoppgåvene hans handlar mykje om aktivitetshjelpemidlar som sit-ski, piggekjelkar, syklar og turvogner.
Svein hjelper dei med å finne ut korleis dei kan bruke dei forskjellige hjelpemidlane til å drive friluftsliv og fysisk aktivitet i kvardagslivet heime.
– Målet vårt er å kunne bruke aktivitetshjelpemidlane i naturlege omgjevnadar, slik at brukarane ynskjer å halde fram med å bruke det når dei kjem heim att. Me prøver å vise dei kor ein kan ferdast og kva som krevjast av dei.
Den tilrettelegginga har han også gjort for TV-produksjonen som i fjor laga landets mest sette TV-program. Heile 1,3 millionar nordmenn har sett dei seks episodane av sesong 1 i gjennomsnitt.
– Det har vore ein fest frå start til slutt. Det er utruleg morosamt å få lov til å bidra med det me gjer til dagleg inn i eit konsept der ein tar det eit steg opp.

Mange er nysgjerrige på jobben hans på Beitostølen
Ergoterapeuten fekk tittelen tilretteleggar under TV-produksjonen og saman med fleire tilsette var han med på det aller meste av planlegging og innspeling.
- Les og høyr NIH-podden med Svein Brynhildsvoll: Derfor er Ridderuka landets mest undervurderte leiarutdanning
Han opplever at mange har fått ny innsikt og respekt for faget av å ha sett serien.
– Gir Team Pølsa eit riktig bilde av jobben og det å jobbe med personar med funksjonsvariasjonar?
– Ja, det viser jo eigentleg jobben vår på steroidar. Det å ta dei med på ekstreme ting som ein ser i Team Pølsa er jo ikkje bodskapet med serien. Det er å tørre å ta dei med på generell aktivitet og ufarleggjere det å sjå deltakarane som folk. Det trur eg mange har litt å lære, både i skule og fritidsaktivitet. Det er fint å vise fram kva som kan skapast når ein tør og klarer å inkludere dei i ei gruppe, seier Brynhildsvoll.
Han legg til at det er mange timar med tilrettelegging, planlegging og tverrfaglegheit som ikkje blir vist på TV.
– Det handlar om å legge til rette for at dei skal få lov å kjenne på meistring i slike situasjonar. Det trur eg veldig mange veks på.
Mange har blitt interessert i jobben hans og korleis han enda opp med ei slik stilling etter å ha sett serien.
Svein er glad for å vise fram jobben han gjer og breidda ei slik stilling som ergoterapeut kan ha.
Råd til studentar: Tør å flytte på deg
Kvart år møter han også FAF-studentar frå NIH(fysisk aktivitet for funksjonshemma) på Beitostølen som har kome inn til studiet med veldig forskjellig bakgrunn.
På dette årsstudiet kan du kvalifisere inn med mange forskjellige bachelorgradar. Som for eksempel friluftsliv, idrett eller ergoterapi.
Svein trur det er mange kombinasjonar som kan gje ei god pakke med kunnskap og erfaring for å jobbe med fysisk aktivitet og personar med funksjonsvariasjonar.
– Det beste med jobben er å gje moglegheit til å oppleve meistring. Å sjå menneske kome tilbake til aktivitetar dei kanskje har drive med tidlegare. Eller aldri har fått moglegheita til å gjere.
Han har klare råd til studentar som er på veg ut i arbeidslivet.
– Tør å flytte på deg for å skape din drøymejobb. Tør å prøve litt. Det er ikkje sikkert du lykkast på fyrste forsøk, men ofte må ein tørre å flytte på seg litt for å finne gode jobbar.
Nytt nettstudie fra høst 2026
Inkluderende kroppsøving - mestring og deltakelse for elever med funksjonshindringer