English version of this page

Øving i lærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag

Varighet
–
Tilknytning
Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier

Formål

Øving er eit pedagogisk fenomen der elevinvolvering i prosessen med å forbetre praktiske kunnskapar gjennom aktiv og forandrande gjentaking av det dei øver på er essensielt (Aggerholm og Standal 2021). Over tid har ein pedagogisk modell for øving for kroppsøving («øvingsmodellen») blitt utvikla og undersøkt. Føremålet med dette prosjektet er å vidareutvikle øvingsmodellen for lærarutdanninga i kroppsøving og idrettsfag. Meir spesifikt undersøker vi kva for tilpassingar som må gjerast av øvingsmodellen for at den skal vere relevant for lærarutdanning i kroppsøving og idrettsfag og korleis vektlegging av øving kan bidra til å endre og utvikle denne lærarutdanninga?

Prosjektbeskrivelse

Øvingsmodellen (Aggerholm mfl. 2017; Barker mfl. 2017) har blitt utforska i kroppsøving både i Norge (Askildsen mfl. 2024; Askildsen og Aggerholm 2023; Askildsen og Løndal 2023) og internasjonalt (Fjellner mfl. 2024). Desse kunnskapsbidraga dokumenterer erfaringane til elevar og lærar, og viser korleis øving som pedagogisk fenomen kan vere ein verdifull og hensiktsmessig undervisningsstrategi i kroppsøving.

Blant anna bidrar øvingsmodellen til at lærarar kan undervise på mindre lærarstyrte måtar og samtidig gi elevane tillit og ansvar (Askildsen mfl. 2024). Øving som pedagogisk fenomen viser seg gjennom relasjonelle, kroppslege og emosjonelle aspekt som til saman bidrar til at elevar kan oppdage nye måtar å erfare meining i bevegelse på (Askildsen og Aggerholm 2023).

Det finst lite eller ingen forskning om korleis øvingsmodellen kan brukast i utdanninga av kommande kroppsøvingslærar. Gitt både dei positive verknadane modellen ser ut til ha og den vektlegginga dagens læreplan gir omgrepet øving er det difor gode grunnar til å undersøke korleis øving i lærarutdanninga.

Referansar

Aggerholm, K., O. Standal, D. M. Barker, og H. Larsson. 2017. «On practising in physical education: outline for a pedagogical model». Physical Education and Sport Pedagogy 23 (2): 197–208. https://doi.org/10.1080/17408989.2017.1372408.

Aggerholm, K., og Ø F. Standal. 2021. «Kroppslig læring er noe man kan øve seg på». I Kroppslig læring. Perspektiver og praksiser, redigert av Tone Pernille Østern, Øyvind Bjerke, Gunn Engelsrud, og Anne Grut Sørum. Universitetsforlaget.

Askildsen, Carl-Emil Marstrander, og Kenneth Aggerholm. 2023. «Practising in Physical Education: A Phenomenologically Grounded Study of Student Experiences». Sport, Education and Society, oktober 6, 1–15. https://doi.org/10.1080/13573322.2023.2265384.

Askildsen, Carl-Emil Marstrander, Kenneth Aggerholm, og Knut Løndal. 2024. «Discontinuity, risk, patience, and appeal: existential aspects of practising in physical education». Physical Education and Sport Pedagogy 0 (0): 1–15. https://doi.org/10.1080/17408989.2024.2368045.

Askildsen, Carl-Emil Marstrander, og Knut Løndal. 2023. «Practising in Physical Education: A Study of a Teacher’s Experiences and Role Enactment». European Physical Education Review, juni 29, 1356336X231183789. https://doi.org/10.1177/1356336X231183789.

Barker, D. M., K. Aggerholm, O. Standal, og H. Larsson. 2017. «Developing the practising model in physical education: an expository outline focusing on movement capability». Physical Education & Sport Pedagogy 23 (2): 209–21. https://doi.org/10.1080/17408989.2017.1371685.

Fjellner, Robin Lindgren, Håkan Larsson, og Dean Barker. 2024. «Exploring the Enacted Content of the Practising Model: A Bildung Theoretical Perspective». European Physical Education Review, desember 4, 1356336X241298629. https://doi.org/10.1177/1356336X241298629.

Vidal, René Victor Valqui. 2006. «The future workshop: Democratic problem solving». https://api.semanticscholar.org/CorpusID:55863020.

Resultater

Prosjektet vil resultere i ein utbetra undervisningspraksis om øving i lærarutdanninga i kroppsøving og idrettsfag. I tillegg vil det empiriske materialet som blir samla inn gjennom aksjonsforskinga bli publisert i norske og internasjonale journalar.

Publisert 26. nov. 2025 07:49 - Sist endret 26. nov. 2025 09:08