Skogens blå bånd - Framveksten av Oslomarka som friluftsområde

Varighet
–
Prosjekttype
Ph.d.-prosjekt
Tilknytning
Institutt for lærerutdanning og friluftslivsstudier

Formål

Da Oslomarka gjekk frå villmark til park, føregjekk prosessen på fleire parallelle plan. I avhandlinga si tar Mytting opp framveksten og tilblivinga av Oslomarka som friluftsområde. Ifølgje Mytting er det først og fremst i mellomkrigstida at Marka blir til som en tydelig definerbar størrelse, som «ein eigen entitet i verda». Mytting framstiller Marka som eit frambrakt rom, eller ein fortidig romleg konstellasjon, samstundes som han ettergår dei prosessane som skapte nettopp dette rommet.

Mytting si teoretiske, begrepsmessige og empiriske tilnærming består i å sirkle inn tilblivinga av marka ved hjelp av studie av språk, tekst og skrivepraksisar. Han plasserer avhandlinga i det som omtalast som den romlege vendinga i humaniora og samfunnsvitskap: eit forsøk på kople menneska sine idear, førestillingar og forståingar med verda si materialitet og romlegheit.

Deltakere

Publisert 6. nov. 2023 11:03 - Sist endret 24. juli 2025 11:42