Vil gje barns risikofylte leik tilbake: – Barns frie leik er trua

Risikofylt utandørsleik er viktig for barns psykiske, sosiale og fysiske utvikling, viser forsking. Norsk forskar er nå med på eit internasjonalt opprop for å legge til rette for meir spenning og mindre overbeskytting.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
To barn som leikar i skog

Ellen Beate Sandseter har forska på barn og leik sidan starten av 2000-talet. Forskaren meiner ho såg ei dreining på norske skular på starten av 2000-talet. Sikkerheitsfokuset gjorde at barn fekk leike mindre fritt utandørs. Foto: Colourbox.

– Da vi gjekk på skulen leika vi «Kongen på haugen» og aka alltid i akebakken sjølv om det var isete. Da eg var tilbake som vikar var akebakken stengt av for barna og «Kongen på haugen forbode», seier ein av studentane i førelesningssalen

NIH-studentane på emnet "Samfunnsvitenskapelige perspektiver på idrett" rekk ivrig hendene i vêret når dei får spørsmål om kva dei hugsar av risikofylt leik frå barndomen.

Dei er på førelesinga «Overbeskyttar vi barn ute i Noreg?» med ei av verdas leiande ekspertar på feltet, Ellen Beate Sandseter.

– Vi har sett ein negativ trend der barn får stadig mindre fridom. Det kan få store konsekvensar for helsa vår, meiner Ellen Beate Sandseter.

Ellen Beate snakkar med student
Fleire av studentane ville diskutere med gjesteførelesaren i pausa. Ellen Beate Sandseter studerte sjølv på NIH på 90-talet og tok hovudfag i idrett her. 

Auka sikkerheit gjorde barn mindre aktive

Nå slår ei ny internasjonal kunnskapsoppsummering, der Sandseter har bidratt, fast at risikofylt leik er avgjerande for helsa vår.

For ti år sidan viste det seg at canadiske barn var alarmerande lite aktive.

– Det var delvis fordi dei ikkje fekk lov å drive med utandørs-leik. Det store sikkerheitsfokuset var ein av grunnane. Canada har sett på seg sjølv som friluftsfolk som oss, så dette blei eit stort varsko for dei.

I 2015 kom eit opprop frå forskarar om å legge til rette for meir utandørs-leik. I etterkant har det skjedd mykje i Canada, og dei er i ferd med å snu den negative trenden.

Denne veka kjem eit nytt opprop frå ei enda større forskargruppa frå heile verda.

Også norske barn blir i større grad enn før overbeskytta og må ofte nøye seg med kjedelege leikeplassar som ikkje utfordrar dei, meiner Sandseter som er professor ved barnehageutdanninga på Dronning Mauds Minne høgskole i Trondheim.

Psykiske, fysiske og sosiale fordelar

Forskaren har solid dokumentasjon på dei positive helseeffektane barn får av å drive riskofylt leik, utan at vaksne blir involvert.

– Leiken har ein «anti-fobisk»- effekt, byggjer sjølvtillit og motstandskraft. Vi veit at overbeskytting kan føre til angst og psykiske problem.

Ho trekk også fram dei fysiske helseeffektane som at det betrar motorikken, balansen, styrken og evna til å vurdere rom, fart og avstand.

Dei sosiale effektane dei ser frå forsking er at leiken fremjar samarbeid, problemløysing og forståing av sosiale roller.

Foreleser framfor studentar i auditorium
Studentane blei engasjerte da Ellen Beate Sandseter utfordra dei til å tenkje gjennom sin eigen barndom og kva for risikofylt leik dei kunne hugse å ha drive med. 

Norsk forsking omtalt i internasjonal bestseljar

I boka «Generasjon Angst» av Jonathan Haidt som har blitt svært mykje omtalt og referert til over heile verda sidan han kom ut i 2023, er norsk forsking og Sandseter nemnt spesielt.

Haidt nemner i boka at det er sterkare kultur for å la barn utforske verda på eigenhand og delta i risikoleik i Noreg og Skandinavia.

Og meiner det bidreg til at barn i Noreg utviklar betre meistringsferdigheiter og motstandskraft mot angst.

Men Sandseter har også eksempel frå norske barnehagar og skular som har avgrensa den frie leiken og moglegheita barna har til å vurdere risiko sjølve.

– Barns moglegheit til den frie leiken er også her til lands trua av det auka sikkerheitsfokuset, meir organisert aktivitet og foreldre si frykt. Dette fører til kjedelege leikeområde og barn som ikkje får bygd den robustheita dei treng for framtida.

Blir ikkje fleire skadar

Ho trekk også fram at forsking viser at risikofylt leik ikkje fører til fleire alvorlege skadar.

– Det gjer tvert i mot barn betre til å vurdere risiko, som reduserer skadar totalt sett og gjer dei flinkare til å handtere farlege situasjonar, som til dømes i trafikken.

Det er tre viktige årsakar til at norske barn har mindre av denne viktige leiken i 2025, meiner forskaren.

  1. Dagens foreldre blir konstant eksponerte for katastrofenyheiter, noko som aukar bekymringa.
  2. Eit overdrive fokus på å sikre leikeplassar fjernar spenninga og skapar kjedelege miljø.
  3. Dagens foreldregenerasjon har mindre eiga erfaring med risikofylt leik og blir derfor meir engstelege for eigne barn.

Seks kategoriar for risikofylt leik

1. Leik i store høgder (klatring).

2. Leik med stor fart (aking, sykling).

3. Kamp- og slåssleikar (leikebryting).

4. Leik ved farlege stader/element (vatn, bål).

5. Leik med farlege reiskap (kniv, øks).

6. Leik der barn kan gå seg bort (utforsking åleine).

Vaksne bør også leike

Oppropet blei lansert frå Canada torsdag 25.september. 

Denne gongen gjeld det heller ikkje berre barna våre. 

Vaksne blir i like stor grad utfordra til å ta tilbake leiken.

– Når kjente du det sist at det «kila i magen»?, spør Ellen Beate studentane på Noregs idrettshøgskole.

Og legg til:

– Alle bør kjenne på den kjensla i løpet av ei veke.

Tips til foreldre

Som forskar jobbar også Sandseter med å gjere ein ny standard for leikeplassar kjent. 

I staden for å fjerne all mogleg risiko, handlar metoden om å vurdere fordelane og den positive verdien leiken gir barn når ein planlegg leikeplassar og leikemiljø.

– Leikeplassar skal ikkje berre vere trygge, dei skal også vere stimulerande og vere ein stad der barn kan ha det moro, lære og utvikle seg. Viss fordelen med ein aktivitet er stor, kan ein også akseptere ein viss grad av risiko, meiner Sandseter.

Barn løper i skogen
NIH-podden har tidlegare tatt opp forsking frå NIH-professor Vidar Ulset, som viste at barnehagebarn som er mykje ute i naturen i løpet av dagen mellom anna har betre konsentrasjon når dei begynner på skulen. Foto: Colourbox.

Ho oppmodar foreldre og andre som jobbar med barn til å legge til rette for at barn får leike meir i naturen, utanom standardiserte leikeplassar.

– Om barna treng hjelp til å kome i gang, så allier deg med andre foreldre og ta dei med ut i naturen saman. Observer eller delta i leiken for å sjå kor kompetente barna faktisk er, seier Sandseter og legg til:

– Naturen er overlegen som leikearena fordi den er ustandardisert og krev at barnet sjølv må vurdere risiko, som for eksempel om ei grein vil halde eller knekke, når dei klatrar i tre.

Les meir om oppropet frå den internasjonale forskargruppa 

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Publisert 26. sep. 2025 22:12 - Sist endra 26. sep. 2025 22:15