NIH-forsking skal gjere farleg OL-sport tryggare

Ein av tre skadar seg i skicross kvar sesong. Nå jobbar forskarar frå NIH, på oppdrag frå det internasjonale skiforbundet (FIS), for å gjere løypene tryggare.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Mann som måler eit skihopp i skicross-løype.

NIH-forskarane jobbar med GPS-måling av løypene i verdscupavslutninga i svenske Idre i mars. Denne forskinga er NIH med Matthias Gilgien i spissen verdsleiande på.

– Det er fint å sjå at vitenskapelege nyvinningar blir tatt i mot med opne armar og sett i system i av eit internasjonal forbund.

NIHs alpinforskar Matthias Gilgien fortel oss om prosjektet i telefonen på veg til sesongens siste verdscup i skicross i svenske Idre. 

Brukar avansert GPS-teknologi

I OL-greina startar fire løparar på likt på toppen og alt handlar om å ta seg gjennom løypa med utfordrande hopp og svingar, før dei tre andre.

Sporten er attraktiv og spennande for publikum, men NIH har tidlegare kartlagt at heile ein av tre utøvarar får ein skade som held dei borte frå konkurranse kvar sesong.

Måler løypa i skicross
Kvinner og menn brukar same løype i skicross, men ifølgje forskinga skadar dei seg på forskjellige måtar og plassar i løypa. 

Derfor har Det internasjonale ski og snowboardforbundet (FIS) henta inn NIH-forskarar for å forske på korleis dei kan gjere verdscupløypene i skicross både tryggare og betre, ved hjelp av moderne teknologi. 

NIH-forskarar har kartlagt kor ulykker eller nesten-ulykker skjer for å forstå kva slags moment i løypa, som hopp eller svingar, som fører til farlege situasjonar.

Kvinner og menn skadar seg på forskjellige stader

Eitt av funna er at faremomenta i løypa er forskjellige for kvinner og menn, som i skicross konkurrerer i same løype.

– Mannlege utøvarar skadar seg oftare i svingar der dei har kontakt med andre, medan kvinner kræsjar meir fordelt over heile løypa. Det er eit dilemma. For vi må ha same løype for kvinner og menn, seier han og legg til:

– Løypene for damer kan ikkje vere for krevjande, da vil dei skade seg. For herrer må den vere såpass vanskeleg at dei ikkje begynner å knive med olbogane mot kvarandre. Det er ein vanskeleg balansegang, medgir Gilgien. 

Derfor prøvar han og forskargruppa å finne ut av korleis løypene kan bli tilpassa for å senke skaderisikoen for begge kjønn. 

Må også tenkje på kva som er attraktivt for publikum 

Samtidig analyserer forskarane kva som fører til forbikøyringar mellom utøvarar og kjem med forslag for korleis dei kan bli tilpassa for å auke talet på vekslingar i feltet.

Det gjer sporten meir attraktiv å sjå på. 

– Målet er å finne ut av korleis ein kan lage løypene slik at det blir meir forbikøyringar og mindre skaderisiko.

Måler løype i skicross med GPS
Forskarane har vore rundt på fem forskjellige verdscuparenaer rundt om i Europa på oppdrag frå FIS. 

For å kunne forske på det målar forskarane løypa og omgjevnadane i ein digital terrengmodell ved hjelp av GPS-teknologi og dataanalyse.

Dei målar også utøverenes skikøyring med GPS. 

– Ved hjelp av desse data og videoanalyse av renn kan vi forske på korleis utforminga av løypa og farten til utøvarane påverkar korleis dei interagerer med kvarandre og korleis det fører til farlege situasjonar, seier Gilgien.

Forslag til endringar blir utarbeida saman med renndirektørane i FIS og sett i system med arrangørane som byggar løypene for framtidige verdscuprenn.

Verdscupen er innom dei same arenaene kvart år og dermed kan arrangøren gjere endringar etter kva tilbakemeldingar forskarane gir.

Vil lage tryggare hopp

Men dei aller fleste skadane skjer i dei innlagte hoppa, anten fordi utøvarane kjem borti kvarandre eller at hoppa ikkje er utforma godt nok.

Forskarane brukar avansert simulering for å kartlegge korleis hoppa kan bli bygd slik  at dei er trygge for både menn og kvinner, og i forskjellige snøforhold som gjer at farten inn til hoppa endrar seg. 

– Basert på data og datasimulering kan vi predikere kor utøvarane kan falle og i kva slags retning og fart dei køyrer ut av løypa.  Med den type simuleringar kan vi kartlegge kor arrangørane må sette opp sikkerheitsnett eller anna beskytting langs løypa for å beskytte utøvarne når ulykka fyrst er ute.  

Forskargruppa har vore på plass, og samla og analysert data på ti verdscuparenaer dei to siste sesongane.

Tidlegare har det blitt forska på liknande idrettar som big air og slopestyle, i eit mangeårig samarbeid med FIS og IOC.

Framover vil forskargruppa jobbe i større grad mot utvikling av verktøy som kan hjelpe til med å planlegge og optimalisere nye løyper med tanke på både skaderisiko og attraktivitet.

– Vi er spesielt glade for at vi både kan utvikle forskinga på området, samtidig som det har ein konkret innverknad i verkelegheita, seier Gilgien. 

Han viser også til eit anna eksempel på ein artikkel der forskarane har analysert skaderisikoen i slopestyle-greina i friski.

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne
Publisert 14. apr. 2025 11:27 - Sist endra 14. apr. 2025 11:29