– For meg er det viktig å vere mental sterk og ha gjennomføringsevne under trening. Det var ein av grunnane til at eg ville vere med og stå i dette.
Louise Skak driv med ultraløping og var ei av dei 13 deltakarane som meldte seg frivillig til å faste over sju dagar i eit forskingsprosjekt på NIH.
Sprang til og frå jobb
For å forstå meir om korleis kroppen tilpassar seg svolt, skulle deltakarane (sju menn og seks kvinner) faste gjennom ei heil veke.
Vatn var det einaste dei tok til seg.
Før perioden var dei gjennom grundige testar av styrke, og testa det maksimale oksygenopptaket.
Undervegs i fasteperioden levde dei normale liv, gjekk på skule og jobb. Alle forsøkte å trene så langt det gjekk.
– Eg prøvde å oppretthalde treninga med mellom anna transportløping til og frå jobb. Det gjekk bra, men gjekk saktare enn vanleg. Eg var også meir kald og trøytt enn elles, fortel Skak som er interessert i fasting og derfor synest det var spesielt interessant å bidra til forsking om temaet.
På dag seks med faste testa dei igjen styrke og kondisjon.
Det gav to heilt forskjellige svar.
Fyrste gong beinstyrke har blitt testa etter fasting
– Dette er utruleg spennande. Funna våre viser faktisk at du kan oppretthalde styrken i beinmusklane i løpet av ei veke med fasting. Uthaldenheiten går derimot betydeleg ned, seier professor Jørgen Jensen.

Han er ein av forfattarane bak studien som rett etter nyttår blei publisert i tidsskriftet Nature Communiations.
Studien er den mest omfattande undersøkinga av korleis ei vekes fasting påverkar fysisk prestasjon.
Andre har undersøkt gripestyrke, men det er også fyrste gong ein har testa beinstyrke etter sju dagars faste.
I løpet av fasteperioden på sju dagar mista deltakarane i gjennomsnitt 5,7 kilo og 1,4 kilo feitt.
Den maksimale muskelstyrken i beina klarte likevel deltakarane å behalde etter fastinga, til trass for tapet av kroppsmasse.
Sukkerlagra i musklane blei halvert, medan proteina som hjelper cellene med å produsere energi, endra seg ikkje.
– Det betyr at kroppen har ein mekanisme som gjer at me kan spare karbohydrat. Og viss du sparar sukkerlagra, sparar du også muskelen, forklarar Jensen.
Les heile forskingsartikkelen på engelsk (Nature.com)
Hjernen treng sukker
Kvar morgon var deltakarane i prosjektet innom NIH og tok mellom anna blodprøver og blei vege.
Dei gjekk med glukose-måling kontinuerleg heile veka og samla faktisk all urin og gav til forskarane.
Det gjorde det mogleg for forskarane å berekne kor mykje protein som blir brote ned i kroppen.
Den einaste måten kroppen kan lage karbohydrat er å bryte ned protein.
Vanlegvis har vi eit lager på 500 karbohydrat i kroppen.
Det blir fort brukt opp når ein ikkje får i seg mat. I løpet av ein dag brukar vi rundt 300 karbohydrat om dagen og hjernen brukar 120 av dei.
– I studien fant vi ein mekanisme for at musklane ikkje brukar karbohydrat under trening. Hjernen treng sukker og det er viktig at musklene ikkje brukar karbohydrat som hjernen treng, seier Jensen.
Fall i maksimalt oksygenopptak
Derimot auka eit bestemt enzym som bremsar karbohydrat heile 13 gonger, noko som førte til at deltakarane forbrann færre karbohydrat og fekk dårlegare uthaldenheit ved trening på høg intensitet.
Deltakarane var gjennom testar av maksimalt oksygenopptak før fasteperioden og på dag seks med fasting. Resultata viste eit markant fall.
Det maksimale oksygenopptaket til deltakarane blei redusert med 13 prosent.
Deltakarane rapporterte også at det var svært vanskeleg å gjennomføre høgintensive økter. Effekten av desse blir også mindre.

NRK har tidlegare skrive om ein anna artikkel i same forskingsprosjekt.
Det viste at dei store kroppslege endringane fyrst skjedde etter tre dagar utan mat, noko som indikerer at kortare fasteperiodar ikkje gir dei same effektane.
Kroppen klarer å oppretthalde blodsukkeret
Fastinga påverka ikkje aktiviteten til eit anna enzym som ein tidlegare trudde var viktig for muskelnedbryting.
Funna av bevart styrke under fasting står i sterk kontrast til ei veke med sengeleie, der ein tidlegare har sett nedgang på 5-10 prosent i styrke, sjølv utan stort tap av mager kroppsmasse.
Mager kroppsmasse vil seie bein, musklar, indre organ, vatn og andre ting som ikkje er feitt.
– I eit overlevingsperspektiv er dette veldig spennande og nytt. Dette viser at kroppen kan klare å oppretthalde blodsukkeret og spare karbohydrat. Vi såg også at deltakarane kom seg raskt etter fastinga, seier Jensen.
Funna viste at deltakarane behaldt nesten 50 prosent av glykogenet i musklane.
Treng fleire dagar med faste
Ketonlegemer
Ketonlegemer er ufullstendige nedbrytningsprodukter av fett. Det dannes normalt en del ketonlegemer i leveren under oksidasjonen av fettsyrer, og de utnyttes som energikilde i musklene og andre organer.
Kjelde: SNL
Han understreker at desse funna ikkje kan relaterast til periodisk faste, der ein ikkje et i løpet av eit tidsvindauge på for eksempel åtte-ti timar eller to dagar i veka.
– Det blir noko heilt anna. Da får du ikkje den auka i ketonlegemer i blodet som personar som fastar gjer. Hos dei skjedde det kjempestore tilpasningar i kroppen utover i veka, forklarer Jensen.
Styrketrening og låg intensitet er mogleg å kombinere med faste
Men kva kan ein vanleg mosjonist som spekulerer på om faste kan ha noko for seg ta med seg frå forskinga?
Professor Jensen seier det absolutt er forsvarleg å gjennomføre ein slik periode for friske personar, men at du må nok droppe dei høgintensive øktene.
Skak gjennomførte roleg trening og sprang faktisk maraton to dagar etter fasteperioden.
– Det gav mental styrke og viste meg at eg kan få til det eg vil. Kroppen tåler meir enn eg trur.
– Etter dag fire blei kjensla av svolt borte og gav ein form for lettheit i kroppen, seier Skak som opphavleg er dansk, men nå bur i Folldal i Innlandet.
Deltakarane rapporterte også at det var mogleg å gjennomføre roleg trening og styrketrening under fasteperioden.
Deltakarane i prosjektet var alle i normal fysisk form og var vant til trening frå før.
For å oppsummere, deltakarane beheldt muskelstyrken og energiproduserande enzym under fasten, men evna til å forbrenne karbohydrat og prestere på høg intensitet blei redusert.