Sjå for deg at du er 16 år, har ein stor draum om å bli best i idretten din og får gå på ein skule og i ei klasse der alle medelevane dine meir eller mindre har den same draumen.
Plutseleg har du sjansen til trene også i skuletida, i tillegg til dei faste øktene med klubben.
Det er lett å forstå at iveren til å bli best, kan gje ei for stor belastning.
– Forsking viser at overgangen til ein toppidrettskule der ein gjerne begynner å trene ganske mykje meir totalt sett, er sårbar, seier stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag, Hege Heiestad.
43 prosent opplevde helseplager
I doktorgraden hennar blir læringsverktøyet Nærmere Best utvikla nettopp fordi tidlegare forsking ved Senter for idrettsskadeforsking viste at heile 43 prosent av toppidrettsungdom opplevde helseplager kvar veke.
- 17 prosent har til ein kvar tid ein belastningsskade
- 25 prosent må redusere treningsmengda si og presterer dårlegare nettopp fordi dei er skada eller sjuke.
Dei siste to åra har 17 toppidrettsgymnas og tre idrettsungdomsskular tatt i bruk verktøyet som gir elevane viktig kunnskap. Gjennom undervisningsmodular, korte videoar og ulike gruppe- og refleksjonsoppgåver lærer dei om:
- Vekst og utvikling
- Ernæring
- Restitusjon
- Treningsplanlegging
- Mental helse
- Totalbelastning
– Vi har laga eit omfattende program, som består av 10 undervisingsmodular, som trenarane og lærarane kan bruke etter eige ynskje og behov. Viss du som trenar eller lærar ikkje kan nok om eit tema, så har «Nærmere Best» forslag til kva du kan seie i kvar enkelt modul/tema og korleis du kan underbygge det med forsking, forklarer Heiestad.
Om undervisningsmodulene blir brukt i klasserommet, på trening eller andre arenaer er heilt opp til kvar enkelt trener og lærar.
– Om ein som trenar har mykje erfaring sjølv, så oppmodar vi til at dei brukar sin eigen erfaring og deler både opp- og nedturar frå eigen karriere. Det veit vi at elevane set stor pris på.
Dei forskjellige modulane har namn som b.la. «Psykt god», prestasjonstrening, treningsplanlegging og OBS-perioder.
Alle modulane er knytt opp til kompetansemål og læringsmål i læreplanen.
Les meir om bakgrunnen for Nærmere best
.jpg)
Skal analysere korleis verktøyet er brukt
Nå er datainnsamlinga over, og Heiestad har publisert den fyrste artikkelen om utviklinga av «Nærmere best».
Framover skal stipendiaten analysere korleis skulane har brukt verktøyet og korleis det kan bli enda betre.
Dei vil finne meir ut om korleis skulane har brukt det, og kva elevane har fått ut av å vere med.
– Kva håpar du elevane sit igjen med?
– Eg håpar dei blir tryggare på å kjenne etter kva som er bra for akkurat seg sjølv. At dei blir gode på å ta sjølvstendige val, og at dei blir trygge på kven dei kan gå til når «dagen blir litt for krevjande» eller totalbelastninga for stor.
Stipendiaten understreker at det er mykje å kreve av ein ung utøvar i vekst og utvikling, men at betre kunnskap gir moglegheit for å reflektere rundt eigne val.
– Håpet vårt er at dei sit igjen med kunnskap som er matnyttig for dei og relevant for dei i den hektiske kvardagen deira som unge utøvarar.
Kan vere aktuelt for idrettselevar også
Heiestad utelukkar ikkje at det kan bli aktuelt å tilby «Nærmere Best» også til elevar på ordinære idrettslinjer.
– Vi ser absolutt at tema som blir tatt opp i de ulike modulane kan alle idrettselevar, hatt nytte av, med nokre justeringar.
Med midlar frå Sparebankstiftinga har det også blitt laga ein spørsmålsboks med kort med samtalestartarar om dei forskjellige tema.
Alle skulane som bruker Nærmere Best-programmet får også et eksemplar av Nærmere Best-boksen til sin skule i løpet av hausten.
– Dette er spørsmålskort der elevane sjølv kan diskutere på slutten av timen eller på tur til samling eller konkurranse. Vi trur og håpar det kan starte gode samtalar og refleksjonar mellom elevane, smiler Heiestad.
Les meir om kvar enkelt av modulane i Nærmere best her