Studentar frå fem land i forskingsgruppe: – Unikt for NIH

Studentar og forskarar frå Costa Rica, Nederland, Italia, Tyrkia og Noreg jobbar mot same mål på NIH. Å finne ut om nyutvikla proteinprodukt kan betre kosthaldet til eldre.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Gruppebilde av forskningsgruppa

Frå venstre: Augustina Garcia (Costa Rica), Elaeonora Fornara (Italia), Bram Sauvé (Nederland), Siri Taxerås, ingeniør, Hege Nymo Østgaard, ingeniør og prosjektleiar Truls Raastad. Selin Aktitiz har også vore med i gruppa, men var ferdig med sitt opphald da bildet blei tatt.

På eit grupperom på Institutt for fysisk prestasjonsevne går all praten på engelsk.

Ein ny deltakar er på plass for blodprøvetaking i prosjektet Eat4age, der deltakarane testar ulike nyutvikla proteinrike matvarer. 

Les meir: Kan denne biffen gje eldre eit meir proteinrikt kosthald?

Fyrste gong i forskingsgruppe

Bram Sauvé frå Nederland og Universitet i Maastricht tar prøva, medan Elaeonora Fornara frå Italia noterer data saman med Augustina Garcia frå Costa Rica.

– Det er veldig interessant fordi det er den fyrste gongen eg har vore i ei forskingsgruppe. Det er verkeleg spennande og eg lærer mykje, seier Garcia.

Ho studerer ved Aberystwyth University i Wales og har eit internship på NIH over eitt år.

Tar blodprøve
Bram Sauvé frå Nederland og Augustina Garcia frå Costa Rica testar deltakar Sindre Lindstad Hoholm. I Eat4age-prosjektet har dei både yngre og eldre deltakarar inne til testing for å sjå om dei reagerer annleis på dei proteinrike produkta.

Blir motivert av prosjektet

Fornara studerer idrettsernæring på universitet i Bologna og er på NIH i to månader gjennom Erasmus-programmet.

For henne passar Eat4age-prosjektet der målet er å finne ut om nyutvikla proteinrike matvarer kan betre kosthaldet til eldre, perfekt.

– Eg trur det også vil vere interessant å gjere ei samanlikning med den yngre befolkninga fordi vi gjer studien på den eldre befolkninga, men testar også unge. Dei eldre som kjem som deltakarar, blei verkeleg motivert av prosjektet fordi det vil bidra til å førebygge underernæringsforhold, seier Fornara. 

Det internasjonale gjengen føler også at deltakarane som er innom for testing hos dei, set pris på miljøet. 

– Det verkar som om deltakarane likar det. Det er interessant for dei også, seier Bram Sauvé, nederlender som studerer ved universitet i Maastricht. 

Elise Lander er ph.d.-kandidat og professor Truls Raastad er prosjektleiar på prosjektet. Han sett stor pris på det internasjonale miljøet.

– Det er unikt for oss på NIH å ha ei så internasjonal forskingsgruppe som på dette prosjektet. Det er ei stor styrke for oss på instituttet og er både lærerikt og inspirerande også for oss som har vore her ei stund. I tillegg er det ein fin anerkjenning for NIH at prosjekta våre er så populære for studentar over heile verda, seier Raastad.

Lett når alle snakkar engelsk

Samarbeidet i gruppa er det iallfall ikkje noko å seie på. 

– Eg trur det gjer det lettare fordi vi snakkar engelsk heile tida, så det er lettare enn å vere den einaste internasjonale, seier Garcia.

– Eg synest det er veldig bra at vi internasjonale studentar kan kome til NIH og også får samarbeida med andre universitet og får ulike perspektiv,  seier Sauve.

Prosjektet er internasjonalt finansiert av EU-midlar og inkluderer forskarar i Noreg, England, Irland, Frankrike og Israel.

Det er NOFIMA i Noreg som koordinerer heile hovudprosjektet og NIH er ansvarleg for den delen der produkta blir prøvd ut på menneske. 

Dei andre forskargruppene har primært har vore med på utviklinga av produkta som blir testa på NIH. 

Les meir om prosjektet hos NOFIMA

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne
Publisert 16. okt. 2023 08:00 - Sist endra 17. okt. 2023 14:12