English version of this page

Parkering

NIHs parkeringsplass med biler, el-biler og motorsykler

Parkeringplassen ved NIH. Foto: NIH

Parkeringsavgift

Parkeringsplassen ligg til venstre etter innkøyringa, og består av 154 plassar. Parkeringsavgifta er sett til 36 kr per time. Tilsette og studentar kan nytta vederlagsfri parkering mellom kl. 05:30-23:00, ved å lasta ned ein parkeringsavtale elektronisk. Mellom 23:00-05:30 er det betalingsparkering for alle, og omfattar heile området.

Studentparkering

NIH har elektronisk parkeringsløyve for studentar på hovudparkeringsplassen. Dette betyr at løyve for parkering er knytta til ditt registreringsnummeret til kjøyretøy. Bestill parkeringsløyve via appen «Park Nordic» (evt. nettsida til Park Nordic). Du må lage deg ein brukar basert på ditt telefonnummer som brukernamn. Det er ikkje nødvendig å legge inn betalingsinformasjon. Valideringskode er ditt NIH brukernavn med små bokstaver (uten e-post).

Studentar vil ha gratis parkeringsmoglegheit frå studiestart fram til semesterslutt kvart år. Ny avtale må inngås kvart år i august, etter ein er «innrullert» på NIH. Ved tildeling av løyve har du anledning til å parkere ett kjøyretøy om gangen, men du kan ha to kjøyretøy registrert i systemet.

Gjesteparkering

Gjestar som har fått innvilga gratisparkering må nytte sjølvbetent registreringsløysing i servicetorget.

Personar med funksjonsnedsetting med gyldig HC-kort skrive ut av kommunen, har fri parkering innanfor dei oppmerka plassane.

Elbil og ladeplassar

Ladestasjonar er plassert på  2. parkeringsrad, totalt 12 ladeplassar og ladestasjonane er avgiftsbelagt etter følgande reglar:

  1. Alle som ladar el-bil må betale ladeavgift på kr. 12,- per time.
  2. Betaling for lading skjer på Park Nordic-appen, parkeringsautomaten eller anna app-løysning (f.eks. easypark).
  3. Manglande betaling for lading blir ilagt kontrollavgift.

Kontrollavgift

Kontrollavgifta per dato er på kr. 660,- og kr. 990,- ved feilparkering. Retningslinjer for å klaga står skrive på avgiftsblanketten.

Kontakt

Bilde av Hans-Eirik Hasvollseter-Jensen
Avdelingsdirektør
E-post
hansej@nih.no
Telefon
+47 23 26 22 07
Publisert 25. okt. 2023 10:32 - Sist endret 30. juni 2026 09:09