Kven skal levere politiattest?
Studentar som startar på følgande studiar må levere politiattest ved studiestart. Dette gjeld òg dersom du har bytta studieprogram eller fått innpass:
- Årsstudium i friluftsliv
- Årsstudium i personlig trener
- Årsstudium i idrett
- Bachelor i friluftsliv, helse og naturguiding
- Bachelor i Sport Management
- Bachelor i trenerrollen og idrettspsykologi
- Bachelor i trening, helse og prestasjon
- Lærerutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, kroppsøving og idrettsfag
- Integrert praktisk-pedagogisk master i kroppsøving, idrettsfag og friluftsliv
- Master i idrettsfysioterapi og fysisk aktivitet og helse
- Fysisk aktivitet og funksjonshemming (FAF)
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Andre studentar
Studentar frå andre studieprogram enn nemnt over som skal ha praksis, klinisk undervisning eller datainnsamling undervegs i studiet med behov for politiattest, må sjølv ta kontakt med studieseksjonen på ses@nih.no for å få ei stadfesting på behovet for politiattest og informasjon om korleis du søker.
Når skal du levere politiattesten?
Du skal levere politiattest seinast ved studiestart (frist for semesterregistrering). Vi tek omsyn til Politiet si saksbehandlingstid.
Korleis bestiller du politiattest?
- Søk om politiattest så snart du har fått studierett ved NIH.
- Logg deg inn på Studentweb
- Klikk på menyvalget "Mer"
- Velg "Bestillinger" og klikk på "Politiattest"
- Følg instruksane og fullfør bestillinga på nettsida til politiet. På «mine sider» hos politiet kan du sjå om politiattest er bestilt. Politiet kan ha ei behandlingstid på inntil 3 veker
- Du mottar attesten digitalt (Digipost, Eboks eller Altinn) eller per post, og må lagre dokumentet på eiga maskin
- Last opp heile dokumentet via nettskjema for politiattest. Dette skjer ikkje automatisk, og du må gjere dette for å ha levert politiattest
Ta kontakt med studieseksjonen om du har probleme med bestilling av politiattest.
Lever politiattest via nettskjema til NIH
Vidare prosess
Politiattesten vil være registrert før du skal ut i din første praksisperiode. Registrert attest vil vere synleg i Studentweb. Dersom det er manglar i din politiattest, vil du bli kontakta av saksbehandlar.
Kva skjer om du ikkje leverer?
Studentar som ikkje leverer politiattest har ikkje rett til å delta i klinisk undervisning eller praksis ved den aktuelle utdanninga. Det vil difor ikkje vere mogleg å fullføre utdanninga.
Kontakt

Studieseksjonen
E-post: ses@nih.no