– Ein siste viss du klarer!
Tom-Daniel Laugerud motiverer ein av pasientane på eit av dei siste benkpressløfta på dagens styrketest. Dei er i treningsrommet i kjellaren til A-senteret, eit behandlingssenter for rusavhengige på Bjølsen i Oslo.
Det siste året har NIH-studentar bidratt med treningsopplegg og testing gjennom Studentklinikken.
A-senteret
- A-Senteret ligg under Kirkens bymisjon og gir tilbod om vurdering, utrgreiing og behandling til personar med rusmiddelproblem.
- Har driftsavtale med Helse Sør-Øst RHF og er ein av del av spesialisthelsetenesten.
Trening har erstatta alkohol som rus
– Nå trenar eg ikkje berre fordi eg må, men eg gjer det fordi eg likar det. Og tenker eg skal fortsette når eg blir utskriven, seier ein av pasientane.
Mannen i 50-åra har lenge hatt eit alkoholproblem. Han fortel at han har brukt alkoholen for å døyve smerter og depressive tankar.
– Ein ting er jo fråveret av rusmidlar, men alle effektane av å vere rusfri, eg søv betre, er meir klar i hovudet og føler eg fungerer mykje betre. Treninga er jo som ein rus i seg sjølv. Når du er ferdig føler du deg berre som kongen på haugen, smiler han.
Han har tidlegare på dagen hatt styrketest med Laugerud og er glad for å sjå konkrete resultat av treninga.
Berikar studia
Pasientane har regelmessige økter på både styrke og kondisjon medan dei er innlagt på behandlingssenteret. Dei er mellom anna med på eit opplegg der dei køyrer 4x4 intervalløkter tre gonger i veka, i åtte veker.
NIH-studentane frå Studentklinikken har både styrke- og kondisjonstestar med pasientane undervegs og i etterkant av treningsopplegget.
– Dette er ein ekstremt viktig erfaring for yrkeslivet. Me ynskjer jo at studentar skal ha denne moglegheita undervegs i studia, fordi det også berikar studia. Det er noko med å sette teori ut i praksis, seier Laugerud.
Les meir om bachelor i trening, helse og prestasjon
Han fortel at dei tar ein modifisert Balkeprotokoll, som er ein gangtest der pasienten startar på ein viss hastigheit og stigning, og gradvis aukar til pasienten spring og etter kvart når utmatting.
Da får dei eit indirekte tal på VO2-max.
Dei tar i tillegg 3RM-testar mellom anna på beinpress og benkpress.
Les meir om master i idrettsmedisin
Kompetente studentar
Anne Siri Langelandsvik er idrettspedagog på A-senteret. Samarbeidet med Studentklinikken kom til ved ein tilfeldigheit, ved at ho høyrte om etableringa frå ein tilsett på NIH.
– Det har vore veldig fint å få NIH-studentar hit. Dei er veldig kompetente fagleg sett og flinke med pasientane, seier Langelandsvik.
Laugerud fortel at Studentklinikken at starta som eit litt «rebellsk» opprør. Studentane ville ha meir praksis i løpet av si utdanning, og ynskte å styre meir kva slags type praksis dei kunne ha.
Nå har 11 studentar i Studentklinikken fått prøve seg på A-senteret sidan starten.
Arbeidet studentane har lagt ned har foreløpig vore på frivillig basis. Men det har ført både til sommarjobb for Laugerud, ekstrajobb for ein anna student og ein ekstra praksisplass for bacheloren «Trening, helse og prestasjon».
– Ein skal jo ikkje gje bort fagkompetanse gratis, men Kirkens bymisjon er ei ideell stifting og vår vurdering er at me får såpass mykje igjen for timane me er her. Erfaringsmessig er det verdt det, meiner Laugerud.
Skal tilby trening for kreftpasientar
Få hadde tenkt på at rusbehandling kunne vore ein arbeidsplass for ein helse- og treningsfysiolog.
– Det er noko med å teste menneske ute i felten og i verkelegheita. Her kan me fort stå med ein pasient på mølla som har fleire diagnosar eller går på ulike medikamentar som for eksempel betablokker. Da må me ta andre omsyn og lære av det. Det blir noko anna enn å teste medstudentar eller forskingsdeltakarar på laben på NIH, seier han.
Dei har også fleire idear og planer for Studentklinikken framover.
Dei skal mellom anna bidra på eit forskingsprosjekt, der dei skal tilby tilpassa trening til tidlegare kreftpasientar som har fullført behandling.
I tillegg har dei som mål å rekruttere fleire studentar inn til initiativet frå både bachelor-og master som ynskjer å få noko ekstra ut av si tida på NIH.