Jeanette (27) satsar mot OL-gull i Los Angeles: idrettspsykologi på NIH gjer ho betre

I fjor var NIH-student Jeanette Hegg Duestad verdas beste i idretten sin. Sjølv meiner ho at bachelorgraden i trenerrollen og idrettspsykologi gjer ho betre rusta i avgjerande augeblikk.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Portrettbilde av Jeanette Hegg Duestad i skytehallen.

Jeanette Hegg Duestad frå Re i Tønsberg blei kåra til årets kvinnelege utøvar på idrettsgallaen tidlegare i år. Det skjedde etter ein sesong der NIH-studenten tok VM-gull på 50 meter match under VM i Kairo.

I skytehallen på NIH står seks rifleskyttarar djupt konsentrert på rekke medan hard metall dundrar frå høgtalarane.

Det er landslaget som trenar og slik kan dei stå i seks timar, med fire timar effektiv skyting på ein vanleg treningsdag.

Kanskje det ikkje er så vanskeleg å forstå at Jeanette Hegg Duestad synest det var ein god idé å studere trenerrollen og idrettspsykologi på NIH.

– Det er mest fordi eg føler at det eg lærer på studiet er noko eg sjølv kan dra med meg inn i karrieren.

Tre skyttarar på rad og rekke skyt
Landslagsskyttarane har fellestrening i skytehallen på NIH. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø.

Blei kåra til årets kvinnelege utøvar på Idrettsgallaen

Skytekarrieren har tatt 27-åringen langt dei siste åra.

I 2025 tok Duestad VM-gull på 50 meter rifle i Kairo.

Det blei det også sølvmedalje på 300 meter og ein bronsemedalje i lagøvinga. Suksessen har verkeleg blitt lagt merke til. Fyrst blei vestfoldingen kåra til årets kvinnelege skyttar i verda, så kåra Idrettsgallaen henne til årets kvinnelege utøvar.

– Det at idretten blir anerkjent på den måten, er veldig stort for både meg og idretten. Sporten vår er jo utruleg stor internasjonalt, men ganske liten i norsk samanheng. Så det var veldig gøy at juryen anerkjente prestasjonane på same måte som skytemiljøet har gjort, oppsummerer Duestad.

Ranking av utøvarane

I ei vanleg treningsveke går 20-25 timar med til trening, der fire-fem av timane er fysisk trening.

I periodar der laget skrur til ordentleg kan den totale treningsmengda kome opp i 35 timar i veka.

Duestad meiner likevel det er mogleg å kombinere livet som profesjonell topputøvar med deltidsstudiar på NIH.

– Eg synest det er sunt å få litt input utanfrå, lære noko nytt og føle meistring og utvikling på fleire område. Heldigvis får eg lov til å plukke litt fag etter det som passar timeplanen min, fortel Duestad.

Har tre fjerdeplassar i OL

I tillegg til eiga satsing er ho også trenar for yngre skyttarar. Det er derfor naturleg å sjå for seg at ein bachelorgrad i idrettspsykologi og trenerrollen kan kome godt med i eit framtidig arbeidsliv.

– Det er dei idrettspsykologiske faga eg synest er mest spennande, men eg føler også at eg får med mykje viktig kunnskap frå korleis kroppen fungerer elles. Eg lærer rett og slett meir rundt idrettsprestasjonen me prøvar å utøve.

Jeanette i skytehallen
Jeanette Hegg Duestad er i tillegg trenar for yngre skyttarar, ved sidan av satsinga mot OL i Los Angeles i 2028. 

Du hugsar kanskje tårene hennar frå OL i Paris i 2024 (nrk.no).

Skyttaren kom dit som ein av dei store favorittane og med revansjelyst etter to fjerdeplassar frå OL i Tokyo i 2021.

I Paris rakna det heilt på slutten. Nok ein gong blei OL eit bevis på kor små marginar det er i skyttarsporten for Jeanette.

– Det var vondt og brutalt der og da, men prestasjonen har eg vore fornøgd med i ettertid, fortel Duestad.

I intervjua i Paris var ho usikker på om ho ville gjere eit nytt forsøk på OL-medalje. Tankane har modna sidan da, og nå er 27-åringen heilt klar på at det blir nye forsøk på å kapre medalje i USA i 2028.

– Jobben min er å bli ein betre skyttar og utvikle meg heile tida. Det er det som fascinerer meg og det som betyr mest. Men eg har sjølvsagt ein draum om OL. Elles hadde eg ikkje stått her i dag. Da kunne eg ha lagt opp etter i fjor, konkluderer ho.

Interessert i korleis takle stress

I utviklinga mot eit nytt OL kjem kunnskapen frå studia på idrettshøgskulen godt med.

Kva er det mest konkrete du har tatt med deg?

– Det handlar vel i stor grad om bevisstgjering. Om motivasjonsteoriar og stress. Kva er det som eigentleg skapar stress? Og korleis kan ei frykt påverke oss, og korleis kan me motarbeide det? Det er dei timane som har gitt meg absolutt mest i min eigen karriere.

Etter å ha gjort djupdykk i desse teoriane meiner ho at ho står tryggare på standplass og veit kva slags prosessar som skjer i hovudet i dei avgjerande augeblikka.

Jeanette veit at ho kan klare å snu vanskelege situasjonar med visualisering og indre dialog.

– Eg hadde jo jobba med mentale verktøy og teknikkar før eg starta på NIH, men det å få enda ein input, meir fakta på bordet og vitskap rundt det som faktisk skjer, har vore veldig nyttig.

I skytehallen
Duestad meiner ho får mykje kunnskap frå idrettspsykologi-faga til sin eigen toppidrettskarriere. 

Givande å få meir kunnskap bak eigne erfaringar

Viss du er interessert i kva som ligg bak ein prestasjon, anbefaler Jeanette å søke på bachelor i trenarrollen og idrettspsykologi. Uavhengig om du er toppnivå eller om trening er ein hobby.

– Det er veldig spennande fordi du får meir kunnskap bak dei erfaringane du sjølv gjer deg. Det gir deg ein moglegheit til ei djupare forståing av kva me faktisk jobbar med, og korleis me kan få kroppen til å prestere betre både fysisk og psykisk. Det er utruleg givande.

I sofaen på utsida av skytehallen på NIH fortel Duestad at ho ser for seg å halde fram som trenar ved sidan av satsinga som utøvar.

Kva som skjer etter karrieren, har ho ikkje lagt nokre konkrete planer for. Men at dei vil innehalde idrettspsykologi og trenargjerning er ikkje usannsynleg.

– Det gir meg veldig mykje å jobbe med andre som har lyst til å prestere på høgt nivå. Det trivst eg godt med og i tillegg er eg veldig interessert i idrettspsykologien. Derfor kan eg tenkje meg å studere og lære meir.

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
Publisert 20. apr. 2026 10:59 - Sist endret 20. apr. 2026 12:28