Kristian er innhaldsprodusent og podkast-vert

Bachelor og master i Sport Management enda opp med å bli ein perfekt bakgrunn for å bli innhaldsprodusent. – Bruk alle sjansar du har til å skape innhald, tipsar Kristian Horne. 

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Mann bak mikrofon i podkast-studio

Kristian Horne har på sida av jobbane han har hatt leia podkasten Gode Dager, og skrive artiklar på eigen blogg. Han anbefalar alle som har lyst til å jobbe med innhaldsproduksjon å lage sine eigne kanalar. \Foto: Privat.

Han gjekk inn dørene på NIH utan å ha ein klar plan. Kristian var satsande triatlet og det einaste han visste var at han ville jobbe med idrett på eit eller anna vis.  

Når me nå snakkar med Kristian 16 år seinare viser det seg at han har endt opp i ei bedrift som er langt betre på treskruar og bygningsmaterial, enn laktverdiar og styrketrening.  

Skil deg ut med NIH-utdanning 

Likevel meiner Kristian at dei fem åra på NIH har gitt han akkurat den CV-en og erfaringa han har trengt i arbeidslivet.  

– Viss du søker ein jobb utanfor idrettsverda, trur eg likevel det kan vere ein bra ting å ha utdanning frå NIH. Du har riktig kompetanse, men i ein litt meir fargerik setting. Det er ikkje noko unikt med ein bachelor eller mastergrad, men med ei NIH-utdanning kan du skilje deg ut.  

For Kristian endra vegen hans fleire gonger både før og etter han tok til på studia. Han blei overtalt til å søke NIH av kompisar i forsvaret.  

Idrett og biologi var jo ein interessant kombo, tenkte han da.  

Kristian foran gjengen i Wurth Norge
Kristian Horne jobbar som innhaldsprodusent i Würth, og både bur og jobbar i Nittedal, rett utanfor Oslo. \Foto: Würth. 

Etter eit år på NIH forstod han at Sport Management passa betre både med tanke på interesse og kva slags jobb han kunne tenkje seg.  

– Det var ein ekstrem brei og tung, solid utdanning der du mellom anna får leiing, organisasjonsteori, litt sosiologi og sportsjournalistikk. Det var ein touch innom mykje av det eg seinare skulle drive med. Utan at eg eigentleg visste det der og da, fortel Kristian.  

Bra å vere open om kva ein vil jobbe med 

Han skildrar seg sjølv som ein litt naiv ung student i retrospekt. Drivkrafta for å studere på NIH var lidenskapen til idrett og rykta om at miljøet var veldig godt.  

Tanken om kva slags jobb han skulle ende med var litt fjern. Og kanskje var det også fint.  

– Eg tenkjer eigentleg det er bra at ein har ein litt naiv tilnærming til kva ein har lyst til å jobbe med når ein startar. Sjølv om du ikkje har planen klar som kompisane i klassa som skal bli fotballtrenarar, så vil du etter kvart finne det ut om du er litt open og observant. Du kjenner fort når du er i gang med studia kva det er du likar betre enn anna.  

Var med å bygge opp nettbutikk 

<="" p=""> 

På den tida satsa han for fullt på triatlon ved sidan av studia, og hadde ein sponsor som han begynte å lage innhald for.  

I tillegg hadde han deltidsjobb i Skiforeningen, mellom anna med turrennet Holmenkollmarsjen.

Det enda opp med at han skreiv masteroppgåve om og for dei med tittelen "Få ting er mer usikkert enn et turrenn".

Da oppgåva begynte å nærme seg ferdigskriven, dukka det opp eit tilbod frå sponsoren om å vere med å starte opp ein nettbutikk for sportsutstyr. 

To dagar før masteroppgåva skulle bli levert, var Kristian i gang med full jobb for Supersport.no.  

– Der gjorde eg absolutt alt. Eg tok initiativ til å lage innhald og fekk på plass både ein innhald- og marknadsføringsstrategi. Det fungerte bra og etter kvart blei det meir og meir innhaldsproduksjon og marknadsføring.  

Nettbutikken blei etter kvart kjøpt opp av langt større Fjellsport.no.  

Lagar podkast, filmar og artiklar 

Alt blei med eitt langt proffare. Kristian endte opp med å jobbe enda meir med marknadsføring og kommunikasjon.  

Etter nokre år gjekk vegen vidare til Würth, der han framleis jobbar som innhaldsprodusent. Der jobbar han mellom anna med å lage podkastar, e-læring, pressemeldingar, filmar, artiklar og gir kommunikasjonsstøtte til organisasjonen.  

Han kallar seg pratmakar på fulltid. 

Kristian foran mikrofon i podkast-studio
I Würth er arbeidsoppgåvene veldig varierte. Kristian lagar podkast, videoar, artiklar og e-læring. Han jobbar også med å fylgje opp sponsorata til verksemda. Mange av dei er innanfor idrettsverda og der får Horne stor bruk får kunnskapen han tileigna seg på Sport Management. \Foto: Würth. 

Erfaringa og kunnskapen frå NIH kjem godt med på mange måtar.  

– Eit heilt konkret eksempel er at eg jobbar med å følgje opp sponsorata til Würth og få mest mogleg ut av det. Vi er veldig sterkt til stades med sponsing i idretten, for eksempel i skiskyting, ski, ishockey og hopp. På Sport Management hadde vi mykje om sponsing og det er mange av dei grunntakane eg lærte der som eg tek med meg inn i arbeidskvardagen nå.  

Han nemner også sportsjournalistikk, og det han lærte om grunntaken om korleis ein fortel historier på ein effektiv måte. Semiotisk og narrativ analyse er noko Horne har hatt stor glede av når han skal lage innhald.  

Lag mykje innhald med hjartet 

Viss du kan tenke deg å jobbe med med kommunikasjon eller innhaldsproduksjon innanfor idrett eller relatert til idrett, har han fleire tips.  

– Det viktigaste trur eg er å lage mykje innhald og teste det heile tida. Eg har veldig lite trua på å ha eit statisk opplegg der ein år på år gjer det same. Ein må lage mykje innhald og det må vere laga med hjartet.  

<="" p=""> 

– Spør om du kan lage innhald for den lokal idrettsklubben eller kaffesjappe. Tilby gratis hjelp, og det skadar heller ikkje å lage ein podkast som berre ti personar høyrer på, om du har glede av og kan lære noko av det.  

Gliser mannen bak mikrofonen i podkasten Gode dager.  

Og gode dagar hadde han definitivt da han gjekk på NIH frå 2009 til 2014.

– Det var ekstremt bra miljø. Det er litt som å spørre ein fisk om korleis vatnet er liksom. Det er vatn der, men så skjønnar du når du kjem ut av det, at det faktisk var heilt unikt.  

Emneord: Institutt for idrett og samfunnsvitenskap, Jobbmuligheter
Publisert 2. juli 2025 11:05 - Sist endra 3. aug. 2026 12:44