Som 18-åring sat Karl Marius Aksum seg ned og skreiv «Eg skal bli verdas beste fotballtrenar» på ein plakat.
Han hang den over senga og bestemte seg for at alle vala han tok skulle leie fram til akkurat det.
Nå er 35-åringen med på eit svensk fotballeventyr av dei sjeldne.
Mjällby er akkurat nå den minste tettstaden i Europa med eit toppserielag.
Heimebanen Strandvallen ligg omkransa av ein campingplass og eit steinkast frå stranda.
Der kjempar klubben om gull i Allsvenskan og har i skrivande stund heile ti poeng ned til hovudstadslaget Hammarby.
Ingen «kjøpeklubb»
Ein del av suksessen gir svenske fotballekspertar til 35-åringen frå Narvik.
– Det vi gjer nå er litt urealistisk. Vi har berre det 11-12 største lønsbudsjettet i Allsvenskan, som ofte seier mykje om kor ein endar på tabellen, fortel han.
I dette intervjuet får du mellom anna høyre om:
- Korleis skape eit namn som trenar, når ein ikkje er tidlegare toppspelar.
- Hans eigenutvikla «fotballbibel». Eit dokument på nærmare 400 sider som han starta på under bachelorgraden på NIH og framleis skriv på.
- Inspirasjonen frå Bodø/Glimt.
- Kvifor han takka nei til trenarjobb for å heller skrive doktorgrad.
- Tips til andre som drøymer om å bli fotballtrenar på toppnivå.
- Jobbtilbod frå dei største klubbane i Europa.
Mjällby
Heimebanen Strandvallen ligg i Hällevik med rundt 500 innbyggarar. Har ein kapasitet på 6000 tilskodarar.
Fem minutt unna med bil ligg Mjällby med 1500 innbyggarar.
Den største byen i nærleiken og i kommunen er Sölvesborg med 15.000 innbyggarar.
Har spelt i Allsvenskan sidan 2020, med femteplass frå i fjor som beste resultat.
Intervju med britiske og tyske storaviser
Når Karl Marius dukkar opp på skjermen frå ein sjeldan frihelg på Öland, har han akkurat gjort intervju med britiske The Times og Frankfurter Allegemein.
At Mjällby ligg an til seriegull og europaspel neste år er det langt frå berre svensk media som ser på som ei god forteljing.

Korleis hamna 35-åringen frå Narvik midt opp i dette? Og kvifor får ein assistenttrenar såpass mykje av merksemda?
Da han flytta frå Narvik til Oslo som 19-årig student stod det berre ein ting i hovudet hans. Karl Marius ville bli fotballtrenar på eit så høgt nivå som mogleg.
Det var ingen tvil om at det var bachelor i trenarrollen på NIH som var vegen å gå.
– Når du ikkje har bakgrunn som toppspelar, er vegen til å bli trenar på øvste nivå ganske lang. Det er eigentleg to vegar du kan gå. For mange er kanskje den mest fruktbare vegen å starte tidleg som trenar og jobbe deg oppover i større klubbar.
Valde forsking framfor trenarjobb
Karl Marius valde den andre vegen. Og kanskje den mest krevjande. Iallfall for ein som ikkje ser på seg sjølv som teoretikar.
Etter mastergraden kunne han ha hoppa rett inn i ein spennande jobb som spelarutviklar i Hødd.
Seglande inn frå sida kom eit tilbod om å ta doktorgrad i fotball med Geir Jordet, verdas leiande ekspert på straffespark, som rettleiar.
Og han måtte svare fort.
– Da tenkte eg den same tanken som eg alltid har gjort. Kva er det som kan gjere at eg på sikt når lengst?
11 år med studiar og jobb på NIH
Det er alltid slik han har tenkt når han har tatt viktige val. Ikkje kva som er best her og nå, men kva som gjer at han kan nå lengst om ti eller femten år.
– Eg trur at kunnskap og kompetanse i eit kvart yrke, og spesielt for fotballtrenarar, er det som skil deg ut.
Det enda med doktorgrad og eit stort prosjekt om visuell persepsjon. Prosjektet handla om korleis fotballspelarar brukar blikket til å søkje etter moglegheiter på banen og kva det betyr når dei skal skyte eller slå drøymepasninga.
Han innrømmer at forskinga til tider var tung for ein som trivst best på treningsfeltet. Midt i perioden angra han på valet, men da alt var innlevert og publisert, og storklubbar inviterte han for å presentere funna, var det meste gløymt.
Fotballtrenaren trur kunnskapen han tileigna seg gjennom dei 11 åra på NIH, har gjort sitt til at han har skild seg ut i jobbsøknadar.
Fyrst i jobben som juniortrenar i Odd, som han hadde i to år.
Og så da han han kjente på lysten til å jobbe med eldre spelarar og søkte jobben i Mjällby.
Assistenttrenarjobben fekk han vinteren 2024 i sterk konkurranse.
Til trass for at han mangla trenarlisens frå UEFA til jobben i Odd og UEFA PRO-lisens til jobben i Sverige, som eigentleg var eit krav for begge trenarjobbane.

Men trenarutdanningane og doktorgraden frå NIH gjorde CV-en hans unik. Kunnskapen frå utdanningane brukar han nå kvar dag på treningsfeltet.
– Det gav meg kunnskap om det pedagogiske, om leiing, treningsmetodologi og treningsfysiologi. Alt dette brukar eg aktivt i praksis nå. Og spesielt det eg lærte gjennom doktorgraden min og resultata derfrå, brukar eg mykje, fortel han.
- Les meir om forskinga hans: Slik bruker toppspillere blikket
Eigenutvikla «fotballbibel» på 400 sider
I leilegheita i kommunesenteret Sölvesborg, 15 minutt unna heimebanen, dreg han ofte fram eit spesielt dokument.
Hans eigen «fotballbibel» tel nå nærmare 400 sider. Dei fyrste sidene skreiv han som 21-åring på bachelorstudiet og handla om kva han heilt overordna tenkte om angrep og forsvarsspel.
– Det er eit levande dokument som eg heile tida oppdaterer etter kvart som eg tileignar meg erfaring og kunnskap.
Der har han inkludert alt frå coachingfilosofi, treningsmetodologi, treningsfilosofi, mental trening, scanning og korleis bygge ein fotballklubb.
Hovuddelen handlar om ein spelmodell der kvart einaste prinsipp han trur på i alle fasar av spelet er nøyde gjennomarbeida.
Prinsipp som dei trenar etter kvar dag hos den svenske serieleiaren.
Besøkte Arne Slot
Dokumentet har også med erfaringar frå nokon av dei aller beste fotballtrenarane i Europa.
– Eg trur den tettaste kontakten eg hadde var med Arne Slot, som nå er manager i Liverpool.
Gjennom forskinga fekk Karl Marius nemleg reise rundt til mange klubbar i Europa.
Etter kvart blei han også kontakta av klubbar som ville at han skulle halde føredrag og fortelje om funna sine.
Mellom anna i Feyenoord der Slot hadde leia laget til siger i den nederlandske serien for fyrste gong på mange år.
Nå er det Karl Marius sjølv som får tilbod frå storklubbar.
X-faktor som trenar
Kva er det med visuell persepsjon som gjer han interessant både for toppspelarar, trenarar og ikkje minst media?
Karl Marius meiner at det gir han ein X-faktor få andre trenarar har. Mange har fylgd han på X (Twitter) der han har gitt følgjarane jamlege drypp frå forskinga og korleis han ser på fotball.
– Når eg møter spelarar, så veit dei med ein gong at eg har ein spesialitet på feltet. Det gir meg ein inngang til å kunne prate med dei beste spelarane om noko eg kan forbetre spelet deira på. Det skapar ei fagleg tyngde som hjelper meg.

Likevel trur han at han har andre styrker som er viktigare som trenar. Som coaching og pedagogikk. Han meiner det er avgjerande for resultata og anerkjenninga i Sverige.
Narvikingen hadde bestemt seg at han skulle vere den beste trenaren på angrepsspel da han kom til Sverige.
Mjällby var langt frå eit topplag og spelte fotball som «var grusom å sjå på» ifølgje Aksum.
– Fokuset var alltid å klare plassen. Det var lågt forsvarsspel, kontringar og dødballar.
Det er kanskje ikkje rart han har blitt lagt merke til når Mjällby verkeleg byrja å begeistra det svenske fotballpublikummet i fjor.
– Drivkrafta mi har alltid vore å spele fantastisk fin fotball. Eg kjøper ikkje trenarar som seier at alt handlar om å vinne. Vi er i underhaldningsbransjen. Vi skal vinne, men vi skal gjere det på ein fantastisk måte, og det er ein drivkraft som alltid vil vere der for meg.
Tips til deg som vil bli topptrenar
Anten du vurderer eller har starta på trenarutdanning på NIH, har Karl Marius Aksum gode tips til deg.
– Det farlegaste er om du er for utolmodig. Det har eg eg kjent på utruleg mykje sjølv. Du tenkjer at tida går frå deg, og du ser andre yngre trenarar får sjansar. Det viktigaste er å finne din veg. Viss du likar å studere og fordjupe deg, så trur eg den akademiske vegen verkeleg kan vere ein måte å kome seg opp og fram på., Eg trur heilt ærleg at det kjem til å bli enda fleire plassar for akademikarar i fotballen framover. Men viss du ikkje kjenner på den lysta, så ta den praktiske vegen. Skaff deg mykje erfaring.
Vil skape ein svensk versjon av Bodø/Glimt
Ingenting tyda på at han skulle vere med på eit svensk fotballeventyr da han runda 30 år og angra djupt på valet om å ta doktorgrad, på eit stipendiatkontor på NIH.
Nå er han nærmare den store draumen og setninga på plakaten over senga, enn nokon gong.
Mottoet til den vesle klubben i gule drakter er «Tillsammans gör vi det omöjliga möjligt!»
Det er lett å la tankane gå til ein annan klubb med gule drakter i nabolandet. Aksum er heilt klar på at suksessen i Bodø/Glimt inspirerer dei.
– Når eg snakkar med klubbsjefen og leiinga her, så seier vi at målet vårt er å gjere dette til eit Bodø/Glimt. Bygge opp klubben sakte og sikkert etablere oss i øvste halvdel. kome til Europa og få til dei store spelarsala. Vi pratar mykje om dei og brukar Glimt som ein inspirasjon, seier han og trur Mjällby nå er der Glimt var for fem-seks år sidan.
Men det kan fort bli større arenaer enn Strandvallen i åra framover.
Han vil ikkje seie kva for klubbar, men legg ikkje skjul på at tilboda har dukka opp den siste tida.
– Eg har fått tilbod om å bli ein del av trenarstaben i nokon av dei største klubbane i verda.

Blir trigga av hovudtrenarjobb
Han medgir at han er usikker på om han vil gå inn i eit stort trenarteam, eller ta over som hovudtrenar i ein mindre klubb.
– Det som triggar meg mest er å vere hovudtrenar og faktisk sette kulturen, standarden, ein spelmodell og få eit lag til å prestere optimalt. Samtidig er det noko anna å coache spelarar som er på eit høgt nivå.
Det er ingen tvil om at han står ovanfor store og freistande moglegheiter framover.
Fyrst står kampen om svensk gullmedalje.
Til trass for åtte poengs leiing ned til nummer to, vil han ikkje snakke om å bli svensk seriemeister.
– Folk får berre prate så mykje dei vil. Det har faktisk ikkje vore ein tanke hos meg. Eg tenkjer prestasjonsforbetring heile tida. Nå har me prestert dårleg eit par kampar, og da handlar det berre om å kome på treningsfeltet og gjere prestasjonen betre.
Prestasjonane og kunnskapen har begynt å gje han eit namn i fotball-Europa.
«Fotballdoktoren» frå NIH verkar å vere på veg mot noko stort. Tida vil vise om han når draumen på plakaten over senga.