Max Ullrich var lenge ein lovande alpinist og stod på startstreken både i verdscup og VM. Han vaks opp med Hafjell som nærmaste nabo og elska livet som alpinist.
Men som for så mange øydela skader karrieren som idrettsutøvar.
Blei interessert i kva som skjer i musklane
Det gav i staden Max heilt nye interesser, som etter kvart skulle han føre til sin nye lidenskap.
– Eg hadde mange år med erfaring med å trene sjølv og hadde også trena andre toppidrettsutøvarar ein god del. Eg var alltid interessert i å vite meir om korleis kroppen fungerer. Etter kvart blei eg veldig interessert i å dykke inn i kva som skjer i cellene i musklane. Kva er det som skjer her når me trenar liksom?
Han fortel om starten på studielivet via Teams, frå ein leilegheit i den belgiske studentbyen, Gent.
Der er han på sitt andre år i doktorgraden i muskelfysiologi.
Korleis hamna han der, og kvifor har det å bli forskar blitt draumen til den tidlegare masterstudenten i idrettsfysiologi og bevegelseslære?
Fekk praksis på lab
Det starta med ein tok bachelorgrad i idrettsvitskap på Lillehammer, på daverande Høgskolen i Innlandet.
Undervegs fekk Max moglegheita til ein månad med praksis på ein nyopna lab på høgskulen.
– Labarbeid var verkeleg noko for meg. Eg enda opp med å gjere heile bachelorprosjektet der og fann ut at dette ville eg gjere meir av.
Vegen til NIH blei dermed krystallklar.
Max hadde forstått at forsking var noko som låg for han.
Ei karriere innanfor akademia var blitt draumen, og han hadde fått tips om at det kunne lønne seg å ta mastergraden på ein anna studiestad.
Alt dei fyrste månadane på mastergraden i idrettsfysiologi og bevegelseslære på NIH fekk han bruk for laberfaringa frå Lillehammer.
Det gjorde at han blei rekruttert som forskingsassistent i forskingsgruppa til NIH-professor, Adam Sharples som forskar på muskelhukommelse.
– Det gav meg veldig mykje læring, og blei veldig interessert i tema som forskarteamet hadde dykka ned i. Det handlar om epigenetikk og korleis me kan måle treningstilpasningar på cellenivå, forklarar Max.
Likte syklusen som forskar
Som masteroppgåve fekk han moglegheiten til å gjennomføre eit stort prosjekt der han såg på korleis styrketrening endrer DNA-metyleringsmønstre i muskelceller hos mennesker.
– Eg stortreivst med å jobbe med prosjektet og brukte masse tid på det. Undervegs merka at eg var veldig interessert i å gå vidare til ein doktograd. Eg likte korleis forsking fungerer og måten ein jobbar på, seier Max og forklarer måten ein jobbar på.
– Fyrst skal du designe eit prosjekt, så skal ein gjennom etikksøknad, rekruttere deltakarar, gjere intervensjonen, så skal du på laben og til slutt står du igjen med all den informasjonen som du da på ein måte skal tolke betydninga av. Eg likte heile den syklusen, fortel Max.
Han leverte inn mastergraden våren 2023, og byrja allereie å søke på doktorgrader som han syntest verka spennande same vår.
Han søkte i fleire europeiske storbyar og heldt også augo opne for om det skulle dukke opp eit spennande prosjekt på NIH.
– Eg var veldig oppteken av at eg ikkje skulle gjere meir av det same. Eg hadde lyst til å ta det eg hadde lært og så bygge vidare på desse teknikkane.
Anbefalar doktorgrad i utlandet
Det skulle vise seg at denne moglegheita var størst i Belgias nest største by.
– Prosjektet passa perfekt i det eg var interessert i. Det er ikkje så mange idrettsfysiologar som har fokusert på overlappen mellom programmering, altså bioinformatikk og fysiologi på et djupt nivå.
Etter å ha blitt invitert ned for å sjå på universitet og korleis dei jobba, var han overbevist.
Eitt år seinare er han glad for å ha tatt sjansen på å ta ein doktorgrad i utlandet.
– Det er ein veldig stor verdi av å bevege seg rundt og samle informasjon og teknikkar om metodikkar frå mange forskjellige stader. Akademia handlar mykje om nettverk og samarbeidspartnarar, og det er det store moglegheiter for her.
Hovudprosjektet hans handlar kort oppsummert om å identifisere kva slags muskelfibrar som har vore aktive under ei treningsøkt basert på genuttrykk.
– Me prøvar å ta eit steg vidare og sjå om me klarer å sjå på det meir presist, kva slags muskelfibrar som har vore aktive og korleis dei responderer på trening, forklarar han.
I tillegg underviser han i sport og genetikk på både bachelor og masternivå.
Stort ph.d-miljø
Han fortel også om ein livleg studentby med eit veldig stort miljø for ph.d-stipendiatar.
– I går kveld var eg for eksempel og klatra med 50-60 andre stipendiatar. Det går mykje i slike aktivitetar og ikkje minst god mat og kultur.
Når han gjer seg ferdig med doktorgraden etter fire år i Belgia er håpet ei karriere innanfor akademia.
– Det er planen min enn så lenge. Eg tenkjer å gå vidare til ein postdoc etterpå og sjå kva slags veg det går vidare, men eg er heller ikkje låst til at eg må bli i akademia. Eg håpar at kvardagen min skal handle om forsking, vere mentor for masterstudentar og utvide kva me veit om korleis kroppen fungerer. Om det er i akademia eller i industrien har ikkje så mykje å seie for meg, så lenge eg kan jobbe på den måten, avsluttar Max Ullrich.