Ingvild (27) blei topptrenar i idrett ho begynte med under mastergraden

Triatlon var fyrst berre ein hobby, nå trenar Ingvild Vesterhus nokre av dei beste triatletane i landet Oslo idrettslag triatlon. Jobben fekk ho rett etter at masteren var levert.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Ingvild smiler i klubbjakke ute

Ingvild Vesterhus tok master i idrettsfysiologi og bevegelseslære. Like etter at masteroppgåva var levert fekk ho tilbod om fast 100 prosents jobb som triatlontrenar.

Det starta som ein hobby under pandemien. NIH-studenten Ingvild hadde akkurat lagt fotballskoa på hylla og ville ha ein ny hobby. 

Litt tilfeldig falt valet på triatlon. 

Tre år etter var ho blitt trenar for utøvarar som satsar mot verdstoppen i triatlon.

– Det var jo skummelt i starten. Mange som jobbar som trenar har jo hatt ein karriere sjølv. Plutseleg var eg trenar for utøvarar som er profesjonelle og mykje betre enn deg sjølv, fortel Ingvild tilbake i NIH-kantina, to år etter at ho var ferdig som masterstudent.

Fått stor nytte av mastergraden

Ho kan smile av det nå.

Det viste seg at ho hadde kunnskap og erfaring frå NIH som kom godt til nytte, sjølv om ho var fersk i idretten og berre hadde vore på mosjonistnivå. 

– Så klart, det å ta steget opp til plutseleg å vere trenar for triatletar som er profesjonelle og mykje betre enn seg sjølv. Da må ein vise fram at ein har fagleg kompetanse. Masteren frå NIH har kome veldig godt til nytte og generelt forståinga av idrett. Eg har eigentleg brukt alt eg har lært på idrettshøgskulen og peila det inn på triatlon som idrett, fortel ho.

I 2018 starta trønderen på bachelor i trening, helse og prestasjon. Naturleg nok gjekk vegen deretter vidare til master i idrettsfysiologi og bevegelseslære. 

Frivillige verv var viktig for å få jobben

Ingvild er sikker på at verva ho hadde ved sidan av studia, gjorde henne spesielt attraktiv for jobben som dukka opp hausten etter at masteroppgåva var levert.

– Det er jo ikkje mange jobbar som fysiske trenarar eller hovudtrenarar der ute. Eg trur det er viktig å engasjere seg ved sidan av studiet også for å få meir erfaring.

Ingvild hadde fem år som styremedlem i studentidrettslaget NIHI, to av dei var som leiar.

Ho var også nestleiar for Studentlekene, Noregs største studentidrettsfestival. 

Det har kome godt til nytt i stillinga som dukka opp hausten 2023.

Da ho fyrst såg utlysinga frå Oslo idrettslag triatlon (OI) var den fyrste tanken at denne stillinga var uoppnåeleg.

Ho hadde trass alt ikkje hatt ein trenarjobb før. 

Portrettbilde av Ingvild i kantina
Det å få utvikle utøvarar både på idrettsarenaen og som menneske, er noko av det Ingvild sett mest pris på med jobben. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø

– Det kjentest som eit «longshot». Men klubben var oppteken av å tilsetje nokon som både kunne utvikle utøvarar og grupper, og også å sjå verksemda og organisasjonen og kunne vidareutvikle den.  Eg trur ikkje eg hadde hatt denne jobben i dag viss det ikkje hadde vore for dei frivillige verva eg har hatt, seier ho. 

Samarbeider tett med landslaget

Vesterhus blei tilsett i 100 prosent fast stilling i klubben frå start og har stortrivst sidan det. 

Ho er hovudtrenar for både elite og rekruttgruppa. Utøvarane er i alderen 13 og 30 år.

Nokre av dei er på landslaget og andre er på utviklingslaget til triatlonforbundet. 

Klubben er Noregs største, med flest utøvarar i Noregscupen og flest poeng i fjorårets sesong.

– Fordelen som trenar i triatlon er at det er ein liten idrett. Eg får veldig mykje erfaring av å ha samhandle tett med landslaget og får vere med på samlingar og konkurransar. 

Samtidig jobbar 27-åringen med å få barne og ungdomsgruppa til å vakse. 

– Opplevinga mi er at det er fint å ha erfaring med det administrative i tillegg. Å vere trenar i 2025 er også mykje administrasjon, fordi du har eit så stort team og mange utøvarar du skal ha kontroll på, seier Ingvild. 

Reisinga er noko av det beste med jobben

Arbeidsoppgåvene varierer litt etter kor utøvarane er i sesongen.

Om vinteren går det meir tid i planlegging, bassengfordeling, økonomi og planlegging av reiser og samlingar. 

Under konkurransesongen frå mai til oktober handlar det mykje om å vere hovudtrenar og følgje opp utøvarane. 

Individuelle treningsprogram lagar ho for 15 utøvarar. Kvar veke har dei åtte fellesøkter som Ingvild leiar. 

Nå er ho akkurat tilbake frå to veker på treningssamling på Mallorca.

– Reisinga er noko av det eg sett mest pris på med jobben. Det er kjempegøy å vere med utøvarane og faktisk sjå alt arbeidet dei legg ned i kvardagen utarte seg i konkurranse. 

Kvar helg frå midten av mai til slutten av juni, og starten av august til september er Ingvild saman med utøvarane på konkurransar både i Noreg og i utlandet. 

OL i Los Angeles er målet for utøvarane

For dei beste er OL i Los Angeles i 2028 det store målet. 

– Vi ser jo at det går an å vere frå Noreg og ta OL-gull i triatlon også. Det er inspirerande og jobbe tett på landslaget, seier Vesterhus og siktar til Kristian Blummenfelt som tok OL-gull i Tokyo i 2021.

Ho fortel at dei fylgjer same treningsfilosofi og har mykje av den same treningskvardagen. 

– Det beste med jobben er utan tvil å fylgje opp utøvarane i utviklinga deira. Både i triatlon, men også som menneske. Eg er jo med på å fylgje dei på vegen mot den største draumen deira. Det er spennande å bli så godt kjent med dei og vere med på reisa deira. 

Tips til nye studentar

Med symjetreningar med start 05.30 om morgon har Ingvild ein arbeidsdag som ikkje kan karakteriserast som A4. Livsstilen har ho med tida blitt glad i, og synest det er fint å kunne trene midt på dagen når andre er jobb. 

– Det er noko ein må lære seg å sette pris på. Viss ikkje kan ein nok ikkje ha denne jobben. Ein må lage seg rutiner og ikkje minst utnytte dagen som andre utnyttar kvelden.

Om du har lyst på ein arbeidskvardag som hovudtrenar som Ingvild, har NIH-alumnen tips til deg. 

– Viss du har ein genuin interesse for idrett, og det er noko du har lyst til å jobbe med, så er NIH den perfekte staden å studere. Det er mange vegar å gå, du treng ikkje å ha bestemt deg for den i forkant, seier ho og legg til: 

– Eg trur på at det er viktig å jobbe hardt og vise seg fram utanfor studia. Engasjer deg og bygg nettverk, så finn du ein jobb du trivst med etterpå. 

Les om fleire jobbmoglegheiter med utdanning frå NIH
 

Emneord: Institutt for fysisk prestasjonsevne, Student, Jobbmuligheter
Publisert 15. apr. 2025 13:36 - Sist endret 3. aug. 2026 10:54