IS215 Idrett og medium (Vår 2025)
- Studiepoeng:
- 10
- Ansvarlig avdeling:
- Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
- Emneansvarlig:
- Gudmund Skjeldal
- Undervisningssemester:
- Vår
- Varighet:
- ½ år
Innholdsfortegnelse
Kort om emnet
Emnet gjev ei innføring i relasjonane mellom idrett og medium, med syn for historiske utviklingstrekk, og med teoretiske og kritiske drøftingar av korleis idrett og medium står i moglege avhengigheitsforhold til kvarandre i dag. Idrett må forståast breitt, ikkje berre som toppidrett eller konkurransesport.
Medium skal også forståast i vid forstand, og omfattar både bøker, film, foto, reklame, og sosiale medium, attåt meir tradisjonelle nyheits- og underhaldningsmedium (basis-medium). Kort sagt formidlar emnet korleis idrett og medium påverkar kvarandre - med det norske samfunnet som viktigaste referanseramme.
Medium skal også forståast i vid forstand, og omfattar både bøker, film, foto, reklame, og sosiale medium, attåt meir tradisjonelle nyheits- og underhaldningsmedium (basis-medium). Kort sagt formidlar emnet korleis idrett og medium påverkar kvarandre - med det norske samfunnet som viktigaste referanseramme.
Læringsutbytte
Studentane skal etter gjennomført emne kunna
- gjera greie for grunnleggjande forhold og definisjonar om ulike medium - og kjenna til mediebruk og medievanar i det norske samfunnet i dag
- skildra korleis idrett påverkar medieøkonomien i samtida, både nasjonalt og internasjonalt
- fortelja korleis sportsjournalistikken har utvikla seg historisk, gjennom ulike medium, og drøfta - også kritisk - kva bilete eller omgrep av idrett som denne journalistikken formidlar i dag
- tolka ulike medieforteljingar om idrett (så som fiksjonsfilmar, biografiar, tv-seriar, reklame)
- drøfta ved hjelp av fagomgrep, og reflektera kritisk over korleis idrett/idrettar blir påverka og endra av ulike medium - og om idrett (i ulik tyding) påverkar og endrar medium
- formidla dei ovanfornemnte problemstillingane i skriftlege og munnlege massemedie-tilpassa sjangrar
Læringsformer og aktiviteter
Emnet legg opp til både sjølvstudium, arbeidskrav og obligatoriske førelesingar. Førelesingane legg opp til både førearbeid og etterarbeid, stundom i grupper. Nokre førelesingar vil ha bidrag av gjester, i form av intervju og eller diskusjonar, eller større seminar. Førelesingane vil også vera arbeidsverkstader for ulike oppgåver, og føreset aktiv medverknad frå studentane. Eigeninnsats/studium i kollokviegrupper er ein føresetnad for god læring i emnet.
Arbeidskrav
- To konkrete arbeidskrav er knytt til podkastsamarbeid.
- Eitt arbeidskrav gjeld utkast til mediekritisk blogg.
- Emnet føreset minst 80 % oppmøte på førelesingane.
Arbeidskravet må være godkjent før sluttvurdering i emnet.
Vurdering/eksamen
- Individuelt: Levering (skriftleg) av tolking (referat+analyse+vurdering) av sjølvvald bok, film, serie, reklame - relatert til emnet idrett - eller sportssending på tv/radio.
- I grupper (2-3): Podkast-episode, med sjølvvald tema og problemstilling frå relasjonen mellom idrett/sport og medium/media.
Vurderingsvariablar i emnet er bestått/ ikkje bestått. Både gruppearbeidet og det individuelle arbeidet må ha «bestått» - for å nå karakteren bestått i emnet.
Vi gjør oppmerksom på at oppgaver som leveres i Canvas og WISEflow blir sjekket for plagiat.
Kjernelitteratur
Sist hentet fra FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 05:27:51