IDR107 Samfunnsvitenskapelige perspektiver på idrett (Høst 2025)
- Studiepoeng:
- 10
- Ansvarlig avdeling:
- Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
- Emneansvarlig:
- Gudmund Skjeldal
- Undervisningssemester:
- Høst
- Varighet:
- ½ år
Innholdsfortegnelse
Kort om emnet
Emnet tar for seg idrett som sosialt og kulturelt fenomen - med særleg vekt på norske forhold. Eit viktig moment i denne samfunnsramma er at idrett må forståast i vidare forstand enn den aktiviteten som er organisert i regi av Norges idrettsforbund, olympiske komité og paralympiske komité (NIF), så som friluftsliv, og treningssenterbransjen, eksemplifiserer.
Emnet gjev teoretiske perspektiv frå faga historie, idrettsfilosofi/etikk og sosiologi.
Emnet gjev teoretiske perspektiv frå faga historie, idrettsfilosofi/etikk og sosiologi.
Hvem kan ta dette emnet?
Studentar i BA-programmane SPM, THP, TI og årsstudiet Treningslære samt LUPE (Fag 2).
Læringsutbytte
Studentane skal etter gjennomført emne kunna
- kjenna til god vitskapleg referanseskikk og grunnleggjande forskingsetikk
- skildra korleis norsk idrett - inkludert organisasjonar knytt til friluftsliv, kommersielle idrettstilbod, og eigen-organisert idrett - er bygd opp
- gjera greie for omgrepa ‘frivilligheit’ og ‘sivilt samfunn’ - og dei tilknytingspunkta som idretten i Norge også har til stat og marknad, og til ulike kulturmedium (film, nyhendemedia, sosiale medium)
- diskutera forholdet mellom idrett og kjønn, idrett og sosial klasse, og korleis idrett (framleis i brei forstand) kjem i berøring med ulike mangfaldstematikkar
- identifisera sentrale brot og samanhengande linjer i historia til norsk idrett, inkludert friluftsliv og paraidrett, herunder Riddarrennet, særleg med vekt frå 1800-talet og fram til i dag
- beskriva og diskutera aktuelle utfordringar knytt til barne- og ungdomsidretten
- drøfta ulike verdiutfordringar som idretten byr på, her innbefatta berekraftsproblematikkar
- formulera faglege problemstillingar, gjerne med utgangspunkt i dagsaktuelle spørsmål (anten i mediebiletet eller sjølvopplevde), og belysa dei med faglitteratur
- presentera fagstoff skriftleg og munnleg i medietilpassa sjangrar, og gje konstruktive tilbakemeldingar til andre
Læringsformer og aktiviteter
Studentaktive og samarbeidande læringsformer vil prega gjeremåla i faget.
Gjennomgåande vil emnet ha fellesførelesingar – supplert og berika av arbeids- og gruppeoppgåver av ulike slag. Gjesteførelesingar, filmvisning og seminar vil også vera del av emnet.
Gjennomgåande vil emnet ha fellesførelesingar – supplert og berika av arbeids- og gruppeoppgåver av ulike slag. Gjesteførelesingar, filmvisning og seminar vil også vera del av emnet.
Arbeidskrav
- Deltaking på førelesingane er obligatorisk (80 %).
- I grupper skal studentane levera problemstilling til ein podkast – med forankring i pensum og førelesingar, og gjerne med springbrett i dagsaktuelle spørsmål frå idretten
- Gruppene skal laga disposisjon til podkasten og studentane skal gje konstruktive tilbakemeldinga til andre grupper sin disposisjon.
- I tillegg skal alle studentane ha gjort ein innleiande kviss i APA-referansestilen/plagiatproblematikk.
Arbeidskrava må vera godkjende for å kunna bli sluttvurdert i emnet.
Vurdering/eksamen
- Fagleg podkast, basert på eigenformulert problemstilling. Gruppelevering. Gradert karakter A-F. Tel 3/4 av samla karakter.
- Fleirvalskviss med spørsmål frå læringsutbyttemåla (kulepunkt 1 til og med 7). Individuell levering. Gradert karakter A-F. Tel 1/4 av samla karakter.
Kjernelitteratur
Sist hentet fra FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 04:19:37