IS215 Idrett og medium (Vår 2024)
- Studiepoeng:
- 10
- Ansvarlig avdeling:
- Institutt for idrett og samfunnsvitenskap
- Undervisningssemester:
- Vår
- Varighet:
- ½ år
Innholdsfortegnelse
Kort om emnet
Emnet gjev ei innføring i relasjonane mellom idrett og medium, med syn for historiske utviklingstrekk, og med teoretiske og kritiske drøftingar av korleis idrett og medium står i moglege avhengigheitsforhold til kvarandre i dag. Idrett må forståast breitt, ikkje berre som toppidrett eller konkurransesport.
Medium skal også forståast i vid forstand, og omfattar både bøker, film, foto, reklame, og sosiale medium, attåt meir tradisjonelle nyheits- og underhaldningsmedium (basis-medium). Kort sagt formidlar emnet korleis idrett og medium påverkar kvarandre – med det norske samfunnet som viktigaste referanseramme.
Læringsutbytte
Studentane skal etter gjennomført emne kunna
- gjera greie for grunnleggjande forhold og definisjonar om ulike medium – og kjenna til mediebruk og medievanar i det norske samfunnet i dag
- skildra korleis idrett påverkar medieøkonomien i samtida, både nasjonalt og internasjonalt
- fortelja korleis sportsjournalistikken har utvikla seg historisk, gjennom ulike medium, og drøfta – også kritisk – kva bilete eller omgrep av idrett som denne journalistikken formidlar i dag
- tolka ulike medieforteljingar om idrett (så som fiksjonsfilmar, biografiar, tv-seriar, reklame)
- drøfta ved hjelp av fagomgrep, og reflektera kritisk over korleis idrett/idrettar blir påverka og endra av ulike medium – og om idrett (i ulik tyding) påverkar og endrar medium
- formidla dei ovanfornemnte problemstillingane i skriftlege og munnlege massemedie-tilpassa sjangrar
Læringsformer og aktiviteter
Arbeidskrav
- Levering av 1) emne for podkastepisode, og 2) problemstilling til podkast (gruppevis).
- Bloggutkast med mediekritikk relatert til feltet idrett (individuelt).
Arbeidskrava må godkjennast for å kunna bli sluttvurdert i faget.
Vurdering/eksamen
Individuelt:
- levering (skriftleg) av tolking (referat + analyse + vurdering) av sjølvvald bok, film, serie, reklame – relatert til emnet idrett – eller sportssending på tv/radio.
I grupper (2-3):
- podkast-episode, med sjølvvald tema og problemstilling frå relasjonen mellom idrett/sport og medium/media.
Vurderingsvariablar i emnet er bestått/ ikkje bestått. Både gruppearbeidet og det individuelle arbeidet må ha «bestått» – for å nå karakteren bestått i emnet.