Ronglan og Kolle ser tilbake på åtte år i leiinga: – Studentane har blitt meir engasjerte

Kva har skjedd på NIH frå 2017 til 2025? Lars Tore Ronglan og Elin Kolle meiner at studentane har blitt meir faglege engasjerte i løpet av dei åtte åra deira i rektoratet.

Av Gjermund Erikstein-Midtbø
Lars Tore og Elin sit utanfor kantina på NIH

Digitalisering, krisehandtering og vekst i studiar og tal på studentar er nokre av stikkorda når Lars Tore Ronglan og Elin Kolle ser tilbake på sin åtte år lange periode som rektor og prorektor ved Norges idrettshøgskole. Når ferien er over tek Aage Radmann og Live Luteberget over som rektor og prorektor. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. 

Dei har begynt å pakke ut av kontora sine etter åtte år. Tilbake i 2017 tok Lars Tore og Elin til som rektor og prorektor.

Mykje ser annleis ut på NIH i 2025 enn det gjorde da dei overtok roret frå rektor Kari Bø og Lars Tore tok steget frå prorektor-rolla for å bli rektor.

– Det er ganske store forskjellar. NIH har blitt større, det er mange fleire studentar her nå. Studieporteføljen vår har blitt større og breiare. Og ikkje minst har vi blitt mykje meir digitale, seier Lars Tore.

Folk snakkar framleis om NIH-festivalen

Saman reflekterer dei over dei åtte åra i toppleiinga på rektors kontor.

Dei ser tilbake på ein periode som har vore prega av vekst, digitalisering, internasjonalisering og krisehandtering.

Men da dei kom inn august 2017 handla det meste om rehabilitering og planlegginga av det store 50-årsjubileet som blei markert på mange måtar i 2018.

Rektor, direktør og statsråd går inn på NIH til opning
Daverande statsråd Iselin Nybø var med å opna eit renovert NIH i 2018. Foto: Karen Christensen.

Ein eigen NIH-musikkfestival var det store høgdepunktet. Artistar som Ina Wroldsen og Hkeem stod på scena utanfor hovudinngangen og spelte for over 1100 studentar, tilsette og tidlegare studentar.

– Det var ein pangstart. 2018 var jo eit svært hendingsrikt år for NIH. Vi hadde 50-årsjubileum, jubileumsbok, mange faglege arrangement, kronprinsen på besøk og ein festival folk framleis snakkar om, seier Lars Tore.

Opninga av ein rehabilitert symjehall var også eit stort høgdepunkt i starten av rektor-perioden.

– Det var heilt fantastisk og veldig etterlengta å opne heile dette bygget vi sit i nå. Det hadde vore ein lang og krevjande periode under ombygging med mykje støy og utfordringar, mellom anna med å gjennomføre aktivitetsundervisning.

Lars Tore Ronglan, avtroppande rektor

rehabilitering NIH
Både for studentar og tilsette var perioden med rehabilitering svært utfordrande, med støy og lite tilgang til aktivitetsrom. Foto: Jarle Stokland.

Kva har vore mest utfordrande?

Men det skulle ikkje vere den einaste gongen gjennom perioden at undervisning skulle bli krevjande å gjennomføre.

Når dei to får spørsmål om kva som har vore mest utfordrande å handtere som rektorat, går tankane lett til pandemi-åra.

– Informasjonsbehovet var umetteleg. Alle ynskte å vite meir enn det vi visste, og vi måtte ta mange avgjerder utan å vite kor lenge situasjonen ville vare. Det var nokdet vanskelegaste å handtere, seier Lars Tore.

Leiinga måtte ta raske avgjerder om korleis ein skulle gjennomføre undervisning. Kva skulle bli stoppa, og kva kunne ein gjere digitalt.

Dei rosar undervisarane for korleis dei stod på og gjorde sitt beste.

– Dei var veldig tilpassingsdyktige. Dei var på tilbodssida og prøvde å få til best mogleg undervisning innanfor rammene, som endra seg stadig vekk. Det blei til og med undervist i digital symjing. Det seier litt om kor kreative vi måtte vere.

Elin Kolle, avtroppande prorektor

Elin og Lars Tore diskuterer utanfor kantina
NIH har blitt ein styrka institusjon på mange måtar dei siste åra, meiner det avtroppande rektoratet. Styrka innsats på innovasjon, internasjonalisering og eksternfinansiert forsking er nokre av områda dei meiner NIH har tatt store steg på sidan dei tok til i 2017. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. 

Også fordelar med korona-pandemien

I etterkant ser dei at det har kome fordelar ut av det digitale tilvêret som oppstod desse åra.

Digitale møter har blitt vanleg, noko som for rektoratet har ført til at dagsreiser på møter innanlands nærmast har blitt borte.

Men ikkje minst er ei av dei største skilnadane frå 2017 til 2025, den store framveksten av digitale studiar.

– Pandemien gav verkeleg eit push for å utvikle undervisninga, både meir variert og meir digital. Digital undervisning var ikkje på agendaen i det heile tatt i 2017. Nå er det ein naturleg del av kvardagen.

Elin Kolle

Den digitale utviklinga har også vore med på utviklinga av studieporteføljen og auka talet på studentar.

I tillegg blei bachelorgrad-løpet revidert tidleg i perioden deira. Det har ført til at NIHs studietilbodet har blitt breiare, meiner dei to.

– Vi har fått mange fleire løp og fleire typar studiar, både årsstudiar og mastergradar. Eg vil seie at vi treff breiare, i tillegg til at vi har ein kontinuitet i kva NIH driv med og kva som er fagområdet vårt. Det er kanskje ikkje slik at me driv med så mykje meir, men meir at vi går meir i djubda på ulike måtar, trekk Lars Tore fram og legg til:

– Vi har framleis den breie tilnærminga til menneske i bevegelse. Det er ganske unikt for NIH eigentleg. Slik var det i 2017 og slik er det også i dag, slik eg ser det.

Langt meir engasjerte studentar

Begge trekk samarbeidet med studentane som noko av det beste med jobben som rektorat.

Dei meiner det har skjedd noko med studentengasjementet dei siste åra.

– NIH har alltid vore kjent for å ha eit godt miljø. Slik var det i 2017 og slik er det framleis, men tendensen er at dei har blitt meir faglege engasjerte, og bryr seg om langt meir enn tilbodet i kantina og på treningssenteret, seier Kolle og legg til:

– Dei har blitt mykje meir involvert på eit høgare nivå enn dei var da me starta i 2017. Eg tenkjer på studentstyret og den involveringa dei har hatt. Dei tar sin plass og har fått sin plass.

studentar på scena under innovasjonsdagen
Kolle og Ronglan meiner det stadig har kome meir initiativ og engasjement utover i rektor-perioden deira. Dei meiner samarbeidet med studentstyret har vore svært godt og er glad for framveksten av studentforeningar og verksemder som Start NIH. Her frå innovasjonsdagen som studentane sjølv arrangerte i 2025. Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø. 

Lars Tore nikkar.

– Eg er heilt einig. Dei medverkar på ein heilt annan måte nå, og i organa dei sit i. Dei sit i studieutvalet, i tilsetjingsutvalet og er mykje meir delaktige. Det har også vore større vilje til å trekke studentane inn i prosessar for å utvikle utdanninga. Det er gull verdt.

Glad for at det ikkje har blitt splid

Når ferien er over går dei begge over i nye roller, med langt betre tid til forsking. Noko dei begge ser fram til.

Det gjer dei i vissheit om at dei gir NIH-roret vidare til ein 57-årig institusjon som står seg godt.

– NIH er framleis ein veldig bra institusjon, og på mange måtar også ein betre institusjon. Det er ikkje fyrst og fremst på grunn av det vi har gjort, men vi har vore med på ei utvikling som har vore bra for institusjonen.

Rundt i universitet- og høgskulesektoren blir tilsette sagt opp og studieprogram blir lagt ned, minner dei oss på.

– Vi står på ein bra stad, og det etter ein periode som har vore ganske krevjande når det gjeld rammer for heile sektoren. Vi har måtte ta vanskelege avgjerder, som eigentleg ingen ynskjer, men som var nødvendige for å få budsjettet i balanse. Vi har kome oss gjennom på ein god måte, utan at det har blitt splid og utriveleg kamp om ressursar. Vi kan vere stolte over det vi har klart som institusjon, slår Lars Tore fast.

Lars Tore og Elin i gangen utanfor kantina på NIH
Dei fortel begge at dei har trivst godt i rollene som rektor og prorektor, trass i mange store utfordringar. 


 

Gode råd til nytt rektorat

Når tilsette og studentar strøymer til NIH i august, blir vi møtt av eit nytt rektorat under immatrikuleringa 12.august

Ronglan har gode råd på vegen, til det nye rektoratet, rektor Aage Radmann og prorektor Live Luteberget.

– Senk skuldrane og pust med magen. Det kjem til å gå bra. Utfordringa med å finne balansen med å arbeide for NIH utanfor institusjonen og vere synleg for dei tilsette er viktig, seier han og legg til:

– Hugs at rektorkappa er ganske så varm, så det lønner seg å ikkje ha for mykje på seg under kappa, avsluttar han glisande.

Publisert 8. juli 2025 09:15